søndag 28. juni 2020

Silkesjal - ein viktig del av folkedrakta


Silkesjal var ein viktig del av folkedrakta. Dette flotte silkesjalet måler 63 x 65 cm og har rutemønster i svart og to lilla nyansar, innramma av grøne, smale striper. Stiliserte blomemotiv inni rutene. Silketørkle gjekk mykje ut or bruk då det vart slutt med den gamle folkedrakta, men kan gjerne takast i bruk til bunad i dag! Til mange rekonstruerte bunader høyrer det med silkesjal.

søndag 21. juni 2020

Bringeklut med bord oppe, eldre type


Bringekluten har ei korsstyngsbord på lin eller tidleg stramei der eit symmetrisk, stilisert blomemotiv i lilla, raudt, grønt, kvitt og gult dannar hovudmotivet. Raude korsstyng i botnen. Ei tagga bord i klostersaum øverst. Metallband mellom broderiet og det grøne feltet av linstoff i midten. Sidefelt av lillamønstra bomullsstoff, rosamønstra flanell nede. Svart fløyelsband med rosemønster øverst. Bringekluten er montert på eit bakstykke av kvitt lerret eller liknande. Alt er handsydd. Denne bringekluten er av den tidlege typen, med litt brei bord oppe. Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.

søndag 14. juni 2020

Forseggjort og godt bevart bringeklut



Forseggjort og godt bevart bringeklut. Tidlegaste eigar skal vera fødd i 1849. Broderiet er i  klostersaum på linstoff, med ullgarn i klare, skarpe fargar; raudt, blått, grønt, kvitt, gult og lilla. Kvite felt er brodert. Garnet er truleg anilinfarga; frå 1800 vart det mogleg å kjøpa importerte fargestoff som dei nye anilinfargane. Farging med planter var likevel fremleis stort sett einerådande. Kan vera brodert med Zephyr-garn, som er farga med syntetiske fargestoff. Motiv er åttebladsroser og stjerner, bord oppe med romber og Andreaskors i kombinasjon. Broderiet er omkransa av to typar småmønstra, trykt bomullstoff i gammalrosa og kvitt. Svart fløyelsband med blomemotiv, samt kroklisser øverst. Bringekluten er montert for hand, og at det er brodert på linstoff tyder også på datering før 1870, då strameien kom. Likevel har bringekluten eit moderne preg! Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.



søndag 7. juni 2020

Gammal bringeklut med perlenett



Staseleg bringeklut med stort pernenett montert på raudt ullstoff. Perlenettet er truleg tredd på tvers med ei nål, start øverst. Kvite, grøne, oker og blå perler. Motiv er Andreaskors og romber i rutemønster. Grøn, slitt kvaring øverst, med strie under og sølvknipling over. Bringekluten har avrunda form og det er sydd med leggsaum over ein blå ulltråd rundt det raude ullstoffet. Baksidestoffet av grønbrunt ullstoff er kasta over med blå tråd. - Bringekluten har eldre preg. Fyrste kjende eigar skal vera fødd i 1848. Både mønster og teknikk er mykje brukt i heile Hordaland, men fargane kan variera. I tillegg er dette ein sølvbordebringeklut, med knipla sølvborde på kvaren. Dette kan vera ein rituell dekor, brukt i trulovingstida - sølvborda kunne bli fjerna etterpå og bringekluten brukt på vanleg måte. Men denne er i alle fall blitt bevart! Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.