lørdag 19. september 2020

Klassisk lang bringeklut


Klassisk, lang bringeklut med bord oppe og fløyelsband med blomemønster øverst. Borda består av perlebroderi i mange fargar, med botn av korsstyng i grønt ullgarn. Det er brodert på stramei. Motiv er tre stiliserte blad med ein kvit "stilk" som snor seg rundt blada. Broderiet er ramma inn av perlerader øverst og små perlerosettar nederst. Midtpartiet er av svart ullstoff. Dei blå- og kvitruta sidefelta er sydd fast til bakstykket (av kypertvevd lerret) med maskin. Ein kant av bakstykket viser framme. Det finst mange bringeklutar med liknande bladmotiv. Denne bringekluten er truleg frå seint på 1800- talet. 






søndag 13. september 2020

Bringeklut med stjernemotiv



Bringekluten har perlebroderi på raudt ullstoff som er skøytt nederst. Hovudmotiv er ei stor stjerne/åttebladsrose av kvite, blå, gull og sølv stråperler, samt kvite perler i midten på ni stjerner som ligg rundt. Svart fløyelsband med rosemønster øverst, det kan sjå ut som dette er sydd på seinare. Lerretsfôr av lin eller bomull. Trykkknappar i sidene øverst kan tyda på at bringekluten er brukt i seinare tid. Bringekluten er montert med maskin, eventuelt kan det vera ei remontering, også ettersom sidefelta er av same type stoff. Det finst mange bringeklutar med liknande motiv, alle er likevel unike.









søndag 6. september 2020

Klassisk bringeklut med perlebrodert bord


Klassisk, lang bringeklut med bord oppe og fløyelsband med blomemønster øverst. Borda er perlebroderi på stramei, utført med kvite, gull og svarte perler, blå perler i botnen. Kvite perletaggar nederst. Motiv er åtte-bladsstjerner med rombe i midten. Svart ullstoff nedanfor perlebroderiet. Sidefelt av raudmønstra bomullsstoff. Bakstykke av kypertvevd ubleika lerret viser også framme. Bringekluten er montert med maskin og er truleg frå tidlegast 1890- talet, kanskje nyare, ettersom den er i så god stand. Sidefelt av same stoff er også eit nyare teikn. Sjølv om denne bringekluten ser ordinær ut er den perlebroderte borda spesiell; det var ofte brukt korsstyng i ullgarn som bakgrunn for perlene. Men her har ein hatt raust med perler!




søndag 30. august 2020

Bringeklut med stråperler


Sjølv om denne bringekluten har flott dekor av stråperler (kvite, blå, gull og sølv) montert på raudt ullstoff, er dette ein mindre arbeidskrevande perleteknikk. Motiv er åttebladsstjerner omkransa av kors/stjerner. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Mellom det raude og mørkgrøne ullstoffet er det eit smalt metall "gullband". Perlebroderiet er ganske slitt, det kan kanskje ha vore brukt på ein kortare, eldre bringeklut. Montering av  sidefelta av orange bomullsstoff med svarte prikkar er utført med litt røff maskinsaum. At alle sidefelta er av same stoff kan også tyda på remontering. Den smale typen metallband er heller ikkje vanleg på dei eldste bringeklutane. Baksidestoff av ubleika bomullslerret. Uansett ein flott bringeklut som kan ha hatt ein mangslungen historie!






torsdag 27. august 2020

Vakker og velbrukt bringeklut


Denne fargeglade bringekluten har perler montert på raudt, kypertvevd ullstoff, som er smuldra mykje opp. Eit papir-innlegg viser bak det raude stoffet. Kvite, blå og gyldne stråperler, samt blå, kvite og store gyldne perler dannar eit gresk kors over eit Andreaskors. Kvite stråperler øverst dannar ein zic zac, med små blå perler imellom. Øverst eit svart fløyelsband med blomemønster og ein gullknipling over. Bringekluten har høg form, det tyder på bruk frå dei siste tiåra av 1800-talet. Det raude stoffet er slitt, medan det blå verkar nyare. Eventuelt er bringekluten montert på nytt. At det er brukt det same blå bomullsstoffet med kvite prikkar både på sidekantar og bakstykke kan gjerne tyda på det, samt truleg montering med symaskin. Dessutan var det vanleg at sidefeltet nede var av eit anna stoff. 


søndag 16. august 2020

Påkosta langt overliv med smal rygg


Påkosta langt overliv med smal rygg. Dette er eit "nasjonalliv", men også prega av eldre symåte med eit belegg (blått med kvite prikkar) under snippen. Heile overlivet verkar handsydd. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og smale metallband innanfor. Banda går heilt saman under ermane, i motsetnad til det som var vanleg på tidlegare overliv. Framme er det skøytt på med svarte smale band. I livet er stoff og fôr sydd saman med kastestyng. To par hekter/maljer i livet. Fôr av lyst, stripete bomullsstoff, ubleika stoff i ryggen. Under snippen er det trykknappar til feste for bringeklut, desse kan evt vera sydd på seinare.




søndag 9. august 2020

Bringeklut med perlenett


Bringekluten har perlenett av kvite, bondeblå, oker og grøne perler, montert på raudt ullstoff. Motiv er fire heile og fire halve romber, med Andreaskors som deler opp rombene. Bringekluten er kanta med eit blått, skinande stoff, dette er truleg sekundært, også fordi den typiske borda øverst manglar. Det mønstra bomullsstoffet nederst verkar derimot originalt, og det er sydd på for hand. Fôret er av kypertvevd ubleika lerret. Kan evt vera sydd om til barnebringeklut, med trykknappar til å festa bringekluten inni overlivet. Uansett eit flott lite plagg som kan ha vore i bruk lenge.




mandag 3. august 2020

Flott bringeklut med stråperler


Denne flotte bringekluten har dekor av kvite, blå og gull stråperler, samt småperler, montert på raudt ullstoff. Motiv er ein stor Andreaskors omkransa av mindre åttebladsstjerner og små kors og rosettar. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Sidefelt av rosamønstra bomullsstoff, det same stoffet finn ein også i ei klutatrøye frå Tysnes. Bakstykke av kypertvevd ubleika lerret. Montering er delvis gjort med maskin. Evt kan bringekluten vera remontert, men det er vanskeleg å sjå. Bringekluten er i god stand, men enkelte perler har løsna.


søndag 26. juli 2020

Grønt overliv med kvite perletaggar


Klassisk overliv i grønt ullstoff, kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, kvite perletaggar innanfor. Lukka med hekter og maljer. Liten valk i livet. Fôret av ubleika stoff i fiskebeinsmønster er lagt til for hand med mørk tråd. Heile overlivet verkar solid handsydd, og er ikkje omsydd. Sidesaumane er trekte litt bakover, men ryggen er ikkje så smal som den vart seinare. Overlivet er også lenger enn dei gamle korte overliva med brei rygg. Uansett er dette eit fint døme på draktskikken på Tysnes mot slutten av 1800-talet. Evt kan handsaumen tyda på datering så tidleg som kring 1870, men dette er usikkert.


Solid utført handsaum på vranga!



søndag 19. juli 2020

Ein uvanleg bringeklut!


Denne bringekluten er brodert på eit teljestoff i bomullskvalitet. Korsstyng i blått ullgarn dannar bakgrunnen. Gjennomskinlege perler dannar eit motiv som liknar på ein tulipan. Bokstavane BR AD er brodert med perler. D står for dotter. Bringekluten er ikkje ferdig montert. Både bakstykke og bord oppe manglar. Sidefelta er av same stoff, det mest vanlege var at det nederste feltet var i eit anna stoff. Broderte initialer ser ein helst på dei eldste bringeklutane. Evt kan det her vera snakk om ei ettermontering. Uansett er dette ein uvanleg bringeklut!


søndag 12. juli 2020

Overliv utan kvaring i halsen


Dette nette overlivet av raudt ullstoff er spesielt fint utført med handsaum. Fôr av ubleika bomull eller lin, hekter og maljer i livet. Overlevet er kanta med grøn silke (klyppt etter trådretninga) langs ermhol og framme, men ikkje i halsen, dette er uvanleg på Tysnes. Under ermane er det skøytt  på med svart fløyelsband med rosemønster. Perletaggar rundt ermholet, perlerad av småperler og stråperler framme og over skuldrene. Overlivet har brei rygg. Kvaring i hals og valkekanten i livet er av same stoff. Overlivet har både gamle trekk (grøn silkekant, brei rygg, liten valk og handsaum) og kanskje nyare, kreative trekk; perlerad framme og på skuldrene. Kan overlivet evt vera frå eit anna distrikt?


lørdag 4. juli 2020

Overliv med særpreg



Dette overlivet av raudt ullstoff har eit påskøytt stykke i livet og i sidene. Stykket nede er  sydd på med maskin på1960-talet, medan livet elles er handsydd. Brei rygg. Langs hals, framkantar og ermehol er det mønstra band, med breie sølvkniplingar innanfor. Band og knipling går saman under ermane, i motsetnad til på eldre overliv. Sølvkniplingar var vanleg på eldre, korte overliv, men kunne også bli brukt på nasjonaldraktliv.  V-forma halsringing er ikkje typisk. Fôr av ubleika lerret. Trykknappar til feste for stakk. Framme er det sydd på tre store maljer til snøring, desse er av nyare type. Overlivet verkar omsydd ein eller fleire gonger. Kan det vera ein type "nasjonalliv"? Uansett kunne dette staselege overlivet truleg hatt ein mangslungen historie å fortelja! 


søndag 28. juni 2020

Silkesjal - ein viktig del av folkedrakta


Silkesjal var ein viktig del av folkedrakta. Dette flotte silkesjalet måler 63 x 65 cm og har rutemønster i svart og to lilla nyansar, innramma av grøne, smale striper. Stiliserte blomemotiv inni rutene. Silketørkle gjekk mykje ut or bruk då det vart slutt med den gamle folkedrakta, men kan gjerne takast i bruk til bunad i dag! Til mange rekonstruerte bunader høyrer det med silkesjal.

søndag 21. juni 2020

Bringeklut med bord oppe, eldre type


Bringekluten har ei korsstyngsbord på lin eller tidleg stramei der eit symmetrisk, stilisert blomemotiv i lilla, raudt, grønt, kvitt og gult dannar hovudmotivet. Raude korsstyng i botnen. Ei tagga bord i klostersaum øverst. Metallband mellom broderiet og det grøne feltet av linstoff i midten. Sidefelt av lillamønstra bomullsstoff, rosamønstra flanell nede. Svart fløyelsband med rosemønster øverst. Bringekluten er montert på eit bakstykke av kvitt lerret eller liknande. Alt er handsydd. Denne bringekluten er av den tidlege typen, med litt brei bord oppe. Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.

søndag 14. juni 2020

Forseggjort og godt bevart bringeklut



Forseggjort og godt bevart bringeklut. Tidlegaste eigar skal vera fødd i 1849. Broderiet er i  klostersaum på linstoff, med ullgarn i klare, skarpe fargar; raudt, blått, grønt, kvitt, gult og lilla. Kvite felt er brodert. Garnet er truleg anilinfarga; frå 1800 vart det mogleg å kjøpa importerte fargestoff som dei nye anilinfargane. Farging med planter var likevel fremleis stort sett einerådande. Kan vera brodert med Zephyr-garn, som er farga med syntetiske fargestoff. Motiv er åttebladsroser og stjerner, bord oppe med romber og Andreaskors i kombinasjon. Broderiet er omkransa av to typar småmønstra, trykt bomullstoff i gammalrosa og kvitt. Svart fløyelsband med blomemotiv, samt kroklisser øverst. Bringekluten er montert for hand, og at det er brodert på linstoff tyder også på datering før 1870, då strameien kom. Likevel har bringekluten eit moderne preg! Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.



søndag 7. juni 2020

Gammal bringeklut med perlenett




Staseleg bringeklut med stort pernenett montert på raudt ullstoff. Perlenettet er truleg tredd på tvers med ei nål, start øverst. Kvite, grøne, oker og blå perler. Motiv er Andreaskors og romber i rutemønster. Grøn, slitt kvaring øverst, med strie under og sølvknipling over. Bringekluten har avrunda form og det er sydd med leggsaum over ein blå ulltråd rundt det raude ullstoffet. Baksidestoffet av grønbrunt ullstoff er kasta over med blå tråd. - Bringekluten har eldre preg. Fyrste kjende eigar skal vera fødd i 1848. Både mønster og teknikk er mykje brukt i heile Hordaland, men fargane kan variera. I tillegg er dette ein sølvbordebringeklut, med knipla sølvborde på kvaren. Dette kan vera ein rituell dekor, brukt i trulovingstida - sølvborda kunne bli fjerna etterpå og bringekluten brukt på vanleg måte. Men denne er i alle fall blitt bevart! Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.


søndag 31. mai 2020

Bok om bringeklutar



Denne flotte boka om bringeklutar frå Smøyg forlag kom i posten hin dagen. Forfattar er Heidi Fossnes, redaktør for Magasinet Bunad, som også har gitt ut fleire bøker relatert til folkedrakt og bunad. Boka er rikt illustrert med foto og også med ein del instruksjonar. Femten sider omhandler bringeklutar frå Tysnes! Så til de som lurer på noko om bringeklutar: Dette er eit skattkammer!!

søndag 24. mai 2020

Velbrukt gammal bringeklut!


Dette har nok vore ein staseleg bringeklut til den gamle draktskikken med korte overliv, rundt 1850 eller før. Dessverre er den blitt mykje øydelagt, truleg av små gnagarar. Bringekluten har perlenett i kvitt, svart, grønt og oker og er montert på eit raudt plysjliknande stoff. Motiv er ei stor åttebladsrose inni ein rombe av kvite perler, svarte ytterst. Restar etter ein to cm brei blomstrete kvaring. Mellom kvaring og perlenett er det ein gull- eller sølvknipling. Bringekluten måler ca 27,5 x 22 cm og er montert for hand på ullstoff med mørkeblå striper. Det stripete ullstoffet kan vera same type stoff som tidlegare vart brukt i arbeidsklede i Holland, det kan tyda på import av stoffet.  Uansett må denne bringeklutan vera svært gammal.











fredag 15. mai 2020

Langt overliv med ringar til snøring



Typisk langt koneoverliv frå slutten av 1800-talet, men med tre par ringar til snøring. Slike ringar var mest brukt på tidlegare korte overliv. Stoff er tynt ullstoff/klede. Fôr (av ubleika lerret) og liv er sydd saman i lag med maskin på skuldrar og i ryggen. Fôret er bretta over på retta nede. Vidde rundt livet er 65 cm, rygghøgde er 39 cm. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggbreidda nede berre er 9 cm. Lukka med hekte/malje i livet. Overlivet er kanta med svarte band med rosemønster og smale metallband. Smale band under ermane og nede framme. Dette var gjerne for å spara på dei breie banda, eller kan henda det var mote?





søndag 10. mai 2020

Grønt overliv med perlerad



Dette grøne konelivet er typisk frå siste del av folkedraktperioden på slutten av 1800-talet, før kjolemote og "nasjonalen" tok over. Overlivet har ein liten valk av brunruta bomullsstoff, dette er ein rest etter store valkar som vart brukt på korte overliv til omlag midt på 1800-talet. Fôr av lysbrunt, glansa bomullsstoff. Fôr og liv sydd er saman kvar for seg, truleg med maskin. Raudruta skoning langs delar av hals/framme. Vidde rundt livet er 69 cm, rygghøgde er 37 cm. hø rygg 37 cm. Lukka med tre par hekter/maljer i livet. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggbreidda i livet berre er 10 cm. Overlivet er kanta med svarte silkeband med rosemønster og taggerad av kvite perler innanfor. Forseggjort overliv med fin handsaum av band og perlerad.




fredag 1. mai 2020

Bringeklut brodert på lin



Denne klassiske bringekluten måler 26 cm x  27 cm. Dekor av ullbroderi: Plattsaum på lin i fargane raudt, grønt, blått og lilla. Geometriske former. Kvite korssting som dannar mange små krossar. Også kvite korssting rundt dei tre rombene med blå Andreaskors av korssting og gyldne perler inni. Kvit perlerad mot det svarte midtfeltet. Raudrosa mønstrete sidefelt som går litt over på baksida. Øverst er det eit svart fløyelsband med rosemønster. Ein fin detalj er ein liten småblomstra kvaring øverst bak på bringekluten. Bakstykke av brunt bomullsstoff i fiskebeinsmønster med striper. Bringekluten kan vera montert for hand. At det også er brodert på lin og ikkje stramei (som kom rundt 1870) kan tyda på at dette er ein tidleg bringeklut med bord oppe.

Detalj av bord oppe

Det er ein saum eller reparasjon midt på det stripete bakstykket 

søndag 26. april 2020

Brudgomssokkar frå 1860


Desse flotte herresokkkane er strikka i tynt ullgarn. Øverst har sokkane eit glattstrikka felt i lysgrått, deretter striper i blått og brunt. Hæl og tå er igjen einsfarga grå. Dette skal vera brudgomssokkar frå 1860, truleg frå Onarheim. At dei er lite brukt og tekne godt vare på kan også tyda på høgtidsbruk.

mandag 20. april 2020

Tysneshuve for ugift kvinne


Huva er av svart ullstoff. Eit lilla silkeband langs andletopninga markerer at dette er ei huve for ugift kvinne. Truleg har det også høyrt eit langt lilla silkeband til huva, dette vart lagt over framkanten og knytt i nakken. Også små knyteband bak for å regulera vidda. Den kvite kanten langs framkanten kunne takast av og vaskast. Fôr av naturfarga lin eller bomull. Tysneshuva vart også kalla lurahuve.