søndag 28. januar 2018

Grønt overliv med valk


Overliv i grønt brokadestoff. Maskinsydd, og fôr og liv er sydd saman kvar for seg. Vidde  rundt livet er 66 cm, rygghøgde 38,5 cm. Skuldersaumar er trekt bakover og overlivet har smal rygg (12,5 cm nede). Skoning av raud - og burgundermønstra bomullsstoff rundt nakken og framme. Det er merke etter band omlag 2,5 cm breie. Lukking i livet med tre par hekter/maljer. Valk i livet (4 cm i diameter) er sydd i same ubleika stoff som fôret. - Dette er eit seint 1800-tals overliv (eller "øveliv" som det vart kalla), det ser ein på snitt, stoff og saum. Likevel har det element frå eldre overliv, som skoning og valk. Overlivet har lege i ei kiste saman med det svarte forkledet og det grøne, eldre overlivet i dei forrige blogginnlegga. Desse plagga representrer såleis ulike tidsepokar, historikk er elles ukjent. 








Svart forkle med skråbreidder


Fokledet er av silke (eller glansa bommullsstoff) og er sett saman av tre skråbreidder. Breidde  på forkledet er 29 cm oppe og 67 cm nede, høgde 70 cm. Maskinsydd. Midtfeltet har ein 6 cm brei dekor av svart ziczac-band og blomeband 24 cm frå nedre kant. Sju cm kvit blonde nede. Raud- og kvitstripa jare på vranga i sidene. Knapp i venstre side. - Fyrste kjende eigar var fødd i 1885. Dette kan stemma med at slike forklede var vanleg siste 10-åra av 1800-talet. Dei var ofte importerte - kom gjerne med sjøfolk. Forkleda fekk no skråbreidder, på same måte som kjolemoten. Tidlegare var fokleda rektangulære stykke. Dette var eit moteplagg som vart brukt i lag med siste restar av folkedrakta: Stakk og bluse, samt svarthuve og ei sølje i halsen.


søndag 21. januar 2018

Grønt liv av fløyel/plysj.


Gammalt kort overliv med breie skuldrar. Dei rette sidesaumane er trekt litt bakover. Handsydd, eldre monteringsmåte. Overlivet er kvara (kanta) med brunraude/gule band  langs armhol, hals og framme. Innanfor banda er det merke etter 2,5 cm breie band, samt slike merke på skuldrar og rygg - dette kan ha vore vevde sølvband. Det manglar 8-9 cm av "bandet" under armane, dette var typisk på dei gamle overliva. Det kan ha vore valk nede. Overlivet er 80 cm rundt livet, rygglengde er 32,5 cm. Fôr av blått/ubleika ikatfarga bomullsstoff. Seks par snøreringar. Overlivet har nok i si tid  vore brukt til stor høgtid. 


søndag 14. januar 2018

Gammal hjartebringeklut


Her er nok ein gammal hjartebringeklut. Den har eit perlebrodert midtfelt på raud fløyel 11 x 11 cm. Inni hjarta er dei ei åttebladsrose og rosettar. 2,5 cm blå silkekant øverst, med perla Andreaskors under. Alt er brodert med gylte stråperler samt kvite, grøne og gule/oker småperler. Montert på linstoff/strie, eldre monteringsmåte for hand. Bringekluten skal vera frå Mevatne. Fyrste kjende eigar var fødd kring 1850, men bringekluten har så gammalt preg at den kanskje kan ha gått i arv ein generasjon før. Truleg brukt ved forloving eller bryllaup, fordi hjartemotiv symboliserer kjærleik.


søndag 7. januar 2018

Staseleg hjartebringeklut


Denne flotte hjartebringekluten er 30 cm brei og 27 cm høg og har nok vore brukt til kort overliv i den gamle folkedraktskikken. Det perlebroderte raude midtfeltet i glansa ullstoff eller lin (16 x 14 cm) har eit hjarta av gull stråperler og kvite taggar. 8-bladsrose og dobbeltkross i midten er av gull stråperler med kvite perler i endane, samt svarte/grå og grøne perler. To store rosettar over. Kvite romber og blått perlefelt på toppen av svart fløyel over hjarta. Småmønstra skoning bak fløyelen. Fôr av bomull eller lin, kypertvevd. Sidefelta er av bomullsstoff med stort rosemønster. Bringekluten er frå Tysnesbygdo. Historikk elles er ukjent, men hjartemotiv symboliserer kjærleik, så det er nærliggjande å tenkja på truloving eller bryllaup!
Den vesle hjartebringekluten under er nysydd til ein 4-årsdag, laga etter modell og inspirasjon av fleire gamle bringeklutar med hjartemotiv.