torsdag 15. desember 2022

Gul bringeklut



Denne uvanlege bringekluten består av to gule silkebitar, kanta med ein raud silkekvaring oppe. Det kan verka som det er brodert med plattsaum (i fargane rosa, blått, grønt, lilla, brunt) - eller det er brukt bitar av eit stoff med ferdig broderi? Den loddrette skøyten kan tyda på det. Men det var ikkje uvanleg med broderi som skulle likna brosjert silke! Silke var ein dyr og importert tekstil og småbitar av stoffet vart godt nytta. Det gule stoffet er sydd til eit bakstykke av lerretsvevd bomull/linstoff som er falda langs kanten på framsida. Bringekluten har eldre preg, og peiker bakover mot 1700-talet. Alt er sydd for hand. Eigar: Universitetsmuseet i Bergen.

torsdag 8. desember 2022

Med perlenett forma som ei stjerne

 


På denne bringekluten dannar perlenettet ei stor åttebladstjerne av kvite, blå og oker perler. Det er perla frå midten og utover. Rundt perlenettet er det sydd på små stjerner av kvite, blå, oker og grøne perler. Ser ein nærare etter er det raude feltet sett saman av to ulike ullstoff, og skøytt både horisontalt og på sida. Øvst ein fløyelskvarde på to cm. Vifteforma sølvknipling tre cm brei øvst på det raude feltet som er 18 cm høgt og 13,5/12 cm breitt.  Dei rutete sidefelta går over i ein kant på bakstkykket som er av ubleika bomull eller lin. Bokstavane OTDG sydde med kvite perler. Bringekluten er montert for hand og er 25 cm høg og 25/23 cm brei. 



mandag 28. november 2022

Bringeklut med klassisk perlenett

 


Bringeklut med tradisjonelt perlenett, men litt uvanleg montering med maskin som også kan vera gjort i nyare tid. Perlenettet, som er 16 cm høgt og 18,5 cm breitt består av kvite, grøne og oker perler, montert på raudt ullstoff. Motiv er romber med Andreaskors inni. Øvst ein svart kvarde av fløyelsband med blomemotiv. Sidefelt av raudrutete bomullsstoff. Baksidestoff av ubleika lerret (kypert). Bringekluten er 29,5 cm høg og 28 cm brei.







onsdag 23. november 2022

Smalt belte av stråperler



Beltet er oversydd med perler på stramei. Gjentakande rapportar på omlag 9,5 cm av kvite Andeaskors av småperler og greske kors av "mjølkekvite" stråperler. Så er det fylt ut med blå stråperler, samt gyldne, raude, grøne og svarte perler. Beltet måler 71 x 3,7 cm. Bakstykke av kvitt linstoff. Beltet er lukka med to par hekter og maljer. Høyrer truleg til seinare bunadsbruk eller "nasjonalen".  







mandag 31. oktober 2022

Overliv med grindvovne blå band

 

Fint bevart overliv med grindvovne band.

Dette overlivet i raudt kypertvove ullstoff har også grindvovne band, men her er hovudfargen blå, dette er mønster og fargar som går att på fleire liknande overliv. Tilbaketrekte side- og skuldersaumar, desse er sydde med maskin og bretta til begge sider og kasta ned for hand. Banda er i blått, raudt, grønblått, lakserosa og svart ullgarn, med "kross og kringle" mønster i raudt. Banda er sydd på med maskin. Overlivet er utan fôr, dette er typisk for denne type overliv. Skoning framme av beige/brunt bomullsstoff, samt ein brunleg, flanelliknande skoning rundt halsen. Ei fin kanting, eller skoning av mønstrete stoff rundt armhola, dette er uvanleg. Smal kant av rutete bomullsstoff nedst. Mål: Ryggbreidde 30 cm (under armane) og berre 6,5 cm i livet. Rygghøgde 39,5 cm, høgde framme til snipp 30 cm, skulderbreidde 9,5 cm, høgde i sida 20 cm og livvidde 70 cm. Overlivet er lukka med tre par halvstore hekter.

Ryggen smalnar inn i livet.


På vranga: Saumane er fint kasta over.


Skoning rundt armhola er ikkje vanleg.


Detalj av dei grindvovne banda.






Overliv med sjeldne grindvovne band



Dette overlivet i kypertvove ullstoff har smal rygg (breidde 30 cm under armane og berre 9,5 cm i livet). Side- og skuldersaumar er trekt bakover, maskinsydde og bretta til begge sider, men ikkje kasta over. Grindvovne band i blått, raudt, grønt og lakserosa på svart botn, sydd på for hand. Banda har "kross og kringle" mønster (eller rombe og Anreaskors). Framme er banda skøytt på med fem cm lange fløyelsband. Under armane er det eit 10,5 cm langt stykke av svart fløyel, det var vanleg å skøyta på banda slik. Denne type overliv er som oftast utan fôr, dette livet har berre ein fin skoning framme og rundt halsen av beige/brunt bomullsstoff med blomemønster. Kvite smale kroklisser innanfor bandet, fint avrunda der banda sluttar. Smal kant eller liten valk av ubleika stoff nede. Andre mål: Rygghøgde 38,5 cm, høgde framme til snipp 33 cm, skulderbreidde 11cm, høgde i sida 19 cm, livvidde 69 cm. Overlivet er lukka med tre par halvstore hekter.

Skoning framme og rundt halsen.


Overlivet bakfrå.


Detalj av banda.


Fint på vranga også!









mandag 10. oktober 2022

Forkle brukt til kjolemote

 


Forkle av svart silke, maskinsydd. Forkledet er 37 cm breitt øvst og 67 cm breitt nedst. Høgde  65 cm. Midtfeltet er 17 cm breitt øvst og 29 cm breitt nedst, med ein horisontal rad dekor av svart blonde og brunleg blondeband med "duskar" av raudt, grønt og lilla. Svart blonde som kant nedst. Det kan ha vore knyteband i livet. -  Slike forklede var vanleg siste 10-åra av 1800-talet. På Tysnes kunne dei bli brukt til kjole eller liv og stakk, gjerne med Tysneshuve og ei lita sølje i bringa. Forkleda var ofte importerte (kom m.a. med sjøfolk). Forkleda fekk no skråbreidder, på same måte som kjolemoten. Tidlegare var forkleda rektangulære stykke, der vidda vart teken inn i livet med rynker og linning, eller løpegang og snor (eldst). 




torsdag 22. september 2022

Liv i overgang

 


Overliv i raudt ullstoff/vadmål, med tilbaketrekte sidesaumar og kanta med svarte fløyelsband med rosemønster i orange, grønt og blått, metall sikksakk-band innanfor. Under armane og framme nede er det berre svart fløyel, dette var vanleg. Blårutete kant og kvit linvalk nede. Fôr av kvitt lin- eller bomullsslerret. Merke etter 4 hekter/maljer i livet.  Dette verkar som eit liv i overgang: Valken er blitt mindre og den er blitt sydd litt opp på det raude stoffet. Sidesaumane er trekt bakover, som tok til å bli vanleg frå 1870-åra. Ryggbreidde er 36 cm, men berre 10 cm i livet. Rygghøgde 34 cm. 







lørdag 27. august 2022

Liten hjartebringeklut

 


Bringekluten har eit perla hjarte på raudt ullstoff 11 x 11 cm. Gull, kvite og blå stråperler, samt kvite perler. Åttebladsrose og greske kors i midten. Blomstrete sidefelt, lyst med blå blomar, same stoff i bakstykket. Bringekluten er 24 cm brei og 20 cm høg og har maskinsydd montering. Verkar velbrukt, kanskje kan perlehjarta vera eldre enn resten av bringekluten, men montert på nytt?



søndag 14. august 2022

Overliv - nasjonalliv

 


Overliv - nasjonalliv, men også med lokalt preg. Raudt, kypertvove ullstoff. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og metallband innanfor. Metallbanda går ikkje heilt saman under armane, dette var vanleg. Tilbaketrekte sidesaumar. Overlivet er maskinsydd, også fløyelsbanda er sydde på med maskin. Saumane er delte og kasta overfor hand. Liten raud/rosa kant nede av bomullsstoff. Fôr av lyst bomullsstoff, kypertvove med trykt mønster. Lukka med to par hekter og maljer. Vidde rundt livet er 68 cm. Ni krokar nedst på livet til å hekta på stakkenSekundært truleg brukt som jenteliv då det er sydd inn med eit omlag to cm legg i kvar side.





onsdag 3. august 2022

Overliv med vovne band og skoningar


Raudt overliv i kypertvove ullstoff med grindvovne ullband i blått, raudt, svart og blågrønt. Under ermane er det berre eit blått, smalt band, dette var vanleg, om det var mote eller for å spara på dei vovne banda er uvisst. Sidesaumane som er trekte bakover, er maskinsydde, lagt til ei side og sydd ned med kastesting. Falden nede er handsydd på same måte. Overlivet er ikkje fôra, to slag stripete skoningar er fint sydde til langs hals og framkantar. Merke etter hekter/maljer. Ikkje merke etter valk nede. Ryggen er 37 cm høg og 42 cm brei, 13 cm i livet. Overlivet høyrer til siste del av folkedraktperioden.


To ulike stripete skoningar


Ryggen smalnar inn i livet


Grindvovne band

søndag 10. juli 2022

Bringeklut med stilisert bord

 

Brodert bord i korssting med tynn ulltråd på stramei. Lysgrøn botn med innslag av raudt, blått og gult. Perlebrodert motiv, symmetrisk og stilisert rosemønster med m.a. raude, kvite, blå og svarte perler. Blå perlerad øvst og kvit, tagga perlerad ca. ein cm innpå det svarte midtfeltet i ullstoff. Raud- og kvitmønstrete sidefelt i bomullsstoff. Bakside av brunleg ullstoff med litt striper, dette stoffet viser også på sidene framme. Alt er handsydd. - I den flotte boka om "Bringekluten" av Heidi Fossnes finn du betre foto av denne bringekluten som tilhøyrer Universitetsmuseet i Bergen.





mandag 30. mai 2022

Bringeklut frå 1882


Bringekluten har korsstingsbord på stramei med grøn botn der gotiske bokstavar og årstalet 1882 er brodert inn med raudt på grøn botn. Broderiet er omkransa av små felt i gult, raudt, grønt og blått, kroklisse nedst. Svart fløyelsband med rosemønster øvst. Svart felt, truleg av fløyel i midten. Sidefelt i raud bomull med stort mønstertrykk i svart og kvitt. På sidene viser ein kant av det kvite baksidestoffet. Bringekluten er montert for hand. Me veit at denne bringekluten er frå 1882, sjølv om det stormønstra stoffet kanskje kan peika bakover i tid. 



 

søndag 15. mai 2022


Velkommen til utstillingsopning «Tidemand i miniatyr – Dokker i Folkedrakt etter Adolph Tidemann sine draktstudier» 

LES MEIR HER  Utstillingsopning med føredrag – «Tidemand i miniatyr»




tirsdag 3. mai 2022

Enkel liten bringeklut

 



Enkel, liten bringeklut. med perledekor: Gyldne stråperler, kvite og oker perler er montert på ein halv oval av grønt ullstoff (17 brei og 13 cm høg), festa til baksidestoffet med leggsaum med raud ulltråd og lingarn. Motiv er tre greske kors og fire stjerner/kors, samt kvite små perla kors. Motiva er ruta opp med metalltråd. Øvst ein kvarde av raudrosa silkeband og metalltråd. Perlene er sydd gjennom til baksidestoffet som er av  blått/lyst stripete linstoff, falda med lintråd.  Kvit  linkant øvst.  Alt er sydd for hand. Breidde 25 cm, høgde 20,5 cm.








søndag 17. april 2022

Perlebroderte selar


Desse selane er heilt overbroderte med perler. Det er truleg brodert på linstoff. Gjentakande rose- og bladmønster av grå, kvite, gule, lilla, grøne og blå perler. Botnen er fylt ut med burgunder perler. Raude og olivengrøne snorer er sydde i krossmønster på endestykka. Bakstykkestoff av ubleika lin, i endane ser det ut til å vera bomullsstoff. Tre cm lange knapphol på dei spisse endestykka. Selane er montert for hand og er 5,5 cm breie og 90 cm lange, medrekna  omlag  9 og 10 cm lange endestykke. Den gamle symbolbruken er borte og erstatta med nye former og mønster, med nytt innhald.







torsdag 7. april 2022

Barnebringeklut?

 

Liten bringeklut med perlenett montert på raudt stoff, truleg lin. Motiv er ei stor åttebladstjerne og romber av kvite, grøne, blå og oker perler. Kvite perletaggar rammar inn perlenettet. Øvst ein svart fløyelskvarde. Bakstykke av grovvevd ubleika bomullsstoff. Bringekluten er 15 cm høg og 17cm brei og er montert for hand.

torsdag 24. mars 2022

Bord til bringeklut med bokstavar

 


Dette er broderi til ein bringeklut som aldri kom i bruk! Det er sydd med tynt ullgarn på stramei med korssting og perler. Raude korssting i botnen, blått og grønt garn inni motiva. Tre perla og sydde "kruner" med kvite, svarte, gjennomskinlege og "gull" perler. Små rosettar med gjennomskinlege og raude perler rundt "krunene". Bokstavane MODH er brodert med rosa garn. Broderiet er 6,5 cm høgt, er umontert og utan bakstykke.



søndag 13. mars 2022

Grønt overliv med grindvovne band

Grønt overliv i kraftig kypertvove ullstoff, kanta med tre cm breie grindvovne raude band med blå hjarterosettar (kløver). Banda går ikkje heilt ned midt foran, og det manglar fire cm band under ermane, dette var vanleg. Hekte/malje der banda sluttar framme. Valk i livet, omlag fem cm i omkrins. Overlivet er utan fôr, men med skoningar av stripete bomullsstoff rundt halsen og framme. Side- og skuldersaumar er maskinsydde og bretta til sides. Ryggen skrår inn til berre 14 cm i livet. Andre mål: Vidde i livet 77 cm, høgde midt framme 35 cm, høgde i sida 22 cm, rygghøgde 40 cm og skulderbreidde 13 cm.  Overlivet høyrer til den siste epoken med folkedrakter.







 



tirsdag 1. mars 2022

Klassisk bringeklut med bord

 



Bringekluten har eit brodert felt på stramei 6,5 x 16,5 cm med korssting i ullgarn, samt perler. Motiv er romber/greske kors, samt små kors, omkransa av ymse perlerader. Kvite, gjennom-skinlege, brunlege, svarte og blå perler, i kombinasjon med raudt og gult garn, grønt i botn. Kvaring av to cm raudt stoff øvst. Svart felt av brokadestoff 14,5 x 16,5 cm. Sidefelt med mønster som peiker bakover i tid. Bakstykkestoff av stripete bomullsstoff. Ytre mål  er 23 x 26 cm. Klassisk lang bringeklut med bord, brukt til seinare overliv. Avstiva med papp og truleg montert for hand.



fredag 18. februar 2022

Velbrukt Tysneshuve - konehuve



Velbrukt Tysneshuve - konehuve av svart ullstoff. Huva  består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde midt bak er 34,5 cm, høgde midt bak 32 cm. Ullstoff og fôr av ubleika lerret er sydd saman med maskin, slik at sårkantar ligg opne inne i hua. Skoning av grovt svart ullstoff framme, sydd på med maskin. To cm brei silkekant framme. Smal svart kant rundt halsopninga med knyteband bak. Kvit list rundt andletsopninga manglar, likeins svart silkeband til å knyta rundt huva. Dette er ei Tysneshuve frå slutten av 1800-talet, jamfør maskinsaumen og storleik på huva.