torsdag 23. januar 2020

Bringeklut med mykje perler



Eldre type bringeklut brukt til kort overliv. Bringekluten er 17,5 cm høg og 29 cm brei. Øverst ein svart fløyelskvaring 4 cm. Det raude ullstoffet på 14 x 16 cm er dekka med perlebroderi av sølv stråperler og grøne og kvite perler. Motiv er romber med åttebladsroser inni. Kvite perler dannar eit fint ruteemønster. Gullknipling øverst og smale gullband på sidene. Alt er montert rett på baksidestoffet som er av stripete ullstoff og kanta med grønt og raudt band. Tilsvarande bringeklutar er også blitt brukt i Hardanger. Dette er ein påkosta bringeklut med mykje perler. Alt er sydd for hand.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar