mandag 31. juli 2017

Bringeklut med holbeinstyng

Denne bringekluten er brodert med korsstyng (i grønt, oker og svart) og kvite holbeinstyng på raudt linstoff som er 14,5 cm breitt og 13,5 cm høgt. Motiv er romber og 8-bladstjerner. Rad med små 8-bladsstjerner øverst. Truleg brodert med lingarn. Det raude stoffet er sydd fast til eit kraftig ubleika linstoff på 16 x 19 cm med ubleika tråd og kastestyng. Grøn fløyel øverst, det kan evt også ha vore ein dekor mellom fløyel og broderi.  
Nok ein fin bringeklut frå Årbakka, som også kan stamma frå Lunde eller Heie i Uggdal. Svært gammal bringeklut, dette ser ein på form (firkanta), symåte og materialval (lin). 


Bringeklut med bokstavar


Denne bringekluten har korsstyngsbroderi kombinert med gyldne og kvite/gjennomskinlege perler. Det er truleg sydd på stramei. Motiv er kors (i midten) og dobbeltkors (Kristusmonogram) samt bokstavane ARD. Nedanfor broderiet er det svart ullstoff 13 x 13 cm, bringekluten måler totalt 27 x 28 cm. Den har rutete sidefelt i bomull og brunsvart kraftig bomullsstoff til fôr, dette viser også på framsida. Det svarte silkebandet med rosemønster er typisk som kvaring oppe. Det var ikkje uvanleg at bringeklutar hadde bokstavane til eigaren som ein del av broderiet. Bokstaven D står for dotter. Ut frå saum, stoff og den avlange formen, ser ein at dette er ein bringeklut frå siste del av 1800-talet.


Bringeklut med "Telemarksbord"


Bringeklut med bord av plattsaum og korsstyng på tett linstoff 15 x 5 cm. Det er brodert med raudt, oker og svart. Motiv er romber og små kors, med tre store romber og mange små under. Felt med svart ullstoff 14,5 x 9 cm som er festa til underlaget med lintråd over ulltråd (dette er ein syteknikk som også var mykje brukt i middelalderen). Det doble underlaget er skøytt, fint sauma saman. Dei fem cm breie rutete sidefelta i bomullsstoff kan evt vera sekundære. Fôret er av ubleika tynt lin- eller bom.stoff. Heile bringeluten måler 32 x 19 cm. Frå Årbakka, men kan stamma frå Lunde eller Heie i Uggdal. Svært gammal bringeklut, dette ser ein på fasong, symåte og materialval. Broderiet minner om saum frå Telemark.



søndag 23. juli 2017

Lita dåpshuve i brosjert silke



Fin lita 3-blads dåpshuve av grøn silke m/brosjerte* lilla og gule roser, omkransa av 1,5 cm breitt svart silkeband med rosemønster. Dekor av kroklisser over saumane. Taggekant av kvite perler framme. Vidde nede er 19 cm, ansiktsopning er 26,5 og sidestykka måler ca 9 (høgde) x 11 cm. Fint sauma for hand m/lintråd, ikkje vrangsydd. Fôr av ubleika bomull/lin med blå striper. 13 cm lange knyteband. Denne type brosjert stoff finn ein att i bringeklutar og kan også ha vore brukt til overliv.  Huva er funne på Årbakka, men stammar truleg frå Lunde eller Heie i Uggdal.

*Brosjering er ein metode for framstilling av tekstilar, opprinneleg gull-, sølv- eller silkebrokade, der ein mønstertråd blir vevd inn i ein grunnvev ved hjelp av spesielle små skytlar. Det minner om broderi.
Kjelde: Store norske leksikon.


Dåpshuve med blondekant


Nydeleg 3-blads dåpshuve i grøn ulldamask, omkransa av to cm breie raude brosjerte band, samt bomullsblonde som er lagt i folder langs framkanten. Dekor av kors/8-bladroser av mjølkekvite, blå og gyldne stråperler på kvar side av huva. Taggekant av kvite perler framme og kryss av kvite og grøne perler over saumane. Vidde nede er 23 cm, ansiktsopning er 28 cm og sidestykka måler ca 10 x 10 cm. Det er restar etter knyteband framme. Fôr av ubleika lin. Huva er frå Tysnesbygda og kan gjerne ha vore brukt saman med ei dåpsbleie frå same buet. Og kanskje hua er laga av restar etter eit overliv i kostbart stoff?




søndag 16. juli 2017

Bringeklut med korsstyng på lin


Nydeleg bringeklut med tettsauma korsstyng på linstoff. Nokre små felt med kors står tomme slik at linstoffet viser, dette var vanleg. Motiv er små og store 8-bladstjerner og fire hjarte. Det er brodert med ullgarn i spreke fargar. Korsstynga er sydd i seriar, dvs at halve stynga er sydd fyrst og så returnerer ein og syr resten av stynga. Broderiet måler ca 15 x 15 cm, bringekluten er 26 cm brei og 24 cm høg. Øverst er det svart fløyel med ei tagga perlerad med kvite perler (kan evt vera sekundær). Bringekluten er montert for hand og har fôr av brunmønstra flanell som også viser nede på framsida. At det er brukt linstoff til å brodera på kan truleg fortelja noko om alderen på bringekluten, då stramei fyrst tok til å bli vanleg broderistoff kring 1870.

Liten bringeklut med perlenett


Bringekluten har ei bord av perlenett med rombemønster på 6 x 14 cm i dei typiske perlefargane kvitt, oker og grønt. Perlenettet er montert over raudt ullstoff. Blå silkekvaring øverst på bringekluten, med sølvknipling over og eit gullband nedanfor perlenettet. Nederst grønt ullstoff som er festa med lintråd over ulltråd, slik som det raude stoffet. Dette er ein syteknikk som ein kjenner tilbake til middelalderen. Det er også eit mønstra raudt ullstoff under det grøne. Fôr av brunstripete bomull/linstoff, som også er bretta 5 cm opp på framsida (kan vera gjort sekundært) slik at bringekluten måler berre 17 x 25 cm.- Den spennande bringekluten skal vera frå Uggdal, historikk elles er ukjent. Men ut frå form  og teknikk ser ein at dette er ein eldre bringeklut, brukt saman med korte overliv.


lørdag 8. juli 2017

Grønt overliv i fløyel



Dette overlivet av mørk grøn fløyel er kvara med 2,5 cm brei burgunderraud silke langs armhol, hals og framkantar og med sølvband innanfor. Merk at sølvbanda ikkje går saman under armane, dette var mote sjølv om det også kunne vera praktisk slik. Midtstolpe og to boger med sølvband på ryggen. Teikningar i rygg er renessansepreg og peikar bakover i tid. Dekor med sølvband var også påverka av det militære. Livet er fôra med tynt bomullslerret med forsterkingar framme og ved hals. Fyrste eigar var truleg fødd i 1826 og gift i 1849.


Overliv i raudt klede


Dette overlivet av raudt klede (tynt ullstoff) er truleg frå 1849 og skal også ha vore brureliv. Det har stor likskap med forrige overliv og har tilhøyrd same familie, men eg kjenner ikkje til om det er same person som har brukt begge overliva .Livet er kvara med 2,5 cm brei blå silke og sølvband. Midtstolpe og to boger med sølvband på ryggen. Rygghøgde 30,5 cm. Livet har hatt seks maljer som er sydd på med raud tråd. Eitt par hekter i livet. Fôra med kvitt linlerret. Begge overliva er korte (påverka av empiremoten), har tilnærma primærsnitt og brei rygg. Dei er sjølvsagt handsydde, dette var før symaskiner var vanleg!



søndag 2. juli 2017

Jentehuve i blå fløyel





Jentehuva var mindre enn dei svarte huvene for gifte kvinner, men snittet var det same. Denne huva er sydd i mørkblå spegelfløyel. Bakstykket er fôra med gult bomullsstoff, gråblått i framstykket. Delane er fôra kvar for seg og deretter sydd saman. Under framkanten av huva vart det festa ei kvit bomullslist som kika fram nokre mm. Og over silkebandet langs framkanten, vart det lagt eit laust silkeband som ein knytte bak. Dette var blå/lilla for jenter (svart for koner). Verken dette eller bomullslista er bevart. Nede er huva kanta med svarte silkeband med rosemønster og det er laga ein løpegang til den svarte snora som ein justerte vidda nede med. Dette er ei flott huve som eg også har hatt glede av å laga ein kopi av. - Ettersom det er brukt fløyel i huva - og det var ikkje vanleg - kan ein rekna med at huva var brukt til stor høgtid! 

Grøn trøye



Trøya skal vera brukt av mor, evt bestemor til informant som var fødd 1917. Denne familien var dyktige med handarbeid. Trøya er utan fôr og sydd delvis med maskin, saumar er lagt til for hand. Det grøne 2-skaft ullstoffet kan verka heimevove. Trøya er dekorert på armane med broderi i blått/grønt på raudt ullstoff (liknar vev) samt ei kvit perlerad. Brun fløyel i halsen med blårutete skoning. Trøya har 9 knappar/knapphol med skoning under av ulikt rutete stoff. Skoning av blomstrete stoff under armlist. Midt bak er trøya 42 cm lang, breidde over rygg (liv) er berre 32 cm. Armlengde 58 cm og skulderbreidde er 12,5 cm. - Ein kan vel sei at dette er ei trøye på veg mot moteplagg, jamfør knapping og wienersnitt. Likevel har den mykje folkedraktpreg i stoff og dekor.