søndag 29. januar 2017

Klokkelomme


Nydeleg hekla lita klokkelomme 5,5 x 12,5 cm. Det ser ut som om perlebroderiet er utført i lag med heklinga i ubleika bomullsgarn. Likt mønster framme og bak. Gule, grøne, blå, mjølkekvite, orange og kvite perler. Klokkelomma er heilt intakt, ingen lause perler eller andre teikn på slitasje. 

Bord til bringeklut


Merke viser at dette har vore bord til eldre bringeklut. Same eigar som til bringeklut i forrige innlegg. Raudt felt 16  x  7,5 cm med skråstilt rutefelt av påsydde blå, kvite og mjølkekvite perler, samt kvite og gull stråperler. Perlene er sydd på med lintråd gjennom tre lag: Stoff, avispapir (gotisk skrift), og papp. Bringekluten kan evt ha kome frå Fusa i si tid.

søndag 22. januar 2017

Lang bringeklut



Denne type lang bringeklut vart brukt frå siste 10-år av 1800-talet, Men perledekoren kan verka meir i samsvar med dei korte bringeklutane frå fyrste halvdel av 1800-talet. Bringekluten (27 cm brei og 31 cm høg) er truleg montert delvis med maskin, men det kan evt vera gjort seinare. Raudt felt måler 14,5 x 9 cm og er dekorert med skråstilte rutefelt av påsydde blå perler, samt merke etter perler som har vore der. Roseband og gullkniplingar i viftemønster øverst. Gull ziczac band øverst på grønt ullfelt. Stripete sidefelt i bomullsstoff med små blomar.

Bringekluten er funne i ein kommode etter ei gammal faster (grandtante) f. ca 1887. Mor til faster (oldemor til eigar) kom frå Fusa (Bjørndal) og bringekluten kan ha kome med derfrå.


fredag 20. januar 2017

Kvitt forklede med tyllbord




Nydeleg handsydd forkle av bomull, 88 cm høgt og 65 cm breitt. Brei løpegang oppe. Innfelt bord av tyll utfylt med broderi i tjukt bomullsgarn med åttebladroser og diagonale rutemønster. Holsaum både ovanfor og nedanfor tyllborda. Hekla bord med tungekant nede. At forkledet er handsydd og løpegang oppe kan tyda på at det er eit eldre plagg.

søndag 15. januar 2017

Kvinnebelte brodert på lin


Broderi med tynt ullgarn på linstoff. 65 x 4,5 cm. Gjentakande mønster i raudt, grønt og blått. Lyse felt utan broderi utgjer ein del av mønsteret. Eine enden er ikkje ferdigsydd. Foret (restar) er sydd på med maskin, dette er skeivt sydd på og kan evt vera sekundært. Geometrisk mønster på linstoff tyder på eit eldre plagg. Fyrste kjende eigar er fødd i 1887, men beltet verkar eldre enn dette. Mor hennar kom frå Bjørndal i Fusa, og det er godt mogleg at beltet er bringa med derfrå.

Bringeklut frå kring 1850


Eldre type bringeklut med stråperler som danner to heile og to halve 8-bladsroser. Den er montert for hand på smalstripete stoff i grønt og natur. 30 x 21 cm. Det raude felter måler 18 x 12,5 cm. I overkant dekor med svart silke og roseband. Fyrste kjende eigar er fødd i 1887, men bringekluten verkar eldre enn dette. Mor hennar kom frå Bjørndal i Fusa, og det er godt mogleg at bringekluten i si tid kom derfrå.