søndag 26. april 2020

Brudgomssokkar frå 1860


Desse flotte herresokkkane er strikka i tynt ullgarn. Øverst har sokkane eit glattstrikka felt i lysgrått, deretter striper i blått og brunt. Hæl og tå er igjen einsfarga grå. Dette skal vera brudgomssokkar frå 1860, truleg frå Onarheim. At dei er lite brukt og tekne godt vare på kan også tyda på høgtidsbruk.

mandag 20. april 2020

Tysneshuve for ugift kvinne


Huva er av svart ullstoff. Eit lilla silkeband langs andletopninga markerer at dette er ei huve for ugift kvinne. Truleg har det også høyrt eit langt lilla silkeband til huva, dette vart lagt over framkanten og knytt i nakken. Også små knyteband bak for å regulera vidda. Den kvite kanten langs framkanten kunne takast av og vaskast. Fôr av naturfarga lin eller bomull. Tysneshuva vart også kalla lurahuve.


onsdag 15. april 2020

Bringeklut med stråperlebord


Nydeleg bringeklut med perlebroderi på raudt ullstoff: Kvite og blå stråperler, store gullperler og kvite, blå og oker perler. Motiv er åttebladsroser og greske kors. Øverst har bringekluten eit svart fløyelsband med rosemotiv (som ein finn att på mange bringeklutar) med ein gullknipling over. Sjeldant midtfelt av svartbrun fløyel med diagonale ruter. Bringekluten måler 24,5 x 24,5 cm, det raude feltet er sju cm høgt. Lilla stripete og blårutete sidekantar, det blårutete held fram på halve bakstykket. Resten av bakstykket er eit mørkt stoff med mønster i. Bringekluten har innlegg av papp under perlebroderiet og er montert for hand.


Detalj av perlebrodert bord

Det er brukt to ulike stoff til bakstykke

søndag 12. april 2020

Vevd band


Fint vevd band som kan ha vore del av ei stakkalinning. Mål: 32 x 3,6 cm. Det er vevd med rustraudt, blågrønt, svart og okergult tynt ullgarn, samt ubleika bomullsgarn eller hamp langs kanten. Motiv er Andreaskors og romber - det ein også kallar "kross og kringle". Bandet eller linninga ser brukt ut, det kan tyda på at det er spretta av eit plagg som kan ha blitt brukt til andre formål. 



søndag 5. april 2020

Vevd stakkalinning


Linninga er 3,7 cm brei og 67 cm lang og har eit endestykke på 5 cm, dette kan vera sett på seinare.  Det er vevd med svart, blått og raudt tynt ullgarn, samt ein kant av brunt (truleg) bommullsgarn og ei gul rand. Motiv er Andreaskors og romber. Linninga ser brukt ut (men ikkje slitt) og  kan vera spretta av ein stakk som kan ha blitt brukt til andre formål eller omsaum. Vevd linning var, i tillegg til å ha den funksjonen å halda stakken saman, også eit dekorativt element på drakta. Truleg vart det ikkje brukt forkle kombinert med slik stakkalinning.