lørdag 29. februar 2020

Bringeklut med broderi på linstoff




Denne forseggjorte bringekluten har broderi i smøyg på linstoff, med tynt ullgarn i raudt, grønt, kvitt, oker og lilla. Kvite felt er også brodert. Stinga går i ulike retningar. Motiv er åttebladsroser og - stjerner, øverst ei bord med romber. Svart silkeband med blomemønster, samt kroklisse heilt øverst på bringekluten. Småmønstra og brunstripete sidefelt. Bringekluten er 28 cm høg og 25/23 cm brei, har fôr av brunt glansa bomullsstoff og er fint montert for hand. Slike høge bringeklutar som smalnar inn nede, har vore brukt til lange overliv/Nasjonalen mot slutten av 1800-talet. Denne bringekluten kan eventuelt ha kome til Tysnes frå Osterøy.


tirsdag 25. februar 2020

Bringeklut til stasbruk



Denne bringekluten har nok vore til stasbruk! Øverst er det ein 4,5  cm brei kant av raudt ullstoff med ein tre cm brei gullknipling. Bringekluten er 27,5 cm høg og om lag 25,5/24 cm brei og er handsydd. Det svarte midtfeltet er fint skøytt saman horisontalt to plassar og er stiva opp, kan henda med papir. Kvite, blå og gyldne stråperler dannar åttebladsroser på det svarte feltet. Fôr av noko som liknar sekkestrie (kypertvevd), dette er også skøytt. Sidefelta av småruta og rosemønstra bomullsstoff med kvitt linstoff nederst, samt raud kant oppe er bretta over på baksida. Historikk er ukjent, men den høge fasongen tyder på at bringekluten kan ha vore brukt til lange liv mot slutten av 1800-talet. Saum og dekor peiker likevel bakover i tid. Bringekluten kan eventuelt ha kome frå Osterøy.

mandag 24. februar 2020

Border i Hardangersaum

.

To fine hardangerborder, begge er sydd på "hardangersaumsstoff": Ei lita bord på 58,5  x 7,5 cm (netto) med sju rapportar/romber. Den store borda måler 126 x 10,5 cm (netto) med tolv rapporter/romber med åttebladsstjerner inni. Mellom rombene dannar det seg Andreaskors. Forseggjord bord med mykje saum!

søndag 23. februar 2020

Raudt silkeband


Av og til dukkar det opp gamle tekstilar som som ein ikkje kjenner bruken til. Dette silkebandet måler 4,3 x 100 cm og har 7,3 cm lange rapportar med orange, lilla, grøne og kvite blad og blomar. Raud botnfarge. Historikk er ukjent. Kan det kanskje ha vore band til brurekrune? Eller kan det vera metervare ein ikkje har fått brukt?

lørdag 22. februar 2020

Mannsbelte



Flott mannsbelte med gyllen beltespenne med skipsmotiv. Beltet måler 73 x 4 cm. Korsstyng på stramei. Motiv er gjentakande abstrakt bladmønster (ti og ein halv rapport) i lysegrønt, gult, raudt og lilla. Botnen er fylt ut med grønt ullgarn. Ei rad med lilla korsstyng på kvar side. Beltet er fôra med ubleika tynt linstoff.


fredag 14. februar 2020

Skjorte til "nasjonalen"



Skjorta er i primærsnitt og har dobbelt skulderstykke. Det er ingen rynker på fram- og bakstykke og ermane er glatt isydde. Maskinsydd med smale saumar, delvis fransk saum. Skjorta er 69 cm lang og 58 cm vid. Ermane er 38 cm lange og 34 cm vide, rynka til ein 2,5 cm brei blonde. Krage av engelsk blonde. Knappestolpe med to knappar. Dette er ei nyare type skjorte i primærsnitt, med kilar under ermane, men ikkje i halsen. Slike skjorter utan rynking var ei tid vanleg til "nasjonalen".

mandag 10. februar 2020

Klassisk bringeklut med bord oppe



Bringekluten er 30 cm høg og 31 cm brei. Brodert bord  i korsstyng - ullgarn på  stramei 7 x 17 cm i fargane blått, grønt, oker og lilla, fylt ut med raudt i botnen. På det kvite i mønsteret er det strameien som viser. Motiv er Andreaskors, greske kors og romber. Fløyelsband øverst. Blått  midtfelt i ullstoff 20 x 17 cm. Blårutete sidefelt, blått stoff med kors nede. Bringekluten er fint montert med maskin. Typisk bringeklut frå Tysnes siste del av 1800-talet, men likevel unik!



fredag 7. februar 2020

Bord til bringeklut




Dette er ei bord til bringeklut som ikkje er blitt montert. Det vesle broderiet på 14 x 6 cm er svært forseggjort og fullt av symbol. Teknikk er plattsaum med tynt ullgarn i blått, grønt, plommeraudt og litt gult. Raud botnfarge. Motiv er Andreaskors og romber, samt to rader små greske kors. Ein rad med blå romber øverst. Det er sydd på stramei og broderiet kan difor tidfestast til etter 1870.

mandag 3. februar 2020

Dåpshuve i tyll



Treblads dåpshuve i tyll. Sidestykka er ca 9 x 13 cm, midtstykket ca 5,5 x 19 cm, medrekna tyllkantar. Løpegang med rosa band, desse kan trekkjast saman midt bak. Knytebanda i gul silke er sydd på. Nydeleg huve som fortener ein liten omtale.
 

søndag 2. februar 2020

Strikka barnehuve


Strikka lita barnehuve av tynt bomullsgarn. Holmønster. Dobbel kant med taggar rundt heile huva. Vidde 19 cm, høgd framme 13,5 cm. Huva er forseggjort og godt bevart. Truleg frå etter 1900, men kan også vera eldre. Vanskeleg å tidfesta.