tirsdag 14. januar 2020

Belte med perler og applikasjon



Dette flotte beltet er 5,5 cm breitt og 73,5 cm langt. Det har gjentakande mønster av to ulike åttebladsroser, applikert og perla på raudt ullstoff. Stavar av svarte små perler mellom kvar stjerne. Gyldne og grøne stråperler, svarte, gyldne, grøne og mjølke/kvite småperler, samt halvstore kvite perler. Åtte rosettar rundt kvar stjerne. Beltet er avstiva, har metallsnor rundt og er lukka med to hekter og hemper. Fôret er av ubleika lin- eller bomullsstoff. Dette er eit eldre type belte som kan ha vore brukt til kort overliv. Beltet verkar velbrukt og ein del perler er skifta ut med alternative, og tråder er løsna. Tilsvarande belte vart også brukt i Hardanger.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar