fredag 26. juli 2019

Raudt overliv med kjøpeband


Dette er eit typisk nyare overliv med mønstra kjøpeband og kvit perlerad innanfor. Her er me nok over i tida då "Nasjonalen" tok over for folkedrakta, men dei tilbaketrekte sidesaumane viser også trekk frå Tysnes. Livet er utan fôr, men har brunruta bomullskvaring på vranga. Sju cm mørkare raudt stoff er skøytt på nede med symaskin, det er fôra med pepitarutete bomullsstoff. Framme er det merke etter 11 par hekter/maljer.  Seks hekter nede for feste til stakk. Maskinsydde innsnitt på ryggen. Innsnitta og det påsette stoffstykket kan vera gjort i ettertid. Det spesielle ved dette liver er at det er hekta saman nesten opp til snippen.😊



søndag 7. juli 2019

Skjortebryst



Skjortebrystet har dekor av plattsaumbroderi og biser. Det måler 41 x 35 cm. Bakstykket, som skrår mot skulder er 7 cm høgt. Enkel ståande halslinning. To knappar og knyteband nede. Skjortebrystet er maskinsydd og kan vera skreddarsydd eller eit kjøpeplagg. Mennene tok tidlegare etter bymoten enn kvinnene og dette er nok eit slikt moteplagg. 😊

Ermelaus laskatrøye



Svært fint handsauma laskatrøye av svart ullstoff og fôra med lysgult og ubleika lin/lerret. Trøya har to laskar (kilar) på kvar side av ryggstykket, desse er fint boga nede. Sårkantar på stoff og fôr er kasta saman og fôret er staffert til nede. Trøya er 51 cm lang midt bak, laskane er 20-22 cm lange. Det er merke langs framkantar og hals av blå tråd etter band som truleg er spretta av. Det er ikkje merke etter band rundt armhola, dette bekreftar at trøya truleg har hatt armar. Stoff, og ikkje minst fôrstoffet er godt utnytta, med mange skøyter, særleg på laskane.😊


onsdag 3. juli 2019

Brodert stakkalinning


Den flotte stakkalinninga måler 72 x 2,5 cm. Teknikk er broderi og perler, sydd på ein tidleg type stramei, evt lin. Det er sydd med gjennomskinlege perler og  grønt og raudt ullgarn i korsstyng. Motiv er Andreaskors og romber. Raud zic-cac bord i plattsaum langs eine langsida, fylt ut med blått. Merke etter tråklesting med brun lintråd langs andre sida. Fôr og lukking er fjerna. Ukjent opphav, men teknikk, motiv og stoff kan tyda på at tekstilen er gammal. Evt kan dette også ha vore eit belte, men mindre truleg fordi det er så smalt.😊


tirsdag 2. juli 2019

Overliv med vevde band




Flott handsydd overliv av raudt ullstoff. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggen blir berre 10 cm brei nede, dette er typisk snitt for overliv mot slutten av 1800-talet. Tre cm breie grindvevde band  i blått, raudt og blågrønt på svart botn. Under armane manglar nokre cm med band, dette var vanleg på gamle overliv. Overlivet er utan fôr, men har raudruta bomullskvaring på vranga. Saumane er fint bretta til begge sider og kasta ned. I livet er det merke etter tre par hekter/maljer. Det er uvisst om det har vore valk eller fald nede. Alt i alt; eit typisk overliv før "nasjonalen" tok over som vanleg bunad.😊