lørdag 20. oktober 2018

Gull frå gamle vegger!



Delar av ei gammal laskatrøye som vart funnen i ein husvegg under restaurering av eit gammalt tun i Lunde. Trøya har såleis vore nytta som isolasjonsmateriale.  Sjølv om laskane (kilane) nede og mykje av trøya er smuldra vekk, er det nok att til å sjå at dette har vore ei staseleg laskatrøye! Slike trøyer vart gjerne brukt med halvskjorter eller såkalla lygar inni. Eine ermet er delvis bevart og her kan ein sjå ein fint innsett kile og den fine monteringa av bandet ved handlinninga. Trøya er handsydd med mørk lintråd med atterstyng, saumane er lagt ned og kasta over. Trøya er utan fôr, men med klassiske belegg av småmønstrete bomullsstoff langs framkanten og framme på armane. Det er same type fløyelsband med rosemønster både langs hals og framkantar som på armane, på mange trøyer er det forskjellige band her. Men kan henda har handelsmannen hatt ein stor rull med slike band på lager! Desse banda fortel at trøya er frå tidlegast 1850-åra. Det ville vore kjekt om det dukkar opp fleire slike skattar i gamle husvegger, dette er tekstilar som kan gje oss viktig informasjon om klede langt tilbake!!



Tysneskoner i laskatrøye og svarthuve

tirsdag 16. oktober 2018

Krage for barn



Slike kragar vart gjerne brukt over kjole som vart nytta av både gutar og jenter opp til eittårsalder, dette kan ein sjå på foto frå kring 1900. Denne maskinsydde kragen i engelsk blonde er 19 cm brei og 23 cm høg. Kragen er sett saman av ein hovuddel med blondekappe rundt, som er sydd glatt til hovudstykket, med fine legg rundt dei avrunda hjørna. Alt er sydd av engelsk blonde.  Seperat bakstykke i dobbelt vrengsydd flanell. Lukka i nakken med hempe og knapp. 


fredag 12. oktober 2018

Raud dåpshuve




Nydeleg raud barnehuve med dekor av perlebrodert 8-bladsrose på toppen, omkransa av små perla rosettar. På kvar side av huva er det perla Andreaskors og midt bak Andreaskors i ein firkant. Saumane er dekka av metallband samt ein metallknipling framme. Huva er kanta med 1,5 cm breie grøne zic zac silkeband og er fint sauma for hand med lintråd. Dette er ei svært gammal huve. Både dekor og montering er nøyaktig utført. Delane er fôra kvar for seg og saumane er bretta til kvar side og sydd ned med kastestyng. Perlebroderia er sydd gjennom fôret av tynt linstoff.