fredag 18. februar 2022

Velbrukt Tysneshuve - konehuve



Velbrukt Tysneshuve - konehuve av svart ullstoff. Huva  består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde midt bak er 34,5 cm, høgde midt bak 32 cm. Ullstoff og fôr av ubleika lerret er sydd saman med maskin, slik at sårkantar ligg opne inne i hua. Skoning av grovt svart ullstoff framme, sydd på med maskin. To cm brei silkekant framme. Smal svart kant rundt halsopninga med knyteband bak. Kvit list rundt andletsopninga manglar, likeins svart silkeband til å knyta rundt huva. Dette er ei Tysneshuve frå slutten av 1800-talet, jamfør maskinsaumen og storleik på huva.



mandag 7. februar 2022

Overliv med liten valk og taggerad av perler


Klassisk overliv i grønt ullstoff frå siste del av folkedraktperioden på Tysnes, kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, samt ei rad med lyse perler innanfor, unnateke 6-7 cm under armane der det berre er eit smalt roseband. Overlivet er sydd for hand. Stoff og fôr av ubleika lerret er kasta saman og festa til den smale valken rundt livet (som er av lin eller strie) med grove kastesting. Overlivet har smal rygg, berre 9 cm brei i livet. Elles er vidde rundt livet 64 cm, høgde midt bak 38 cm, skulderbreidde 12 cm, høgde midt framme 32 cm og høgde i sida er 18 cm. Framme er det tre par ringar og fire hekter/maljer. To innsnitt framme på 5,5cm x 3/4 cm sydde med maskin, desse kan vera laga seinare.





lørdag 5. februar 2022

Med sidefelt og bakstykke i same stoff



Bringekluten har perlebroderi på raudt vadmål: Blå, kvite og gull stråperler, samt småperler som dannar ein stor Andreaskross i midten og fleire åttebladsroser. Metallknipling med viftemotiv og svart fløyelsband med rosemønster øvst, dette ser ein på mange bringeklutar. Sidefelt i blått stoff med kvitt rutemønster, same stoff som bakstykket. Dette er ein nyare monteringsmåte. Truleg montert med maskin og kan henda er bringekluten montert på nytt.