Klassisk, lang bringeklut
medperlebrodert bord og svart fløyelsband med blomemønster øvst. Det er perla
på raudt ullstoff med kvite, gyldne, svarte og mange blå perler, samt gull
stråperler. Kvite perletaggar nedst. Nokre perler som er løsna er blitt
erstatta med grøne perler. Motiv er romber og greske kors. Det grøne feltet i
midten har nuppa seg, det kan vera av flanell. Raudruta sidefelt, eit lilla og
svart felt nedst. Ein kant av baksidestoffet av kypertvove ubleika lerret viser
framme. At bringekluten har geometrisk dekor, samt ulikt mønstra bomullsstoff i
sidefelta viser at denne bringekluten er eldre enn bringeklutar med til dømes bladmotiv,
sjølv om ingen av dei har vore brukt til dei gamle, korte overliva. Dei blå
perlene er ikkje så vanlege på bringeklutar i dag.
fredag 25. september 2020
lørdag 19. september 2020
Klassisk lang bringeklut
Lang bringeklut med brodert bord og kvarde av svart fløyelsband
med blomemønster. Borda består av perlebroderi i mange fargar, med botn i
leggjesaum og evt. korssting i grønt ullgarn. Det er brodert på stramei. Motiv
er tre stiliserte blad med ein kvit "stilk" omslynga
av ein symmetrisk essarand Broderiet er ramma inn av perlerader øvst og
små perlerosettar nedst. Midtpartiet er av svart ullstoff. Dei blå- og kvitruta
sidefelta er sydd fast til bakstykket (av kypertvove lerret) med maskin. Ein
kant av bakstykket viser framme.
søndag 13. september 2020
Bringeklut med stjernemotiv
Bringekluten har perlebroderi på raudt ullstoff som er skøytt nederst. Hovudmotiv er ei stor stjerne/åttebladsrose av kvite, blå, gull og sølv stråperler, samt kvite perler i midten på ni stjerner som ligg rundt. Svart fløyelsband med rosemønster øverst, det kan sjå ut som dette er sydd på seinare. Lerretsfôr av lin eller bomull. Trykkknappar i sidene øverst kan tyda på at bringekluten er brukt i seinare tid. Bringekluten er montert med maskin, eventuelt kan det vera ei remontering, også ettersom sidefelta er av same type stoff. Det finst mange bringeklutar med liknande motiv, alle er likevel unike.
søndag 6. september 2020
Klassisk bringeklut med perlebrodert bord
Klassisk, lang bringeklut med bord oppe og fløyelsband med blomemønster øverst. Borda er perlebroderi på stramei, utført med kvite, gull og svarte perler, blå perler i botnen. Kvite perletaggar nederst. Motiv er åtte-bladsstjerner med rombe i midten. Svart ullstoff nedanfor perlebroderiet. Sidefelt av raudmønstra bomullsstoff. Bakstykke av kypertvevd ubleika lerret viser også framme. Bringekluten er montert med maskin og er truleg frå tidlegast 1890- talet, kanskje nyare, ettersom den er i så god stand. Sidefelt av same stoff er også eit nyare teikn. Sjølv om denne bringekluten ser ordinær ut er den perlebroderte borda spesiell; det var ofte brukt korsstyng i ullgarn som bakgrunn for perlene. Men her har ein hatt raust med perler!
Abonner på:
Innlegg (Atom)