fredag 2. november 2018

Raud og grøn trøye



Eldre handsydd trøye, bolen er i grønt brokadestoff. Det kan verka som ermane (av grovvevd  ullstoff i lerretsbinding) kan vera sydde på seinare, men truleg har trøya alltid vore slik. Trøya har valk (som stakken skulle henga på). Linfôr i livet, ermane er utan fôr. Både trøye og fôr er sett saman av fleire mindre stykke. Ermesplitt er fôra med stripete bomullsstoff, kvaringar (kantar) av blå silke. Elles er trøya kanta med kjøpeband. Høgde midt bak er 32 cm og armlengde 60 cm.
Eit spesielt plagg som truleg er frå før 1850. Funne under renovering av eit gammalt hus.




Stripete understakk



Denne stripete understakken i kraftig bomullstoff vart også funnen i ein vegg på løa som vart flytta til Grimsland om lag 1895 og har såleis vore nytta som isolasjonsmateriale. Ein del av stoffet er smuldra vekk, men det er nok att til å sjå at dette i si tid har vore eit flott plagg! Stakken er maskinsydd av to stoffbreidder og er 87 cm høg og  246 cm vid og med ein 20 cm lang splitt i eine saumen. Vidda til livet er teke inn med 11 djupe legg, til 68 cm. Linning av gråmønstra stoff. Nederst 3,5 cm skoning av stakkastoffet, samt band av ei stripe av stoffet 8,5 cm frå nedre kant.


Raud understakk med trykt mønster


Nydeleg understakk i raud flanell med trykt mønster som peiker bakover mot tidleg på 1800-talet, men skjørtet er maskinsydd og må difor vera frå etter 1860-70 åra. Det var nok ikkje uvanleg at ein hadde stoff liggjande lenge. Stakken er sydd av eit stoffstykke, 80 cm høgt og 180 cm langt, med ein 21 cm lang splitt/opning i saumen. Vidda til livet er teke inn med ca 4 cm djupe legg. Linning av blått tynt stoff. Nederst ein skoning av kypertvevt bomullsstoff. 
Understakken vart funnen i ein gammal vegg på ei løe som vart flytta til Grimsland i Lunde om lag 1895 og har såleis vore nytta som isolasjonsmateriale. Kan det ha vore ei krevande svigermor sin stakk sidan eit så flott plagg har hamna i løeveggen?

lørdag 20. oktober 2018

Gull frå gamle vegger!



Dette er delar av ei svært gammal laskatrøye som vart funnen i ein husvegg under restaurering av eit gammalt hus i Lunde. Trøya har såleis vore nytta som isolasjonsmateriale.  Sjølv om laskane (kilane) nede og mykje av trøya er smuldra vekk, er det nok att til å sjå at dette har vore ei staseleg laskatrøye! Slike trøyer vart gjerne brukt med halvskjorter eller såkalla lygar inni. Eine ermet er delvis bevart og her kan ein sjå ein fint innsett kile og den fine monteringa av bandet ved handlinninga. Trøya er handsydd med (mørk) lintråd med atterstyng, sumane er lagt ned og kasta over. Trøya er utan fôr, men med klassiske belegg av småmønstra bomullsstoff langs framkanten og framme på armane. Det er same type rosemønstra silkeband langs hals og framkantar som på armane, på mange trøyer er det forskjellige band her. Men kan henda har handelsmannen hatt ein stor rull med silkeband på lager! Det ville vore kjekt om det dukkar opp fleire slike skattar i gamle husvegger, dette er tekstilar som kan gje oss viktig informasjon om klede langt tilbake!!



Tysneskoner i laskatrøye og svarthuve

tirsdag 16. oktober 2018

Krage for barn



Slike kragar vart gjerne brukt over kjole som vart nytta av både gutar og jenter opp til eittårsalder, dette kan ein sjå på foto frå kring 1900. Denne maskinsydde kragen i engelsk blonde er 19 cm brei og 23 cm høg. Kragen er sett saman av ein hovuddel med blondekappe rundt, som er sydd glatt til hovudstykket, med fine legg rundt dei avrunda hjørna. Alt er sydd av engelsk blonde.  Seperat bakstykke i dobbelt vrengsydd flanell. Lukka i nakken med hempe og knapp. 


fredag 12. oktober 2018

Raud dåpshuve




Nydeleg raud barnehuve med dekor av perlebrodert 8-bladsrose på toppen, omkransa av små perla rosettar. På kvar side av huva er det perla Andreaskors og midt bak Andreaskors i ein firkant. Saumane er dekka av metallband samt ein metallknipling framme. Huva er kanta med 1,5 cm breie grøne zic zac silkeband og er fint sauma for hand med lintråd. Dette er ei svært gammal huve. Både dekor og montering er nøyaktig utført. Delane er fôra kvar for seg og saumane er bretta til kvar side og sydd ned med kastestyng. Perlebroderia er sydd gjennom fôret av tynt linstoff.




torsdag 6. september 2018

Klassisk bringeklut med bord oppe



Denne bringekluten er truleg frå siste 10 år av 1800-talet. Dette ser ein fordi bringekluten er lang (vart brukt til overliv som var lengre enn tidlegare), har broderi med perler og garn på stramei (strameien kom hit kring 1870) og har asymmetrisk bladmønster, som kom med tyske mønsterbøker på denne tida. Det er brodert med halve korsstyng i flaskegrønt som dannar bakgrunn for blad med kvite, raude, svarte og gul(l)perler. Perleborder oppe og nede med  kvite taggar. Øvst er bringekluten kvara med raud silke. Svart ullfelt i midten. Bomullsstoff med trykt bladmotiv på sidestykka. Fôr av kraftig grårutete stoff som også dannar ein kant på framsida. - Klassisk bringeklut frå slutten av folkedraktperioden på Tysnes. Men ingen slike bringeklutar er likevel  heilt like!

tirsdag 14. august 2018

Bringeklut type Hardanger



Tek med denne flotte bringekluten, som kan vera frå Hardanger eller ha sitt opphav på Tysnes, der Hardangerbunaden - eller "Nasjonalen" er blitt mykje brukt. Dekor er stråperler og perler sydd på raudt ullstoff. Fire 8-bladsroser omkransar eit stort Andreaskors. Svart fløyel i overkant med ei rad typiske perlemotiv. Fôr og sidefelt av kvitt bomullsstoff, sydd på med maskin. Dette er ein nyare monteringsmåte som ikkje vart brukt i folkedraktene.


søndag 1. juli 2018

Bringeklut i gammal tradisjon


Dette har vore ein bringeklut til stasbruk - kanskje bryllaup? Den har eit raudt midtfelt av ullstoff med perlenett av kvite, grøne og gulbrune perler. Øverst ein gullknipling og blå silke.  Blårutete bomullsstoff nederst. Raud- og blåmønstra band øverst på sidefelta. Som type er denne bringekluten gammal fordi den er kort, og høvde såleis til dei korte overliva fram til kring 1850. Den er også montert for hand. Sidefelt og bakstykke av lyst bomullsstoff med burgunder blomeranker. Denne type bomullsstoff peiker tilbake mot byrjinga av 1800-talet, gjerne før det og kunne også bli brukt til stasforkle.


søndag 24. juni 2018

Bord til bringeklut.


Broderiet ser ut til å vera spretta av ein bringeklut. Det er brodert i tynt ullgarn med korsstyng på stramei med raudt som hovudfarge, elles i blått, gult, grønt, rosa, svart og lilla.  Motiv er Andreaskors omkransa av to romber med doble kors inni. Typiske border med zic-cac over og under broderiet. Broderiet måler 8 x 16,5 cm. Ettersom det er sydd på stramei kan ein rekna med at broderiet er frå godt etter 1870. Det er kjekt at slikt er teke vare på!



søndag 17. juni 2018

Gammal bringeklut i ny drakt


Denne bringekluten har dekor av perlenett i kvitt, grønt og gult som er montert på raud ullbrokade. Dette er igjen montert på det grå stoffet m/kvite og blå rundingar. Baksida av dette stoffet dannar fôret. Eit kvitt og rosa band eller stoff med skråhjørne, sydd på med maskin omkransar den raude ullbrokaden. Svart fløyelsstoff i overkant. Monteringa med symaskin kan vera gjort i ettertid, perlenettet kan eventuelt stamma frå ein eldre bringeklut.

fredag 18. mai 2018

Klassisk lang bringeklut


Her er me igjen tilbake til den klassiske bringekluten, som det finst mange av i ulike variantar. Men ingen er heilt like! Denne har eit midtfelt av grønt ullstoff og eit raudt ullfelt på  8 x 12,5 cm som er dekka med blå, kvite og gull stråperler, samt perler i kvitt, grønt, blått og store sølvfarga perler. Mønster er Adreaskors- og greske krossar. Kvit perlerad nede og oppe og svart silkeband med roser øverst. Bringekluten er montert for hand og måler 29,5 x 27 cm. Raudmønstra sidefelt. Det lilla fôret med grøne og gule striper viser også på framsida. Bringekluten har tilhøyrd same eigar som klutatrøya i forrige innlegg.


torsdag 10. mai 2018

Tysneshuve



Det nærmar seg 17. mai og eg vil gjerne slå eit slag for Tysneshuva, som var ein viktig del av den gamle folkedrakta. Tysneshuva var i bruk fleire tiår inn på 1800-talet, men i seinare tid helst til kjolemote. Denne gamle huva av eit fløyelsliknande stoff (eller poudepêce? - stavemåte uviss) består av eit rundt bakstykke om lag 31 x 32 cm. Framstykket er fasongskore.  Stoff og fôr er sydd saman for hand med atterstyng og kastestyng over sårkant. Huva er skøytt på framme med atterstyng rette mot rette. Svart silkestoff 2 x 40,5 cm og ditto skråklyppt kvit bomullslist som viser som ein smal tittekant på retta. Den kvite lista kunne takast av og vaskast. Smalt svart silkeband med roser nede på huva, rynka saman bak. Dette kan evt vera ei jentehuve som er gjort om til konehuve ved hjelp av det svarte bandet.






søndag 6. mai 2018

Klutatrøye




Klutatrøyer vart brukt dei siste tiåra av 1800-talet og inn på 1900-talet. Eigar av denne trøya frå Uggdal levde frå 1858 - 1945. Klutatrøya er eit seint folkedraktplagg som vart brukt under overlivet, til både kvardag og helg. Den bluseliknande trøya går til livet, har skrå rygg og vide armar som er rynka til armhol og lagt i legg/rynka til handlinning. Klutatrøyer var sydd av bomullstøy (eller "klutatøy") og var ofte raude med mønster i stoffet. Denne nydelege rosaraude trøya har små spetter i kvitt og mørk raudt. I halsen er det tråkla på ein kvit blonde. Trøya blir lukka med åtte knappar/knapphol, samt knappar på handlinninga. Den er maskinsydd med svart tråd, har to innsnitt på framstykka og er heilfôra med ubleika lerret. Etter dagens mål er klutatrøya i liten storleik: Brystvidde 82 cm, livvidde 72 cm, rygghøgde 40,5 cm, medan armane er heile 55 cm lange! 

 


søndag 29. april 2018

Ein typisk bringeklut



Nok ein typisk bringeklut frå siste tiåra av 1800-talet. Dekor er eit raudt brodert felt, korsstyng på stramei 16 x 5,5 cm. Åttebladroser og Adreaskors/romber i blått og rosa ullgarn, samt mjølkekvite, raude, svarte og blå perler. Border oppe og nede. Svart silkeband med brosjerte roser øverst. Bringekluten måler 29,5  x 28 cm og er montert med maskin. Midtfeltet av svart ullstoff måler 16 x 14,5. Det er ramma inn av to ulike raudmønstra sidefelt av bomullsstoff. Fôr av kypertvevd ubleika bomullsstoff som også viser framme. Same fyrste kjende eigar (f. 1858) og same montering som bringekluten i forrige innlegg.

søndag 22. april 2018

Bringeklut med bord oppe


Dette er ein klassisk bringeklut frå siste tiåra av 1800-talet. Dekor er eit raudt brodert felt på stramei 15 x 6 cm, med Adreaskors og romber i grønt, blått, svart og rosa. Teknikk er plattsaum med forskjellig stinglengde. Strameien viser på sidene, dette var ikkje uvanleg. Tre cm breitt svart silkeband med brosjerte roser øverst.  Bringekluten måler om lag 29 x 29 cm og er montert med maskin. Fôr av kypertvevd ubleika bomullsstoff som også viser framme. Midtfeltet av svart fløyel måler 17 x 15, det er ramma inn av to ulike raudmønstra bomullsstoff. Bringekluten kjem frå Uggdal. Fyrste kjende eigar var fødd i 1858, dette kan også stemma med mi datering av bringekluten.


søndag 15. april 2018

Hjartebringeklut på burgunderraud fløyel


Hjartebringeklut perla på burgunderraud fløyel. Det perlebroderte midtfeltet med Andreaskross og greske krossar er 19 cm høgt og 17 cm breitt. Hjarta er av gylte stråperler med kvite perler i endane, krossane av blå, mjølkekvite og gylte stråperler, samt små og store perler. Øverst eit svart silkeband med brosjerte roser og eit sølvband nedanfor. Monteringa med maskin verkar sekundær.  Det beige/rosa fôret er bretta over på framsida og dannar sidefelta, dette er ein nyare metode. Sølvbandet er montert utanpå sidefelta, det er sekundært. Fyrste kjende eigar var fødd i 1858 og døydde i 1945, men bringekluten kan ev ha gått i arv ein generasjon før. Det er nærliggjande å tru at bringekluten har vore brukt ved forloving eller bryllaup, fordi hjartemotiv symboliserer kjærleik. Remonteringa tyder at den flotte bringekluten også har vore brukt til bunad etter at folkedraktperioden var over.


søndag 8. april 2018

Staseleg svart forkle



Staseleg forkle frå Uggdal (Reiso) i silke eller bomullsateng. Lilla og grøne striper som gjev fin ruteeffekt nederst. Forkledet er 73 cm høgt og 67 cm breitt nede. Frå livet og ned går det tre 50 cm lange innsnitt, i midten og på kvar side. Ein tre cm brei blonde er sydd på med maskin ved enden av innsnitta. Same type blonde er brukt nede. Jaren viser i begge sider. Oppe er forkledet 49 cm breitt. Ein cm av stoffet er bretta inn til linning, sydd med  to maskinsaumar. Rutete skoning på vranga nede av liknande men rimelegare stoff.


mandag 2. april 2018

Staseleg bringeklut


Staseleg bringeklut frå Onarheim med midtfelt av grønt brokadestoff (15 x 12cm) dekorert med kvite, blå, gull stråperler og småperler, samt mangekanta, store gylte perler som til saman dannar to store og fleire små Andreaskors. Øverst er det ei om lag fire cm brei brokadebord med fleirfarga mønster. Stormønstra sidefelt av bomullsstoff. Fôr av blått/ubleika stripete bomullsstoff, fôret er bretta litt over på framsida. Bringekluten er 24 cm høg og 26 cm brei og er montert for hand. Fyrste kjende eigar var fødd i 1838. Uansett høyrer denne godt bevarte bringekluten til den gamle draktskikken med korte overliv






søndag 4. mars 2018

Svarthuve - Tysneshuve


Svart konehuve i fløyel, 43 cm brei og 36 cm høg. Huva består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Svart silkekant/band framme. Bak ei 6,5 cm brei list av mørkt ullstoff. Skråklyppt 5 cm brei dobbel kvit bomullslist som dannar ein tittekant framme på huva. Den kvite lista kunne skiftast etter behov. Eit svart silkeband vart lagt utanpå den svarte kanten og knytt bak. Nede ein smal løpegang slik at huva vart rynka saman. Huva er fôra med govt lerret. Dette er ei klassisk svarthuve frå slutten av 1800-talet, relativt stor og sydd saman med maskin. Fløyelshuve vart rekna som stor stas. Tysneshuva vart også brukt til kjolemote, etter at den gamle folkedrakta var gått ut or bruk. 

søndag 25. februar 2018

Bringeklut med perlevev


Særeigen bringeklut frå Onarheim av perlevev med mønster av rader med åttebladroser, smal bord med romber øverst. Bringekluten er 22 cm høg og 29 cm brei og montert for hand. Perlevev er 10,5 cm høg og 14,5 cm brei. Det er vevd med kvite, grøne, svarte og okergule  perler. Øverst på bringekluten ei bord av 4,5 cm raudmønstra brokadestoff. Nedanfor perleveven eit gult band med gull-zic-Zac. Fôr av ikatfarga beige og blått bomullsstoff, same type fôrstoff kan ein finna att i overliv. Fyrste kjende eigar var fødd i 1838, uansett høyrer denne bringekluten til den gamle draktskikken med korte overliv. 


søndag 18. februar 2018

Reivaband



Reiving av born kunne vera vanleg fram til 1920 - åra på Vestlandet. Babyen vart surra med eit breitt band. Til høgtid vart det truleg avslutta med vevde reiveband. Dette reivebandet er  2,5 cm breitt og 237 cm langt, medrekna 4,5 cm lange frynser. Kvar rapport av rombe og Andreaskors i rustraudt ullgarn er 2,5 cm. Blågrøn og rustraud mønsterstripe på sidene, jute i botnen. Bandet  kan vera vevd på bandvev eller brikkevev. Truleg same eigar (f. 1838) som til dåpsbleia i forrige blogginnlegg  og evt vore brukt i lag med den!  

Sjå også blogg.


søndag 11. februar 2018

Kristnebleie (dåpssmekke)


Dåpssmekka eller kristnebleia var særleg utbreidd på Vestlandet, men er no lite kjend. Den smale, avstiva smekka kunne vera dekorert med forskjellige symbol, og var meint å leggja oppå barnet når ein heldt det fram til døypefonten. Denne smekka som er 45,5 cm lang og 14/21 cm brei, er kvara (kanta) med to cm blå silke og med sølvband innanfor, som også er lagt i Andreaskors nedover. Dekor av blå, gull og kvite stråperler, samt kvite og grøne perler som formar mønster med Andreaskors/8-bladsroser og doble kors. Oppe er det eit fem cm breitt sølvband. Dåpssmekka er fôra med gulaktig linstoff. Dekoren rommar mykje symbolikk, m.a. Den treeinige Gud og skulle halda vonde makter ute. Fyrste kjende eigar levde på Onarheim frå 1838 - 1922. Les meir om dette spanande plagget på
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kristnebleie_(d%C3%A5pssmekke)







søndag 4. februar 2018

Belte med perlenett


Nydeleg gammalt belte med perlenett på raudt ullstoff. Perlenettet består av gjentakande rapportar av kvite, gule og grøne romber med små Andreaskors i midten, totalt 9 rapportar og to halve i endane. Lite blått kors i midten av rombene. Beltet er kanta med klassisk svart band med lilla og grønt mønster, samt ein smal gullknipling på langsidene. Endane på beltet er avslutta med to cm breitt metallband. Beltet er lukka med tre par hekter og maljer, har fôr av blåmønstra bomullsstoff og er sjølvsagt montert for hand. Det er 8 cm høgt og 69 cm langt. Beltet har lege i ei kiste saman med m.a det grøne livet i fløyel/plysj i eit av dei forrige blogginnlegga og kan ha vore brukt i lag med dette eller eit anna kort overliv.


søndag 28. januar 2018

Grønt overliv med valk


Overliv i grønt brokadestoff. Maskinsydd, og fôr og liv er sydd saman kvar for seg. Vidde  rundt livet er 66 cm, rygghøgde 38,5 cm. Skuldersaumar er trekt bakover og overlivet har smal rygg (12,5 cm nede). Skoning av raud - og burgundermønstra bomullsstoff rundt nakken og framme. Det er merke etter band omlag 2,5 cm breie. Lukking i livet med tre par hekter/maljer. Valk i livet (4 cm i diameter) er sydd i same ubleika stoff som fôret. - Dette er eit seint 1800-tals overliv (eller "øveliv" som det vart kalla), det ser ein på snitt, stoff og saum. Likevel har det element frå eldre overliv, som skoning og valk. Overlivet har lege i ei kiste saman med det svarte forkledet og det grøne, eldre overlivet i dei forrige blogginnlegga. Desse plagga representrer såleis ulike tidsepokar, historikk er elles ukjent.