lørdag 30. januar 2021

Grønt koneliv med fôr


Klassisk grønt koneliv kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og kvite perletaggar innanfor. Band og perler går ikkje heilt saman under ermane, dette var også vanleg på eldre overliv enn dette. Fôret er lagt fint til for hand, og altså ikkje vrangsydd slik ein gjerne ville tenkt i dag. Nede er liv og fôr kasta saman, på tilsvarande overliv i ullstoff er det gjerne sydd på ein liten kant. Overlivet blir lukka med tre par hekter/maljer i livet. Som dei fleste andre eldre overliv er dette i liten storleik: Livvidde 64 cm, høgde midt bak 38 cm, skulderbreidde 11,5 cm, høgde i sida 20 cm og høgde framme til snipp 23 cm. Ryggen smalnar inn nede til 10 cm. 











 

lørdag 16. januar 2021

Grønt overliv utan fôr


Grønt koneliv i kraftig ullstoff, utan fôr. Kanta med vevde band med kvite perletaggar innanfor (unnateke ca 3 cm under ermane og 6 cm framme). Overlivet er skona på vranga med rutete, tynt bomullsstoff 4 cm breitt framme, og brunt bomullsstoff 2 cm breitt rundt halsen. Vidde i livet er 71 cm, rygghøgde 39 cm, skulderbreidde 11 cm, høgde i sida 19 cm og høgde framme til snipp er 30 cm. Ryggen smalnar inn nede til 7 cm i livet. Det verkar som slike liv i tjukt ullstoff/vadmål er utan fôr. Saumane er som her ofte lagt fint inntil og kasta over. Maskinsydd kant nede. Bandet er grindvove i raudt ullgarn, omlag 3 cm breitt med blå romber og grøne Andreas-kors. Blå og grøne striper på sidene og kvit kant. Ein rapport er omlag 3 cm. Sjå liknande vove band i forrige innlegg.











 

søndag 10. januar 2021

Grindvove band

 


Grindvove band i raudt og blått ullgarn. Motivet er innramma av blå striper på sidene, og med ein kvit bomullskant på eine sida. Motiv er romber og Andreaskors. Ein rapport er omlag 3,5cm lang. Heile bandet måler 3,9 x 190 cm. Det kan ha vore tenkt til kanting av overliv eller kanskje også til stakkalinning?

Bandet sett frå retta

Bandet sett frå vranga
   



fredag 1. januar 2021

Nydeleg liten bringeklut med hjartemotiv


Nydeleg enkel liten bringeklut som truleg høyrer til den gamle draktskikken med korte overliv. Øverst ein kant av tre cm blå silke, dekka med ein vifteforma gullknipling. Midtfelt av raud ullbrokade 13 x 19/20 cm. Perlebrodert hjarta av gull, blå og blanke stråperler, samt kvite og blå småperler i ulike nyansar. Tre stjerner og små blå rosettar inni hjarta. Ytterst eit metallband. Rosa/lysstripete sidefelt. Baksidestoffet er i same stoff som sidefelta, det er skøytt nederst. Alt er handsydd. Bringekluten måler 29 x 21,5 cm.