lørdag 25. juli 2026

Utstilling, foredrag og bringeklut med perlenett!

 


Litt reklame for foredraget mitt laurdag 1. august kl. 14, på koselege Årbakka Handelsstad på Tysnes, der eg m.a. vil fortelja om utvikling og samanhengar i drakthistorie frå vikingtid til folkedrakt. Her blir det også ei miniutstilling knytt til dei tre bøkene mine som eg presenterer. Er du interessert i drakthistorie eller i å laga historiske plagg sjølv, kom og høyr og sjå! Bøkene er også til sals på Årbakka Handelsstad. Gratis inngang.


Dette er ein av bringeklutane som vil bli stilt ut, saman med mini vikingdrakter og dokker i små folkedrakter. Bringekluten har ei bord av perlenett med rombemønster i dei typiske perlefargane kvitt, oker og grønt, forma som eit Ave Verum monogram. Perlenettet er montert over raudt stoff, truleg peau de pêche. Det er blå silkekvarde øvst på bringekluten, med sølvknipling over og eit gullband nedanfor perlenettet. Nedst er det eit grønt ullstoff som er festa med lintråd over ein ulltråd, slik som på det raude stoffet (leggsaum). Dette er ein syteknikk som er kjend tilbake til 1000-talet. Det er også eit mønstra, raudt ullstoff under det grøne. Fôret er av brunstripete bomulls-/linstoff, som også er bretta 5 cm opp på framsida (kan vera gjort sekundært). Den spennande bringekluten skal vera frå Uggdal, men historikken elles er ukjend. Tilsvarande bringeklutar kan ein også finna i Valdres. Ut frå form og teknikk ser ein at dette er ein eldre bringeklut, brukt saman med eit kort overliv. 

Mål:
Perlenett: 14 x 6 cm
Silkekvarde: 18 x 2,5 cm
Breidde knipling og gullband: 2 cm
Totalt mål: 25 x 17 cm




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar