mandag 27. september 2021

Broderte selar i linstoff



Desse staselege selane er brodert med korssting og holbeinsaum på raudt linstoff i lerretsvev. Gjentakande mønster av åttebladsroser og romber i fargane grønt, ubleika, gult og lilla. Det er brodert med tynt ullgarn, det kvite kan vera lingarn. Motiva er litt avlange p.g.a. vevnaden i stoffet. Bokstavane PLSD er brodert på framme, krune og årstalet 1870 bak. Selane er kanta med svarte band og silkesnor. Framme er det to sett med hemper, eit par stripete og eit par einsfarga. (seks og ni cm lange). Bak er det to sju cm lange hemper av band. Bakstykket er av tynt ubleika linstoff. Selane er montert for hand og er 6 cm breie og 82,5 cm lange, medrekna eit 20,5 cm endestykke bak som berre er falda og er utan fôr. At selane er montert saman verkar sekundært, dette er gjort med grove kastesting. Det er tenkjeleg at dette har vore brudgomsselar!











torsdag 23. september 2021

Bringeklut med bokstavar


Bringekluten har tettsauma korsstingsbroderi på stramei, 5,5 x 14 cm med ei heil og to halve åtte-bladsroser i raudt garn og perler, samt to perla romber. Bokstavane AMMDH er sydd med kvite perler. Botnen er fylt ut med grønt ullgarn. Broderiet er omkransa av broderte border og blå kroklisser. Felt av svart ullstoff 14,5 cm br og 15 cm hø. Kvaring med svart fløyelsband med rosemønster øvst. Brun- og beigerutete flanell både som sidefelt og bakstykkestoff. At det er brukt same stoff i sidefelt og bakstykke tyder på ein seinare bringeklut, også fordi monteringa er gjort med maskin. Evt. kan bringekluten vera remontert sidan bokstavar var meir vanleg på eldre bringeklutar. Grunna strameien er bringekluten uansett ikkje eldre enn frå kring 1870. Ytre mål er 29 x 25,5 cm.



fredag 17. september 2021

Brodert sele eller kvinnebelte?




Brodert sele eller kvinnebelte? Truleg har dette fyrst vore brukt som mannssele og seinare som kvinnebelte, spenna kan evt. tyda på det. Korsstingsbroderiet på stramei har seks gjentakande rapportar, kvar på 12 cm i raudt, lilla, olivengrønt og gult ullgarn, samt blanke perler. Botnen er fylt ut med svarte sting. Raud brodert stripe langs begge sider. Nonfigurativt mønster, her ser ein ikkje den symbolbruken som ein gjerne finn i gamle geometriske motiv. Montert for hand på eit bakstykke av brun- og svartrutete bomullsstoff. Ytre mål er 75 x 4 cm.





søndag 5. september 2021

Bringeklut med stjernemotiv


Bringekluten har eit felt på 10,5 x 14,5 cm av tettsauma korsstyng, truleg på stramei. Det er brodert med ullgarn i fargane raudt, grønt, kvitt og orange/oker, botnen er fylt ut med blå/lilla garn. Motiv er åttebladsstjerner, romber og Andreaskors som grip i kvarandre. Raudt felt av ullstoff øvst (4,5 x 14,5)  med to cm gullknipling i same lengde. Rutete sidefelt i ullflanell i brunt med litt lilla, liknande stoff kan ei finna på andre bringeklutar. Bakstykkestoff av blå- og kvitstripete .bomullsstoff, ein kant av dette viser også framme på bringekluten. Alt er montert for hand. Ytre mål er breidde 25 og høgde 24 cm.