mandag 26. april 2021

Strikkatrøye for mann


Velbrukt strikkaplagg i mørkeblått og ubleika tynt ullgarn. Nedst er det eit 26 cm lyst felt i glattstrikk, med fire cm vrangbord (to rette to vrange), avslutta med to riller. Mønsteret er striper med lus, kvar lus sett saman av fire masker. Ermane er strikka utover og sydd til bolen.  Åttebladsroser nedst på ermane, avslutta med ein dobbel flettekant. Ryggbreidde er 54 cm, høgde 60 cm, armlengde 52 cm, armvidde 22/15 cm og skulderbreidde er 26 cm. Trøya er sydd saman i sidene og saumane er bretta til kvar si side og sydd til trøya med kastesting. Kanta rundt hals og framme (ikkje på det lyse feltet) med burgunderraudt stoff (grovt lerretsvove ullstoff). I ryggen er trøya lappa med ein ullstoffbit 8 x 7 cm. Restar av hekter/maljer. - Slike randete trøyer kan ein spora attende til midten av 1800-talet. Draktforskaren og etnologen Gunvor Ingstad Trætteberg skriv at dei rosespøta trøyene på Sotra kom med jekteskipparar frå Hardanger og Fjordane kring 1850. På Tysnes er slike trøyer å sjå på foto frå 1870-åra. Trøyer som ikkje er opne framme skal vera ei eldre form. Det lyse feltet vart frå fyrst av brukt under buksa, seinare opp or buksa også. Dette har nok vore ei trøye til stasbruk og som etterkvart er blitt redusert til kvardagsbruk. I boka Fanatrøyer (Eide forlag, 1998) kan du lesa meir om slike flotte trøyer.















mandag 19. april 2021

Bringeklut med brei bord av perlenett

 


Denne ein gong så staselege bringekluten har ei brei bord av perlenett med rombemønster og Andreaskors inni. Perler i fargane kvit, oker, turkis og grønt. Perlenettet er montert på raudt linstoff (6,5 x 16 cm) som er  skøytt horisontalt i ein boge. Plommeraudt silkeband med grønt og lilla mønster øvst. På yttersidene smale kantar med mønstrete stoff. Eit tre cm breitt vove gullband nedanfor perlenettet. Det grøne ullstoffet er sydd fast med leggsaum (ein raud ulltråd er sydd over med lintråd). Alt er montert for hand rett på baksidestoffet av grovt, lerretsvove linstoff som er falda for hand på to sider og har jare på ei side. Bak perlenettet kan det vera stiva opp med papir. Ytre mål på bringekluten er 22x29 cm. -  Velbrukt bringeklut som har høyrt til den eldre draktskikken med korte overliv. Då perlenettet nyleg heldt på å rasa ut  måtte lintrådendane som perlenettet er sydd med festast ekstra til underlaget.



mandag 12. april 2021

Bringeklut med bladmotiv

 


Øvst er bringekluten kvara med fløyelsband med rosemønster. Strameiborda på 5 x 14 cm har korssting i flaskegrønt som dannar bakgrunn for perlebroderte blad i ulike fargar. Perleborder oppe og nede med kvite taggar. I midten eit felt på 14,5 x 16 cm av noko som kan vera gyldenlær (dette ser ein på enklete bringeklutar). Rosamønstrete sidefelt, denne type stoff er vanleg i bringeklutar, og kan evt. vera restar etter klutatrøyer som vart brukt frå siste tiåra av 1800-talet. Baksidestoff av flanell, med romber i beige, brunt og lila, dette dannar også ein kant på framsida. Ytre mål på bringekluten er 27 x 28 cm. Denne bringekluten høyrer til den seine folkedrakta. Slike bladmønster er typisk opp mot "nasjonaldrakta", dette ser ein også på selar og belte. Ein er då gått over frå bruk av vernesymbol til reint dekorative element.






mandag 5. april 2021

Påkosta bringeklut

 


Staseleg bringeklut med dekor av stråperler på raudt ullstoff, 5 x 18 cm. Blå, gull og kvite stråperler dannar tre store Andreaskors og to mindre kvite. Seks rosettar av kvite, turkise og okerfarga småperler. Motivet er ramma inn av to breie vifteforma gullkniplingar og grønt silkeband øvst. Felt med flerfarga tynt ullstoff 14 x 18 cm. Baksidestoff av beige bomullsstoff med smale sikk-sakk striper. Rosamønstrete sidefelt og nedst eit bomullsstoff i paisleymønster, som var eit populært mønster på 1700- og 1800-talet. Ytre mål på bringekluten er 28 x 32 cm. Sidekantar øvst kan evt. vera gjenbruk av eit silkesjal, likeins det stripete ullstoffet. Ein ser lett at dette er ein eldre type bringeklut, med den breie forma og at det er montert for hand rett på bakstykkestoffet. Bringekluten er av kostbart materiale, men relativt rask å sy, i høve til ein del andre bringeklutar.