lørdag 24. juni 2017

Staseleg overliv i fløyel



Dette staselege handsydde overlivet frå Uggdal kan ha vore eit brureliv. Eigar nummer to skulle vera fødd i 1841. Det er kvara med to cm brei gul/rosa krokakvaring (ull innslag, lin i renning). Vevde sølvband på 2,5 cm langs armhol, hals, skuldrar og framkantar, samt midtstolpe og to rette boger på ryggen. Valk i livet (som stakken skulle hengja på), den er kledd med bomullslerret. Rund hals (i motsetnad til firkanta som var vanleg). Fôr av ubleika linlerret. Ryggen er 39 cm brei og 33 cm høg, høgde på framkantar er 23,5 cm og skulder måler 11 cm. Det har vore seks maljer (sølvmaljer med andlet) på kvar side framme, no står til saman berre fem att. Ei hekte i livet. Snitt og dekor på dette overlivet peiker attende mot 1700-talet. Sølvband var uniformseffektar og teikningar i ryggen er prega av renessansen! 


fredag 16. juni 2017

Halvskjorte


Halvskjorte i bomull dekorert med kvitsaum. Halvskjorta er handsydd og sett saman av eit langt rektangulært stykke på 106 x 12 cm (skøytt fleire stader) og to framstykke på 28 x 18 cm. Skjorta er striperynka i halsen. Kragen på 31,5 x 6 cm er utsauma med kvitsaum. Mønster er Andreaskors og heile og halve 8-bladsroser,  taggar øverst. 2 cm horisontale knapphol på kragen. Det er ikkje dekor i fronten, det var heller ikkje vanleg på gamle Tysnes-skjorter. Smal fald rundt heile skjorta. Halvskjorta vart brukt under ermetrøye eller laskatrøye og vart ofte kalla lygar, fordi det såg ut som ein hadde på seg ei heil skjorte!  

søndag 11. juni 2017

Laskatrøye



Handsydd, fint sauma laskatrøye av tynt svart ullstoff/klede. Spilesaum på dei to laskane (kilane) nede på kvar side av ryggstykket. Trøya er kvarda (kanta) med tre cm breitt svart silkeband med roser og er boga nede. Fôret av tynt, glansa ubleika lerret er staffert fint til nede. Lukka med tre hekter i livet. Trøya måler 70 cm midt bak og 61 cm framme til halssplitt. Armlengde er 59,5 cm og laskane er 31,5 cm lange. Ryggen er 36,5 cm brei, men berre 9 cm på det smalaste i livet, der laskane startar. Trøya kan verka skreddarsydd, ho er ikkje skøytt nokon plass eller omsydd, men står fram som ein heilskap. Trøye verkar lite brukt og er fint bevart. Laskatrøya var ikkje eit ytterplagg, til det var gjerne brukt storsjal. Siste eigar av laskatrøya døydde barnlaus i 1970-åra.






Halvskjorte



Halvskjorta vart brukt under ermetrøye eller laskatrøye og vart ofte kalla lygar, fordi det såg ut som ein hadde på seg ei heil skjorte! Ein kan gjerne samanlikna det med skjortebrysta som mennene hadde. Denne halvskjorta er sett saman av eit langt rektangulært stykke på 91 x 15,5 cm og to framstykke på 22 x 14,5 cm. Skjorta er striperynka i halsen. Krage på 33 x 5 cm dekorert med kvitsaum. Motiv er samanhengande Andreaskors og heile og halve 8-bladsroser, taggar øverst på kragen. To cm horisontale knapphol på kragen. Det er ikkje dekor i fronten, det var heller ikkje vanleg på gamle Tysnes-skjorter. Smal fald rundt heile skjorta.






mandag 5. juni 2017

Overliv med sølvkniplingar


Dette spesielle overlivet er handsydd. Er usikker på stoffet, det kan evt vera bomullsstoff. Mønsteret er lilla roser og grøne blad i stripeeffekt på mørk bakgrunn. Overlivet er kvara med rosa/kvitstripete bomullsband med raude og grøne roser, samt gullkniplingar langs armhol, hals og framkantar og på skuldrene, Merk at kniplingane ikkje går heilt saman under armane på desse gamle overliva. Fôr av enkelt ubleika lerret. Dette overlivet er berre eit av mange døme på det fantastiske mangaldet det var i dei gamle folkedraktene!


Barneoverliv frå 1830 åra


Nydeleg barneliv, fint utført med handsaum. Fyrste kjende eigar var fødd 1822 og døydde i 1898. Livet har gått i arv i fire generasjonar, men har ikkje vore brukt etter 1900. Det er godt bevart. Informant (oldebarn) var fødd i 1917.
Overlivet er laga av silkebrokade med små brosjerte grøne og grå roser (fransk silke?).
Langs armhol, hals og framkantar er det to cm grøne silkekvaringar med sølvkniplingar innanfor, unnateke under armane. Sølvknipling også på skuldrene. Det raudrosa lerretsfôret er bretta over til vranga slik at det dannar seg ein liten kant eller valk i livet. Framme er det merke etter maljer/ringar, hekte/malje i livet. Ryggen er 34 cm høg og 39 cm brei, framkanten måler 24 cm. Skulder er 13 cm brei.