mandag 22. november 2021

Svart forkle med striper og ruter



Dette svarte forkleet, truleg av ull og silke har striper og ruter i lilla/rosa. Det er handsydd, har jare på begge sider og er difor ikkje falda inn der. Høgde omlag 80 cm medrekna blonden på 4 cm, breidde 66 cm. I livet er det lagt tre djupe legg på kvar side av eit 11,5 cm breitt midtfelt og montert til ei 24,5 cm lang linning. Oppå linninga eit smalt og 101 cm langt svart band med siksakkmønster som ender i knyteband. Forkleet er falma på rettsida. Slike forkle var vanlege kring i Sunnhordland.


Detalj av stripemønster og blonde


søndag 14. november 2021

Kvinnesokkar i svart ullgarn


Kvinnesokkar i svart ullgarn. Heile sokken er strikka i glattstrikk, med auking og felling bak på leggen. Øvst er to cm bretta over på vranga, med ein fin taggekant i bretten. Lengde frå kne til hæl er 62 cm, fotlengde 22,5 cm. Vidde øvst er 17cm, ved ankel 10 cm, det same i foten (sju cm frå tærne). 


søndag 7. november 2021

Selar med perler og korssting


Selane har broderi med perler og korssting, truleg på stramei. Gjentakande rapportar av romber/Andreaskors med blå, svarte, raude og kvite perler, åttebladsroser i raudt garn og svarte, blanke og sølv perler. Botn er fylt ut med grønt, samt ei rad raudt garn. Langs ytterkanten eit fløyelsband med rosemønster, ein cm breitt. Selane er 5 cm breie, 81/82 cm lange medrekna eit ca 11 cm langt endestykke. Knapphol (2,5 cm) under hemper bak. Bakstykke truleg av ubleika linstoff. Selane verkar velbrukte og hempene bak er slitte og er delvis blitt fornya. Selane har maskinstikningar i kryss på endestykka og er delvis montert med maskin. Dei maskinsydde endestykka kan evt. vera sekundære.
 







mandag 1. november 2021

Bringeklut med bokstavar og raude roser



Bringekluten har ei tettsauma bord på stramei 7 x 14,5 cm med tre raude roser og grøne blad i garn og bokstavane AMMDH nedanfor, sydde med grøn/blå perler. Litt grøne, kvite, svarte og raude perler i roser og blad. Botnen er fylt ut med lilla garn. Grønt felt av ullstoff på 14 x 14,5 cm. Øvst ein kvaring av svart fløyelsband med rosemønster. Dette dekker eit smalare, slitt rosete band under. Både sidefelt og baksidestoff er av brunt/rosa/svart-rutete stoff. Monteringa med maskin er truleg sekundær, ikkje minst kan dei skråsydde hjørna tyda på dette. Ytre mål er 27 x 28,5 cm.