torsdag 29. desember 2016

Forkle frå tidleg 1800-talet


Nydeleg handsydd forkle i brunt bomullsstoff med trykt mønster. Jare i kvar side. Smal fald nede sydd med små faldesting. Forkledet er 92,5 cm langt og 78 cm breitt. 1 cm brei og 33,5 lang linning av brosjert lakseraudt/lysraudt silke/band. Glatt parti midt framme på 10,2 cm, med 7 folder (br 1,3 - 1,8 cm) på kvar side som ligg mot det glatte partiet under linninga.

Lengda på det omlag 200 år gamle forkledet tyder på at det er brukt i lag med kort overliv. Dette er eit unikt, godt bevart gammalt Tysnesplagg!


Folkedrakt frå kring 1850



Dette er ei drakt som er laga til ei gammal dokke på vel 50 cm. Dei enkelte plagga er kopier av gamle plagg, med litt forenkla mønster på grunn av lite format. Drakta består av ( frå innerst til ytterst) halvskjorte og underskjørt i bomulllsstoff, ermetrøye og stakk i ullstoff, overliv i ullbrokade, forkle i mønstra bomulllsstoff, belte og bringeklut perla på ullstoff og Tysnes jentehuve av mørkeblå fløyel.