søndag 29. desember 2019

Mansjettar med hekling




Desse flotte mansjettane er 22 cm lange og 8 cm breie. Dei er maskinsydde med stikning langs kantane. Den hekla blonden med rutenett av stavar og luftmasker, og avslutta med 8 tunger, er sydd fast til eit 2,5 cm breitt dobbelt bomullsstoff. Det er ikkje merke etter lukking eller at mansjettane har vore sydd fast til eit plagg. Mansjettane kan ha vore brukt i overgang til moteplagg, kan henda til ei knappetrøya?



søndag 1. september 2019

Skjortebryst



Dette er eit nyare, maskinsydd plagg. Skjortebrystet har eit lite bakstykke. Dekor med biser i fronten og ei 2,5 cm brei list med plattsaumbroderi. Halslinninga er 3 x 40,5 cm. Skuldersaumar er handsydd og lagt ned for hand. To knappar og knyteband nede.😊

Skjortelinning


Linninga er 38 cm langt og 4,5 cm høgt. Teknikk er knipling med hekleborder ytterst på langsida.  Motiv er romber og Andreaskors. Broderiet er sydd fast til linstoffet, som er falda inn 0,5 cm med kastestyng. Stoffet kan vera slitt eller klyppt av på eine sida. Kan dette ha vore brukt som ei slags halvskjorte? 

Stakkalinning - eller kanskje belte?


Dette har anten vore ei stakkalinning eller eit belte. Det er brodert på det som truleg er ein tidleg type stramei med grønt og raudt ullgarn i korssting og med gjennomskinlege perler. Motiv er Andreaskors og romber. Raud sikksakk - bord langs eine langsida, fylt ut med blått i smøyg. Merke etter tråklesting med brun lintråd langs andre sida. Fôr og lukking er fjerna. Det måler 72 x 2,5 cm. Historikk er ukjend, men teknikk og motiv kan tyda på at dette kanskje er frå 1870-åra.


Skautaband




Det er brodert på bomullsstoff med plattsaum. Motiv er åttebladsroser. Primhol i midten og fem primhol mellom rosene. Lengde 43 cm, breidde 2,5 cm. Broderiet på det umonterte stykket er 24 cm langt.

Diverse band

Metallbanda er ein cm breie og 22/30 cm lange, truleg tenkt til dekor på bringeklutar. Kroklissen nederst er sju millimeter brei, men noko ujamn. Denne kan vera tenkt til dekor på overliv, innanfor andre band. 



Under: Mønstra silkeband som kan ha vore dekor på bringeklutar. 😊










😊

Vevde band

Dette er ein rull med 1,5 cm breie vevde band. Renning av hamp/lin, samt gul og grøn stripe på sidene. Innslag av raudt, tynt ullgarn. Motiv er Andreaskors/romber. Kan banda vera tenkt til hårband? Kjenner ikkje til slike band på overliv frå Tysnes. Banda er kjøpt på auksjon i si tid, og kan også ha vore "importert frå eit anna draktområde.



Det tettvevde bandet måler 56 x 2,5 cm og kan ha vore tenkt som stakkalinning. Ubleika bomull i renninga på sidekantar. Innslag av tynt ullgarn i raudt, blått og bondeblått. Motiv er Andreaskors og romber.😊




Overliv - "nasjonalliv"



Typisk overliv til "Nasjonalen" i raudt/rosa silkestoff. Det er kanta med 2,5 cm breitt bomullsband med rosemønster. Nederst framme er det skøytt på med sju cm svart glansa stoff (istadenfor band) - alt sydd på med maskin. Nede ein kant i silkestoffet. To par hekter/maljer i livet.😊



Fargerik bringeklut med blå stråperler



Denne fargerike bringekluten har eit perlebrodert midtfelt på ca 14 x 14 cm med ein fire--blada blom og åttebladsrose i midten. Det er brukt kvite, gull og blå stråperler, samt grøne og kvite perler. Bringekluten er ca 27 cm brei og 23 cm høg og er truleg montert for hand. Øverst er det ein tre cm blå silkekvaring med ein gullknipling over. Rosemønstra sidefelt og bakstykke av brunstripete flanell.😊



søndag 11. august 2019

Bringeklut med småmønstra sidefelt


Bringekluten har silkeband øvst med sølvblonde utanpå. Midtfeltet i raudt ullstoff på 15 x 15 cm har dekor av åttebladsroser av kvite, blå og gull stråperler, samt perler i kvitt, blått, gult og store i "sølv". Til saman dannar mønsteret eit Adreaskors (kvitt) og eit gresk kross (blått). Bringekluten har småmønnstra blå/lilla sidefelt på kvit botn. Bakstykket er av stripete bomullsstoff med blomar. Bringekluten kan vera montert for hand og er truleg frå overgangen til lengre overliv.😊




Svarthuve -Tysnes - huve


Denne handsydde konehuva frå Tysnes er laga av svart ullstoff og fôra med ubleika bomullsstoff, begge kypertvevd. Bak er det ein 26 cm lang løpegang med ei tynn snor til å knyta i nakken. Det runde bakstykket er flatt oppe, breidde 37 cm og høgde 34 cm. Framstykket er fasongskore. Ullstoff og fôr er sydd saman med atterstyng, sårkanten er ikkje kasta over. På vranga i andletsopninga er det eit skråklyppt ullstoff 40 x 4 cm, samt eit stivt stoff under det. Eit to cm breitt silkeband viser på retta. Over framkanten vart det lagt eit om lag 130 cm langt svart silkeband som vart knytt bak, men dette er ikkje bevart med huva. Tysnes-huva vart også kalla lurehuve!😊



fredag 2. august 2019

Svarthuve i mørk blå fløyel





Denne godt bevarte, handsydde huva skil seg ut frå "normalen" ved at det er svart band på blå huve - på jentehuver (for ugifte kvinner) brukte det vera blå/lilla band. Framstykket er heller ikkje fôra, huva blir såleis meir lapsete. Bakstykket er nesten rundt (31 x 30 cm), framstykket er fasongskore.  Fløyel og det gule bomullsfôret er sydd saman  med atterstyng, sårkanten er ikkje kasta over. Framme er huva kanta på vranga med skråklyppt brunt dobbelt ullstoff. Svart silkeband på retta. Nede er huva kanta med eit smalt roseband. Løpegang med tynn snor til å knyta i nakken. Fløyelshuver var til stor stas, dette var nok inga kvardagshuve!😊

fredag 26. juli 2019

Raudt overliv med kjøpeband


Dette er eit typisk nyare overliv med mønstra kjøpeband og kvit perlerad innanfor. Her er me nok over i tida då "Nasjonalen" tok over for folkedrakta, men dei tilbaketrekte sidesaumane viser også trekk frå Tysnes. Livet er utan fôr, men har brunruta bomullskvaring på vranga. Sju cm mørkare raudt stoff er skøytt på nede med symaskin, det er fôra med pepitarutete bomullsstoff. Framme er det merke etter 11 par hekter/maljer.  Seks hekter nede for feste til stakk. Maskinsydde innsnitt på ryggen. Innsnitta og det påsette stoffstykket kan vera gjort i ettertid. Det spesielle ved dette liver er at det er hekta saman nesten opp til snippen.😊



søndag 7. juli 2019

Skjortebryst



Skjortebrystet har dekor av plattsaumbroderi og biser. Det måler 41 x 35 cm. Bakstykket, som skrår mot skulder er 7 cm høgt. Enkel ståande halslinning. To knappar og knyteband nede. Skjortebrystet er maskinsydd og kan vera skreddarsydd eller eit kjøpeplagg. Mennene tok tidlegare etter bymoten enn kvinnene og dette er nok eit slikt moteplagg. 😊

Ermelaus laskatrøye



Svært fint handsauma laskatrøye av svart ullstoff og fôra med lysgult og ubleika lin/lerret. Trøya har to laskar (kilar) på kvar side av ryggstykket, desse er fint boga nede. Sårkantar på stoff og fôr er kasta saman og fôret er staffert til nede. Trøya er 51 cm lang midt bak, laskane er 20-22 cm lange. Det er merke langs framkantar og hals av blå tråd etter band som truleg er spretta av. Det er ikkje merke etter band rundt armhola, dette bekreftar at trøya truleg har hatt armar. Stoff, og ikkje minst fôrstoffet er godt utnytta, med mange skøyter, særleg på laskane.😊


tirsdag 2. juli 2019

Overliv med vevde band




Flott handsydd overliv av raudt ullstoff. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggen blir berre 10 cm brei nede, dette er typisk snitt for overliv mot slutten av 1800-talet. Tre cm breie grindvevde band  i blått, raudt og blågrønt på svart botn. Under armane manglar nokre cm med band, dette var vanleg på gamle overliv. Overlivet er utan fôr, men har raudruta bomullskvaring på vranga. Saumane er fint bretta til begge sider og kasta ned. I livet er det merke etter tre par hekter/maljer. Det er uvisst om det har vore valk eller fald nede. Alt i alt; eit typisk overliv før "nasjonalen" tok over som vanleg bunad.😊





tirsdag 25. juni 2019

Bringeklut med stråperler og rutete sidefelt




Denne flotte bringekluten har silkeband øverst med ein sølvblonde utanpå. Midtfeltet i raudt ullstoff på ca 15 x 15 cm har dekor av perler som dannar eit Andreaskors og gresk kors av fem åttebladsroser. Det er nytta kvite, blå og gull stråperler, samt perler i kvitt, blått, gult og store perler i "sølv". Rutete sidefelt - og kan det vera ein rest av gyldenlær som er brukt under det raude feltet? Bakstykke av stripete bomullsstoff med blomar. Bringekluten måler ca 26,5 x 23 cm. Den fine monteringa er truleg gjort for hand. Fyrste kjende eigar var fødd i 1873, men bringekluten kan vera eldre.😊




tirsdag 8. januar 2019

Interessant bringeklut



Bringekluten som måler om lag 28 x 28 cm har dekor av broderi med perler og ullgarn på stramei 13,5 x 13,5 cm. Motiv er m.a. eit stort Andeaskors i midten og fire små kors rundt, samt fire kruner brodert med svart, lilla og gammalrosa garn. Sidefelt av raudrosa bomullsstoff med motiv av blomar og tre, samt eit småmønstra stoff nedanfor broderiet. Kvite perletaggar og mønstra silkeband øverst. Sidefelta kan evt vera sydd på med maskin, elles ingen synlege maskinsaumar. Eg vil tidfesta bringekluten til siste del av 1800-talet, i alle fall til etter 1870 sidan det er brodert på stramei. Kan krunene ha noko med norskdomsrørsla å gjera? Den interessante bringekluten vart funnen i 1987 i huset vårt på Breidablikk, som var bygd i 1907. Eg har ikkje sett liknande bringeklut frå Tysnes, kan den ha kome frå Sogn med fyrste eigar av huset, Anna Gjerstad? 

Fôret er brunt m/lilla mønster