Klutatrøye i rosa bomullsstoff med lite blomemønster, slikt stoff kan ein finna restar av på bringeklutar. Trøya har smal rygg, 9 cm i livet. Halslist av same stoff (ikkje skråklipt) 1,75 cm høg. Eit to cm breitt felt med rynker på ermetoppen. Ermet er også rynka til ein mansjett av fløyelsband med blomemønster, 18,5 x 2,2 cm, med splitt 6 cm. Innsnitt på kvar side framme, 12 x 1 cm. Trøya er heilfôra med ubleika bomullslerret. Lukka med 7 knappar/knapphol, mansjettar med hekte/malje. Mål: Høgde rygg 35 cm, livvidde 65 cm, høgde framme 33 cm, høgde i sida 21 cm, skulderlengde 10,5 cm, lengde arm ca 50/45 cm, vidde arm ca. 40/38 cm. 1 cm kant i livet. Klutatrøyer kan vera delvis sydd med maskin, men denne trøya er heilt handsydd. Klutatrøyer vart brukt frå slutten av 1800-talet, inni overliv av ull/vadmål.
Folkedraktplagg frå Tysnes i Sunnhordland
søndag 28. desember 2025
lørdag 20. desember 2025
"Julete" bringeklut!
søndag 14. desember 2025
Bringeklut med perlebroderte bokstavar
Bringekluten har ei grøn bord i leggjesaum/korsting på 6 x 15 cm, sydd på stramei. Perledekor med blad/blomar og raud og kvit perlerad, sikksakk-rad av gyldne perler. Perlebroderte, gyldne bokstavar MODS. Kvarde av 1 cm svart fløyelsband med rosemønster. Svart midtfelt av klede 13,5 x 15 cm. Sidefelt i raudt/svart stormønstrete stoff som kan vera eldre enn bringekluten, samt rosamønstrete og stripete bomullsstoff. Sidefelta viser også på baksida. Baksidestoffet av flanell med brunt mønster, skøytt horisontalt, finn ein att på fleire bringeklutar på Tysnes. Alt er montert for hand. Mål: Høgde 23,5 cm, breidde 27 cm. Bringekluten kan i si tid ha kome frå Jondal, men har truleg vore på Onarheim frå 1920-åra.
søndag 7. desember 2025
Halvskjorte med kvitsaum og hardangerbroderi
Halvskjorte vart brukt inni ermetrøye eller laskatrøye. Det spesielle med denne halvskjorta er at det er kombinert kvitsaum og hardangersaum i broderiet. Halvskjorta kan også ha vore brukt til hardangerbunad eller ein lokal variant av den. Sydd på tett linstoff og svært fint utført, alt med handsaum. Grovare lin bak på halslinninga. Framstykket (37 x 30 cm) og det rektangulære halsstykket (13 x 119 cm) er sydd saman med attersting til fransk saum. Smal fald rundt der det ikkje er jare. Hardangersaum i sikksakkmønster, kvitsaum og holfald langs den 17 cm lange splitten midt framme. Halsstykket er striperynka med 3-4 trådar til halslinninga (6,5 x 33 cm), som har kvitsaum med ruter på kant med åttebladroser inni, omkransa av vestmannarenning og Andreaskors av hardangersaum, taggar øvst. Rader med primhol, sikksakkmønster og attersting. To knapphol 16-18 mm i halslinninga.
lørdag 29. november 2025
Mansjettar med kvitsaumbroderi
Mansjettane har kvitsaumbroderi med tynn lintråd på tett linstoff, opptil 40trådar pr cm. Eit Ave verum monogram sydd med vestmanna-renning deler opp underlaget, åttebladroser inni dei skråstilte rutene. Rader av attersting omkransar broderiet, samt to rader med primhol (eller prenhol), taggar øvst. Evt. rader med klostersaum, dette er vanskeleg å sjå. Mansjettane måler 16,5 x 3,8 cm, ermedelen 40,5 x 9 cm, denne er striperynka til mansjetten og har ein smal handsydd fald. Mansjettane har to knapphol på 1,6 cm. Slike mansjettar vart brukt i lag med halvskjorte (lygar) til ermetrøye eller laskatrøye.
mandag 24. november 2025
Nyare liv med småmønstrete fôr
Raudt overliv i damask med brei rygg. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster langs hals/framkantar/ermehol og på skuldrene. 7 mm blåstripete bomullsband inni armholet. Fôra med småmønstrete bomullsstoff. Lukka med 2 par hekter/maljer. Mål: Lengde rygg 34 cm, breidde rygg 28 cm, høgde framkant 24,5 cm, høgde under arm 17 cm, lengde skulder 10 cm, vidde i livet ca. 61 cm. Overlivet er sydd inn med ein 1,2 cm brei saum i begge sider, samt innsnitt framme på 14 x 2 cm, desse er truleg komne til i seinare tid. Alt er maskinsydd, også saumen i livet. Kan i si tid ha vore bringa med frå Jondal som forrige overliv her på bloggen, men dette livet er mindre påkosta og noko yngre.
søndag 16. november 2025
Påkosta overliv i ulldamask
søndag 9. november 2025
Påkosta dåpshuve
Rikt dekorert og påkosta treblads dåpshuve av tynt raudt lerretsvove ullstoff. Huva er kanta med svart fløyelsband med rosemønster, 1 cm breitt i nedre kant og 2 cm langs framkanten. Metallband (galoner) 1,8 cm breie, dekker over saumane. Eit 3 cm breitt sølvband parallellt med ein 2,8 cm brei gullknipling med 6,5 vifter langs framkanten. På toppen og på sidene doble kors av kvite og grøne stråperler med småperler i endane. Fôr av ubleika linlerret. Mål: Sidefelt ca. 10 x 10 cm, midtfelt ca. 19 cm langt, 9 cm breitt framme og 6 cm breitt bak. Det eine knytebandet (16 - 20 cm) er erstatta med eit bomullsband, opprinneleg kan begge banda ha vore av silke (breidde 1,5 cm). Huva er fint handsydd. Truleg gutehuve, jenter skal ha hatt grøne eller blå huver.
søndag 2. november 2025
Silkeforkle
Silkeforkle med innvovne lilla striper både horisontalt og vertikalt. Denne type forkle vart brukt i fleire kommunar i Sunnhordland, truleg mest på slutten av 1800-talet.
Dette forkledet har ikkje linning, men vidda er teken inn med rynker/legg i livet til 36 cm. 1,5 cm av stoffet er bretta inn og sydd ned med tråklesting over. Mål: Heil lengde 74 cm, vidde nede 68 cm. Lukka med knapp i venstre side.
søndag 26. oktober 2025
Påkosta overliv i plysj
Staseleg, påkosta overliv i grøn plysj, eldre snitt med brei rygg, kanta med rosa silke 1,5 cm brei, som også går 1,5 cm over på vranga. Silken går saman under ermane, der den er nokså slitt. Ein 3 cm brei lys kant av lnnstoff i livet. Teikningar i ryggen med metallband er sydde på med lintråd og forsting gjennom fôret som er av brunt linstoff eller glansa bomull. Livet er lukka med maljer/hekter i livet, ikkje merke etter ringar til snøring. Alt er sydd for hand. Mål: Rygglengde 35 cm, ryggbreidde 40 cm, lengde midt framme 30 cm, høgde under arm 16 cm, vidde i livet 80 cm, lengde skulder 14 cm. Langs ermar, rundt hals, framme og evt. på skuldrar er metallband blitt spretta av. Overlivet har rund halsringing, på Tysnes er den som oftast firkanta.
søndag 19. oktober 2025
Fargerikt silkeforkle
Eit fyrverkeri av eit silkeforkle! Fleirfarga silke med innvovne striper. Forkledet er lagt i legg til ei laust påsett linning på 2,5 cm, 43 cm lang, inklusiv sidebanda totalt 83 cm. Forkleet er 77 cm langt og 69 cm breitt. Kan vera sydd med maskin. Alder usikkert.
søndag 12. oktober 2025
Grønt vadmålsliv utan fôr
Overliv frå slutten av 1800-talet med rygg som smalnar inn i livet. Som andre slike bevarte overliv i vadmål er det utan fôr. Det er kanta med tre cm breie grindvovne band med raud botn og mønster i svart i form av små kors og blå ruter på kant samt korsformer. Under ermane er det eit sju cm langt mørkeblått band og framme held dei vovne banda fram i eit svart felt. Smal kant på ein cm i livet. Skoning på vranga av rutete bomullsstoff rundt halsen og framme. Mål: Rygglengde 39 cm, ryggbreidde 31 cm, lengde midt framme 30 cm, høgde under arm 16 cm, vidde nede 74 cm, lengde skulder 11cm. Overlivet har maskinsaum og er lukka med tre par hekter/maljer i livet.
søndag 5. oktober 2025
Bringeklut med spennande bakstykke
Bringekluten har ei spennande bakside av raudt ullstoff (kan vera stykkfarga) med svart trykk, framsida har yngre preg. Dekor av kvite, blå og gull stråperler, samt kvite og oker småperler på svart fløyel og ullstoff (skøytt saman nedanfor perlene) på 15,5 x 16 cm. Motiv er to heile og fire halve åttebladroser med greske kors og små romber i mellom. Øvst ein to cm brei kvarde av svart fløyelsband med rosemønster. Eit smalt gullband øvst på det svarte. Sidefelt av rosa bomullsstoff med trykt blomemønster. Breidde 26 cm, høgde 24 cm. Montert for hand. Tidlegare eigar f. 1914 kom frå Gulen i Sogn og vart gift på Tysnes i 1940, men bringekluten har lite Sogne-preg.
søndag 28. september 2025
Bringeklut med firblada motiv inf 10
Bringekluten har eit perla felt 14,5 x 15 cm på svart kypertvove stoff. Raud kvarde av ullstoff 4 cm, delvis dekka av ein 3,5 cm brei gullknipling med tre heile og to halve vifter. Motiv er ein fireblada blom av kvite stråperler, innramma av oker perler, med kvitt og blått gresk kors i midten og fire små Andreaskors av kvite og grøne perler. Blomen er omkransa av dobbeltkors nedst og halve korsformer på sidene. Det nedste feltet av burgunder bomullsstoff med trykt prikkemønster er skøytt midt på. Bakstykket er av stormønstrete lerretsvove stoff, skøytt vertikalt. Breidde 26 cm, høgde 22 cm. Svart bakgrunn på bringeklut skal ha vore til sorg. Fleire slike bringeklutar i boka mi om "Bringeklutar frå Tysnes".
mandag 22. september 2025
Bringeklut med blå perler





























