tirsdag 25. juni 2019

Bringeklut med stråperler og rutete sidefelt




Denne flotte bringekluten har silkeband øverst med ein sølvblonde utanpå. Midtfeltet i raudt ullstoff på ca 15 x 15 cm har dekor av perler som dannar eit Andreaskors og gresk kors av fem åttebladsroser. Det er nytta kvite, blå og gull stråperler, samt perler i kvitt, blått, gult og store perler i "sølv". Rutete sidefelt - og kan det vera ein rest av gyldenlær som er brukt under det raude feltet? Bakstykke av stripete bomullsstoff med blomar. Bringekluten måler ca 26,5  x 23 cm. Den fine monteringa er truleg gjort for hand.
Fyrste kjende eigar var fødd i 1873, men bringekluten kan vera eldre.😊