fredag 28. april 2017

Bringeklut med bord oppe



Dette er ein typisk bringeklut frå siste del av 1800-talet, litt avlang og med dekor oppe. Broderiet (5 x 15 cm) er utført med ullgarn og plattsaumsting på stramei i fargane raudt, blått, grønt og lilla. Blå broderte "kroklisser" oppe og nede på borda. Rosa bomullsstoff med striper og kvite spetter på begge sider av midtfelt i grøn ulldamask. Bakstykke av ubleika bomull i kypertvevnad, jaren viser framme. Bringekluten er montert både for hand og med maskin. Stramei til å brodera på kom i bruk frå kring 1870. Den fyrste strameien likna meir på lin, men strameien i denne bringekluten er av "nyare" type.



Grøn ermetrøye





Utfrå snitt, saum (delvis maskinsydd) og stoff (ullstoff/klede) ser ein at dette er ei ermetrøye frå siste del av 1800-talet. Skulder - og sidesaumar er trekt bakover, slik at ryggen berre er 13 cm brei i livet.  Begge armar er sett saman av eit hovudstykke og fire mindre stykke, av dei ein mørk grøn kile (har truleg mangla stoff). Fire cm breitt silkeband samt smal blonde og sju cm lang splitt på armane. Smalt, mønstra fløyelsband i halsen. Trøya er 35 cm lang og armane måler 54 cm. Lukka med 8 par hekter/maljer.  Fôr av ubleika lerret.
Ermetrøye vart brukt under overliv og med halvskjorte, såkalla "lygar" i halsen. Men denne trøya viser også overgang til kjolemote, så ein veit ikkje om den òg kan ha vore brukt utan overliv?



fredag 21. april 2017

Bringeklut med perlenett


Denne bringekluten har eit perlenett med rombemønster i kvitt, grønt og oker. Perlenettet er laga seperat med ein eller fleire nåler og er montert på raudt (lin)stoff 15 x 15 cm som er lett avstiva. Øverst på bringekluten svart silkeband med lilla roser og gullknipling. Sidefelt i bomull med lyse striper og raudmønstra. Bringekluten måler 26 x 26 cm og er montert for hand, bakstykket er bretta litt over på framsida. Dette har vore ein bringeklut til stasbruk!  



Bringeklut med 8-bladsroser og stråperler



Denne vesle bringekluten på 21 x 21 cm har eit midtfelt med 8-bladroser forma av stråperler i kvitt, blått og gull, samt kvite og oker småperler. Dekor øverst med ein tre cm rosaraud silkekant og gullknipling. Bringekluten er montert for hand og det verkar som den er stiva opp med papir. Rosemønstra sidefelt. Det brune stoffet nederst kan vera sydd på seinare og er evt ein reparasjon. Bakstykket er av mørk blått bomullsstoff med krossar.
Dette er ein gammal type bringeklut som truleg vart brukt til kort overliv.  


søndag 16. april 2017

Kristnebleie (dåpssmekke) med sølvband



Dåpssmekka eller kristnebleia var særleg utbreidd på Vestlandet, men er no lite kjend. Den smale, avstiva smekka kunne vera dekorert med forskjellige symbol, og var meint å leggja oppå barnet når ein heldt det fram til døypefonten. Denne smekka som er 40 cm lang, er kvara (kanta) med 2 cm blå silke og med ein sølvknipling innanfor. To smale og to breie sølvband dannar to Andreaskors. Dekor av blå, gull og kvite stråperler, samt kvite perler som formar mønster med 8-bladsroser og stjerner. Dekoren rommar mykje symbolikk, m.a. om Den treeinige Gud og skulle halda vonde makter ute. Smekka er kjøpt på auksjon av noverande eigar, elles er historikk ikkje kjend. Du kan lesa meir om dette spanande plagget på lokalhistoriewiki.no.





lørdag 15. april 2017

Kristnebleie (dåpssmekke) med applikasjon




Til langt utpå 1800-talet var det ein mykje brukt dåpsskikk å leggja ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten.  Slik dåpssmekke eller kristnebleie var utbreidd særleg på Vestlandet, der ein gjerne nytta omgrepet "kristnaduk".  Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som berre var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene. Smekka var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute.  Denne smekka har applikasjonar i silke og er kvara (kanta) med raudrosa silke og med sølvband innanfor. Rundt applikasjonane er det lagt trådar som er sydde over. Dei applikerte motiva må ein rekna med har hatt symbolverdi: hjarta (kjærleik) og den treblada blomen (den treeinige Gud). Smekka er frå Onarheim, elles er historikk ikkje kjend. Du kan lesa meir om dette spanande plagget på lokalhistoriewiki.no.



søndag 9. april 2017

Bringeklut med bokstavar



Denne bringekluten har eit brodert felt oppe med fem blad over fem bokstavar. Det er sydd med raude og gjennomskinlege perler og grønt ullgarn på stramei. Svart silkeband med lilla roser øverst. Det lilla brosjerte silkestoffet finn ein att i mange bringeklutar.  Raudmønstra sidefelt. Bakstykke av brunmønstra flanell som går litt over på retta. Bringekluten er 26 cm høg og 28 cm brei og er montert med maskin.
Bringeklutar med broderte bokstavar finst det fleire av. D en står for "dotter". Bringeklutar med bord oppe er typisk for Tysnes dei siste tiåra av 1800-talet.

.


Bringeklut med stråperler


Eldre type bringeklut. Perlebroderi på grøn ullbrokade: Åttebladroser av lange og korte stråperler i kvitt, blått og gull, samt merke etter mindre perler. 4 cm mørkeraud kant øverst med merke etter knipling. Bringekluten måler 23 x 23 cm og er montert for hand. Midtfeltet er stiva opp. Rutete sidefelt. Bakstykke av grov lin eller jutestoff. Bringekluten verkar velbrukt. Knipling og ein del perler er truleg blitt fjerna til anna bruk.