tirsdag 18. januar 2022

Klassisk lang bringeklut med bord

 


Bringekluten har eit brodert felt på stramei 8 x 14 cm med korssting i ullgarn, samt perler. Perlemotiv av to valknutar og tre åttebladsroser, omkransa av perlerader (sikksakk, kors). Perler i mange fargar i kombinasjon med ymse grønt garn. Raud botnfarge. Svart fløyelsband med rosemønster øvst. I midten eit svart felt på omlag 12 x 13 cm. Stripete og rutete sidefelt og baksidestoff av rutete flanell. Ytre mål er 23/24 x 27 cm. Montert med maskin. Klassisk lang bringeklut med bord, frå siste del av folkedrakta.




tirsdag 11. januar 2022

Belte eller sele?

 


Er dette ein sele, belte eller kanskje ei stakkalinning? Har plagget vore i bruk? Slitasje kan evt. tyda på det. Men det er ikkje merke etter fôr som  er blitt spretta av. Det er brodert på tidleg stramei, eller kanskje linstoff. Broderiet måler 68 x 3,8 cm og har gjentakande rapportar på 6,7 cm av kvitperla Andreaskors og greske kors, desse er av gyldne, kvite og svarte perler, samt raude og grøne korsting. Botn er fylt ut med blå korssting. Stripe av raude korssting på eine sida, grøne korssting på andre sida, men med små mellomrom.





onsdag 5. januar 2022

Bringeklut i eldre tradisjon



Bringeklut i eldre tradisjon, fint utført og godt bevart. Hovuddekor er ei stor åttebladsrose i perlenett med kvite, gull og grøne perler montert på raudt ullstoff. Metall/gullblonde med fire vifter over perlenettet, svart fløyel øvst. Felt av gammalrosa bomullstoff med tidstypisk småmønster, samt rutete lilla/svarte og kvite sidefelt. Orange silke med mønster i overkant, på begge sider av den svarte fløyelen.