fredag 31. mars 2017

Eldre type ermetrøye





Flott gammal handsydd trøye i raudt lerretsvevd ullstoff, kanskje heimevevd. Trøya har rette sidesaumar. Truleg frå før eller kring 1850. Begge ermar består av eitt stort stykke og ein lang kileforma del. Mosegrøne (falma?) silkeband langs hals og framme, 5 cm splitt på ermane og merke etter fløyelsband med rosemønster. Høgde midt bak 31,5 cm, vidde i livet 83 cm. 22 cm til snipp framme og 14 cm høgde i sida. Ermane er 51/48 cm lange og 34 cm vide (19 cm ved handleddet). Bladmønstrete brun skoning (belegg) framme og i hals, lerret midt bak. Elles er trøya utan fôr. Merke etter to par hekter/maljer i livet. Dette har nok vore ei stastrøye i si tid! Slike trøyer vart brukt inni overliv i ein avvikande farge, truleg grønt i dette høvet.





Raud ermetrøye utan kanting





Godt bevart stastrøye som er sydd nesten utan at stoffet er skøytt. Det særprega ved denne trøya er at det manglar band langs hals og framkantar. Tre cm breie silkeband med rosemønster ved handleddet (vidde 20 cm), med ein smal kvit tittekant. Ermet er skona med fem cm ubleika lerret. Livvidde 64 cm, høgde til snipp 31 cm. Berre fôr i bolen. Høgde rygg er 37 cm og armane er 59/57 cm lange. Trøya har brei rygg, 26 cm i livet. Merke etter to cm band nede, evt. er det jaren på stoffet? Trøya er truleg noko nyare enn forrige ermetrøye. Begge er handsydde. 




fredag 24. mars 2017

Forkle med tyllbroderi



Forkledet i kvitt bomullsstoff har ei innfelt bord på 19 cm av tyll med broderi i bomullsgarn (perlegarn) med heile og halve åttebladroser, inndelt av Andreaskors/romber. Forkledet er 77 cm høgt og 69 cm breitt og montert med maskin. Rynka til ei 26 cm lang linning i livet, knapphol i høgre side. Dobbelt stoff over og nedanfor borda. Dette forkledet er også truleg brukt til bunad/Nasjonalen og er tidlegast frå seint 1800-tal.

Forkle med hekla bord




Eit spesielt forkle i bomull med innfelt hekla bord med 5 åttebladroser omkransa av Andreaskors/krunerader. Mønsteret ber preg av hardangersaum og det er truleg meininga også! Forkledet er 80 cm høgt og 68 cm breitt og montert med maskin. Rynka til linninga i livet til 29 cm. Dobbelt stoss nedanfor hekleborda. Dette forkledet er truleg brukt til bunad/Nasjonalen og er tidlegast frå kring førre århundreskifte.

fredag 17. mars 2017

Overliv prega av kjolemote



Dette er eit typisk overliv i tynt ullstoff, frå slutten av 1800-talet, prega av kjolemote med langt liv, smal talje og av "nasjonalen". Hand- og maskinsydd. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, som også er å sjå på eldre overliv. Liv og fôr er kasta saman nede. Livvidde er 67 cm, ryggen er 38,5 cm lang og høgde i sida er 22 cm. I motsetnad til forrige overliv går banda saman under armane og heilt ned i livet. 3 hekter/maljer i livet.





Handsydd eldre overliv




Overlivet er fint handsydd i nydeleg brokadestoff. Kanta (kvara) med stripete 1,3 cm breie silkeband/stoff langs armhol, hals, framme og på skuldrene. Gullkniplingar innanfor silkebandet, unnateke 6 cm i armhol og 10 cm framme. Ryggen er 31,5 cm høg, skulderbreidde 11 cm, høgde i sida er 14 cm og midt ramme 24 cm. Livvidde 75 cm. 6 cm mørkegrønt ullstoff nede kjem i tillegg til desse måla. Sidesaumane er rette og berre trekt litt bak på ryggen, dette tyder på eit eldre overliv, men det er likevel ikkje så kort som dei eldste overliva me kjenner til. Merke etter hekter/maljer i livet.





fredag 10. mars 2017

Stormønstra overliv



Dette overlivet har snitt med brei rygg, men er lengre enn dei eldste overliva som har meir primærsnitt. Omsaumen med maskin (nye skulder- og sidesaumar) verkar hastig gjort. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster, 4 - 6 cm fløyel under armane. Slike fløyelsband er mykje brukt på seinare overliv, dei kan såleis vera sekundære. Overlivet er 36 cm langt i ryggen og har ei livvidde på 68 cm. 18 cm langt i sidene. Nede er det ein liten valk. Stoffet verkar meir 1700-tals, men det kan vera stoff ein har hatt liggjande. Det finst minst to andre overliv frå Tysnes i tilsvarande stoff.