Treblads barnehuve av bomullsstoff som kan likna gammalt lakenstoff, fôra med liknande stoff. Sidestykka er ca 7 x 11,5 cm og skrår bakover. Midtstykket ca 20 cm langt. Ikkje løpegang nede, men restar etter knyteband. Ein smal kjøpeblonde er lagt i jamne folder langs framkanten. Huva er fint utført i maskinsaum. Huva kan ha blitt brukt under ei kulørt huve, slik at blondekanten titta fram. Ber preg av mykje bruk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar