fredag 7. februar 2020

Bord til bringeklut



Dette er ei bord til bringeklut som ikkje er blitt montert. Det vesle broderiet på 14 x 6 cm er svært forseggjort og fullt av symbol. Teknikk er smøyg sydd med tynt ullgarn i blått, grønt, plommeraudt og litt gult. Raud botnfarge. Motiv er Andreaskors og romber, samt to rader små greske kors. Ein rad med blå romber øverst. Det er sydd på stramei og broderiet kan difor tidfestast til etter 1870.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar