lørdag 28. oktober 2017

Bringeklut med blått perlebroderi

Denne bringekluten er ein del yngre enn den forrige bringekluten med raud bord. Perlebroderi på 14 x 6,5 cm på stramei, motiv er romber, Andreaskors og 8-bladsstjerner. Det er brodert med blå, kvite, gull, raude og svarte perler. Eit "gullband" er montert på det svarte feltet av fløyel. Kvaring oppe manglar, kan ha vore teke av til gjenbruk. Bringekluten er 26 cm brei og 24 cm høg. Blåstripete og brun-rosa sidefelt og fôr av brunt glansa bomullsstoff. Montert med maskin, det er sydd med doble stikningar rundt.

Bringeklut med gyldenlær


Denne velbrukte og truleg svært gamle bringekluten har korstyngsbroderi på raudt linstoff 18 x 6,5 cm med tre store Andreaskors som hovudmotiv, innramma av to border. Det er brodert med bondeblått, lilla, gult og grønt garn, samt kvite perler. Eit "gullband" nedanfor broderiet. Øverst har det vore eit dekorband. I midten eit felt av gyldenlær, dette vart stundom brukt på gamle bringeklutar. Klassisk mønstra sidefelt av bomullsstoff. Bringekluten er 28 cm brei og 24 cm høg og er fôra med mørkblått linstoff. Handsydd.

søndag 22. oktober 2017

Belte med perlenett og blå silke




Dette flotte gamle beltet har perlenett montert på raudt ullstoff. Perlenettet består av gjentakande rapportar av kvite, gule og grøne romber med små Andreaskors inni, totalt 22 rapportar og to halve i endane. Smal gullknipling rundt heile perlenettet. Beltet er kanta med 1,5 cm brei lyseblå silke, med fine skråhjørner. Det er merke etter tre hekter/maljer i endane. Beltet er montert for hand og har fôr av ubleka lin. Det er 7 cm høgt og 84 cm langt. Det finst fleire belte med perlenett i desse fargane, men den blå silkekanten er heller sjeldan å sjå.


Bringeklut med bord av perlevev


Denne forseggjorte bringekluten har ei bord av perlevev på 13 x 6,5 cm montert på grøn ulldamask. Perleveven er laga med blå, kvite, gule og grøne perler og motiv er romber og Andreaskors. Bokstavane PODØ er vevd inn. D står dotter og det er nærliggjande å tenkja at Ø kan stå for Økland. Eit fire cm breitt blomstrete band øverst og 2,5 cm gullknipling over og under perleveven. Bringekluten har raud/kvit-rutete og rosa sidefelt og er 24,5/23 cm brei og 22 cm høg. Fôr av ubleika bomull - eller linstoff. Det finst eigne små vevar til å veva med perler. Men det er hellar sjeldan å sjå perlevev brukt på bringeklutar.



lørdag 14. oktober 2017

Silkeforkle


Nydeleg handsydd svart silkeforkle med lilla og grøne striper. Jare på begge sider. Forkledet er 76 cm høgt og 68 cm breitt. I livet er det lagt tre djupe legg på kvar side og sydd på ei 23 cm lang linning av to cm breitt svart silkeband med raudrosa blomar. I kvar ende av linninga er det sett på ei hekte, slik at forkledet kunne hektast rett på stakken. Tenkjer at dette godt bevarte forkledet helst har vore brukt til kyrkje - og stasbruk!

Kvinne i folkedrakt


Dette gamle fotografiet er ein god dokumentasjon på draktskikken i 1870 - 80 åra. Kvinna har overliv i fløyel eller brokade med roseband og gullband (- eller sølvband?) innanfor. Under overlivet har ho såkalla klutatrøye (truleg av trykt bommullstoff) med diagonale ruter. Bringeklut med heildekkande mønster (broderi eller perler) og silkesjal i halsen. Svarthuve som det kan vera ein liten valk inni. Mørk foldelagt stakk med eit smalt glatt felt framme. Truleg har ho ikkje forkle. 
Kvinna på biletet er Kari Sveinsdtr. Grimsland (1845 - 82) gift i 1878 med Henrik Henrison Vattedal (Drange 1989:588). Biletet er nok fargelagt seinare, så fargane er usikre: Overlivet kan ha vore grønt, og raudt hueband er ikkje registrert før! Hadde ein hatt sikre fargar på biletet kunne ein tidfesta det meir nøyaktig fordi gifte kinner hadde svart huveband, ugifte blålilla. Fargen på overlivet kunne også sagt noko om sivil status.



fredag 6. oktober 2017

Raud ermetrøye


Ermetrøye i raudt ullstoff/klede, saumane er handsydde med atterstyng. Venstre framstykke er sett saman av fire delar. Dekor på armane er svart silkeband med rosemønster, eit smalt  blått band og blonde som kan vera hekla. Armen har ein fem cm lang splitt og er skona med tre cm rutete flanell. Trøya er kanta med svart band langs framkantar og hals.  Ryggen er 42 cm lang og 12/33 cm brei. Armlengde er 58 cm. Trøya er kanta nede med tre cm breitt bomullsstoff. Fôr av ubleika linstoff i to kvalitetar. Trøya er lukka med tre hekter. Ettersom ermetrøya har ryggsaumar som er trekt langt bakover, kan ein rekna med at trøya er frå godt etter 1870. Dette ber også snittet preg av. Utanpå ermetrøya vart det brukt overliv i ein kontrastfarge, i dette høvet truleg eit grønt overliv.

Bringeklut med perlenett



Denne klassiske bringekluten med perlenett av romber i kvitt, grønt og okergult er montert på raudt linstoff som måler 17,5 x 14 cm. Svart silkeband med rosemønster øverst. Sidefelta er bretta over fôret av grovt stoff (strie?). Blått silkeband i overkant. Bringekluten er 21 cm høg og 23/20 cm brei og er avstiva under det raude feltet. To ulike rosamønstra sidefelt. 
Sjølv om det finst mange bringeklutar med denne type perlenett, har alle sitt særpreg. Perlenettet er laga seperat og kan ha vore perla med ei eller fleire nåler.