søndag 31. mars 2024

Silkesjal

Dette godt bevarte silkesjalet har plommefarga, blålilla og grøne striper som dannar eit fint rutemønster. Innvovne blomemotiv. Sjalet har jare på to sider og ein smal fald på dei to andre sidene der det er bretta inn ein halv cm som er sydd til med lange tråklesting. Fynser er knytt på to og to og er deretter knytt saman. Sjalet måler 66 x 63 cm, samt frynser på ca. 9 cm. Silkesjal var ein viktig del av folkedrakta og kan gjerne takast meir i bruk til bunad i dag! Kan henda har du eit silkesjal du kan ta fram til bunaden til 17. mai?



søndag 17. mars 2024

Laskatrøye


  

Handsydd, fint sauma laskatrøye av tynt svart ullstoff/klede. Spilesaum på dei to laskane (kilane) nedst på kvar side av ryggstykket. Trøya er kvarda (kanta) med tre cm breitt svart fløyelsband med rosemønster og er boga nede slik at ho blir sidare bak. Fôret av tynt, glansa ubleika lerret er staffert fint til nede. Lukka med tre hekter i livet. Trøya måler 70 cm midt bak og 61 cm framme til halssplitt. Armlengde er 59,5 cm og laskane er 31,5 cm lange. Ryggen er 36,5 cm brei, men berre 9 cm på det smalaste i livet, der laskane startar. Trøya kan verka skreddarsydd, ho er ikkje skøytt nokon plass eller omsydd, men står fram som ein heilskap. Trøye verkar lite brukt og er fint bevart. Laskatrøya var ikkje eit direkte ytterplagg, til det var gjerne brukt storsjal. Siste eigar av laskatrøya døydde barnlaus i 1970-åra.
Under: Nysydd laskatrøye med grønt bomullsfôr i bolen og kvarda med grønt silkestoff.

  


   





torsdag 7. mars 2024

Kristnebleie eller dåpssmekke

      

Staseleg kristnebleie, også kalla dåpsmekke med mange symbol. Dåpssmekka er kvarda med to cm brei grøn silke som er lagt tre mm over på vranga. Gullknipling 1,5 cm brei på langsidene og nedst. Eit metallband øvst på 4 x 15 cm. To  Andreaskors av gull- og sølvband,  2,3 cm breie. Slike vovne sølvband (galoner) lagt i kors er vanleg på eldre  dåps-smekker. Åttebladroser, Andreaskors  og greske kors av blå, gull og kvite stråperler, supplert med kvite, grøne og oker perler. Det manglar perler nedst på dåpssmekka. Bakstykke av ubleika linstoff. Alt er handsydd. Lengde 43 cm, breidde øvst 17 cm, breidde nedst 12,5 cm.

Les meir om kristnebleie på lokalhistoriewiki.no