søndag 1. september 2019

Grøn bringeklut med mønsterbord oppe



Klassisk bringeklut frå Tysnes med forseggjort mønsterbord oppe: Det er sydd med raude korsstyng på stramei med tre åtte-bladsroser i blått garn, samt to romber av blanke og svarte perler. Det er også perler inni åtte-bladsrosene. Perleradar i zic-zac omkransar broderiet, samt eit tre cm breitt svart silkeband med rosemotiv øverst. Bringekluten måler ca 30 x 30 cm og er montert for hand. Stripete sidefelt. Det gule fôret viser på framsida. Heile bringekluten har innlegg av stivt stoff. Den innsvinga formen kan tyda på bruk frå rundt 1890 åra.😊





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar