lørdag 13. mars 2021

Bringeklut med hardangersaum


Denne nydelege bringekluten er verd ein nærare studie: Høg bord i raudt, blått, grønt og oker/orange ullgarn brodert på lin, som også viser som ein del av broderiet. Borda måler 12,5 x 8 cm. Teknikk: Hardangersaum, klostersaum og korssting. Motiv er romber, greske kors og Andreaskors. Dette liknar på borda som blir kalla kross og kringle i Setesdal (XOX). Rad med små kors rammar inn broderiet over og under. Grønt ullstoff 13/15 x 11 cm nedanfor broderiet. Småblomstra sidefelt, lyst på sidene og med lilla botnfarge under det grøne feltet. Brunt baksidestoff med kvitt innslag, forsterka med eit bomullsstoff med små blå blomar. Ytre mål er 30/32 x 25 cm. Montert for hand. Midtpartiet er stiva opp med papir. Dette er ein brei bringeklut frå den gamle draktskikken med korte overliv.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar