tirsdag 14. juni 2022

Bringeklut i raudfargar

 


Tettsauma bord på stramei (4 x 16,5 cm) med romber som dannar rutemønster av blått, raudt, grønt, gult og svart garn. Det er brodert med lyneldsting, også kalla gobelinsting. Vanlegvis er stinga brodert vertikalt, men her er det sydd bortover. Øvst ei raud bord av klostersaum med sikksakk-mønster, deretter ei raud snodd snor og eit 0,7 cm breitt sølvband under. Aller øvst blå løkkjer der strameien viser inni. Det mørkeblå ullfeltet måler 16 x 16 cm. Sidefelt av ulike raud- og svartmønstrete stoff. Bakside av kvit- og blåstripete kraftig bomullsstoff. Bringekluten kan vera montert med maskin. Breidde 29 cm, høgde 28,5 cm. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar