tirsdag 25. februar 2020

Bringeklut til stasbruk



Denne bringekluten har nok vore til stasbruk! Øverst er det ein 4,5  cm brei kant av raudt ullstoff med ein tre cm brei gullknipling. Bringekluten er 27,5 cm høg og om lag 25,5/24 cm brei og er handsydd. Det svarte midtfeltet er fint skøytt saman horisontalt to plassar og er stiva opp, kan henda med papir. Kvite, blå og gyldne stråperler dannar åttebladsroser på det svarte feltet. Baksidestoff av noko som liknar sekkestrie (kypertvevd), dette er også skøytt. Sidefelta av småruta og rosemønstra bomullsstoff med kvitt linstoff nederst, samt raud kant oppe er bretta over på baksida. Historikk er ukjent, men den høge fasongen tyder på at bringekluten kan ha vore brukt til lange liv mot slutten av 1800-talet. Saum og dekor peiker likevel bakover i tid. Bringekluten kan eventuelt ha kome frå Osterøy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar