søndag 7. mars 2021

Korsstingsbrodert bringeklut


Broderiet er sydd på linstoff med tynt ullgarn i fargane ubleika, raudt, grønt, blått, lilla, gult og litt svart. I kvart hjørne er det spegelvende irmensol-symbol som dannar fire hjarte, til saman blir det ein rosett med ei raud åttebladsrose i midten, som strekkjer seg ut til fire hjørner. Små svarte og gule åttebladsroser piffar opp broderiet. Svart fløyel og påsydd rad med kvite perletaggar øvst. Broderiet måler ca 15 x 15 cm, ytre mål er breidde 26 og høgde 24 cm. Rosamønstrete sidefelt av bomullsstoff. Baksidestoff av sikk-sakk mønstrete flanell, skøytt midt på. Alt verkar montert for hand. - Spesiell bringeklut med broderi på lin, dette tyder på at den kan vera frå før ca 1870, då strameien kom. Eller kanskje er det brukt linstoff som ein har hatt liggjande. Men den firkanta formen tyder på at bringekluten er brukt til kort overliv med brei rygg. Bringekluten er stiva opp, truleg med papir, kanskje det ligg ei avisside inni - eller eit kjærleiksbrev?






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar