torsdag 30. januar 2020
Dåpshuve med blå silkekant og perler
onsdag 29. januar 2020
Dåpshuve med blå silke og perler
tirsdag 28. januar 2020
Kvit Barnehuve i stripete bomullsstoff
mandag 27. januar 2020
Kvit barnehuve utan fôr
fredag 24. januar 2020
Bringeklut med bord og botn
Bringeklut med bord og botn, 30 cm brei og 26 cm høg. Brodert bord i korsstyng - ullgarn på stramei 6 x 14 cm i blått, grønt og orange, raud botnfarge. Motiv er romber og åttebladsrose i midten. Rutete stoff 4,5 x 6 cm på kvar side. Det mørkeblå midtfeltet i ullstoff måler 19 x 16 cm og er sydd til baksidestoffet med leggsaum over ein gul ulltråd. Baksidestoffet av ubleika linlerret har ein smal fald mot vranga rundt tre sider, sydd med små faldesting. Bringekluten har den typiske borda oppe, men har likevel eldre trekk, med den firkanta forma, handsaum og enkelt baksidestoff.
torsdag 23. januar 2020
Bringeklut med mykje perler
mandag 20. januar 2020
Bloggen får omtale på "Tysnesingen"
Britt Kjellesvik Rage har hatt stor interesse for folkedrakter heilt sidan ho gjekk på kunstlina på Langhaugen gymnas på 1970-talet. Det resulterte i ei særoppgåve som sidan vart til boka: «Folkedrakter i Sunnhordland – frå Tysnes på 1800-talet». Seinare bidrog ho til utstillinga «Vår fargerike fortid» på Sunnhordland museum, og ho har også skrive ein artikkel om emnet i Sunnhordland Årbok 2007. Ho har hatt fleire utstillingar med gammalt draktmateriale, både på Tysnes folkebibliotek og i hennar eige galleri på Breidablikk på Gjerstad. LES MEIR... https://tysnesingen.no/bloggar-om-folkedrakter/
lørdag 18. januar 2020
Blå barnehuve
tirsdag 14. januar 2020
Belte med perler og applikasjon
søndag 12. januar 2020
Bringeklut med forseggjort brodert bord
lørdag 11. januar 2020
Påkosta bringeklut
onsdag 8. januar 2020
Tysneshuve med rutete fôr
tirsdag 7. januar 2020
Tysneshuve av svart fløyel
mandag 6. januar 2020
Kvitt forkle med hekla blonde
søndag 5. januar 2020
Svart forkle - moteplagg
Svart forkle med lilla og grøne striper
torsdag 2. januar 2020
Bringeklut med spennande fargar
Bringekluten har ei bord i klostersaum med ullgarn på stramei i m.a. blått, grønfargar, gult, orange, burgunderaud og svart. Raud botnfarge bind det heile saman. Motiv er ei stor rute på kant med ei åttebladsrose inni og to breie Andreaskors, fylt ut med ruter og trekantar. Dette er innramma av fleire taggerader og ei line med stilkesting. Kvarde av stripete silkeband øvst. Stripete sidefelt ved broderiet og eit svart midtfelt i jerseyliknande stoff, alt er montert på eit grovt stoff med breie striper. Det er brukt spreke fargar i broderiet og garnet er godt utnytta - legg merke til at det er brukt ulike grønfargar i dei to store korsa! Dette gjev likevel eit spennande uttrykk. Ein kan undra seg over om det svarte stoffet er sydd på i ettertid?