søndag 17. desember 2017

Bringeklut med 8-bladsroser



Bringeklut av litt eldre type, montert for hand. Midtfeltet av raudt ullstoff har perlebroderte 8-bladsroser og krossar som dannar mønster som går ned i ein spiss. Det er brukt blå, grøne, gull og kvite stråperler, samt store gullperler. Øverst er det eit blomstrete band med ein sølvlknipling nedanfor. Bringekluten er 27 cm brei og 26 cm høg og har eit innlegg av stivt stoff i midten. Det lysblå-mønstra bomullsstoffet i sidefelta er det same som bakstykket på bringekluten.


Bringeklut med blomemotiv


Denne bringekluten har eit midtfelt på 11,5 x 13,5 cm av svart ullstoff.  Den 4-blada blomen med 8-bladsrose i midten er brodert med kvite stråperler, samt blå og gule perler. Øverst er det ein brei raud kvaring med gullknipling på. Sidefelt i rosa, glansa bomullstoff. Bringekluten har innlegg av stivt stoff. Bakstykke av brunt stoff, lin eller bomull. Bringekluten er montert for hand og den korte og breie fasongen fortel oss at bringekluten har vore brukt til eldre draktskikk med korte overliv, truleg kring 1850.
Perlene på nederste del av motivet er fjerna, truleg brukt sekundært på eit anna plagg.




torsdag 7. desember 2017

Klutatrøye



Fin klutatrøya av kypervevd bomullsstoff med små svarte blomar. Trøya har smal rygg og er maskinsydd, fôra med ubleika lerret. Fôret er sydd seperat i bolen, men i ermane ligg saumen open, fint kasta over. Kanta i halsen av same stoff. Trøya har ei bryst/livvidde på 88 cm og ei rygglengde på 35 cm. Lukka med 4 hekter/maljer. Ermet er rynka til mansjett 17 x 2 cm. Det seiest at trøya i si tid vart gitt som betaling for noko heimefarga garn. Klutatrøyer vart brukt under overliv (som tidlegare ermetrøyer), evt seinare meir som blusar.





Belte brodert med korsstyng


Brodert belte frå Onarheim. Motiv er gjentakande heile og halve romber i blått, lilla, svart og gult ullgarn. Botnen er fylt ut med raudt ullgarn  - alt i korsstyng. Beltet måler 76 x 3,4 cm og er fôra med ubleika bomull, kypertvove. Lukka med 2 hekter/maljer.


mandag 20. november 2017

Silkeforkle med trykk


Nydeleg svart og blått silkeforkle, 80,5 cm langt og 74 cm breitt. Nede er det ein smal fald sydd med små faldestyng. Jare i kvar side av forkledet. På den horisontale blå stripa nede på forkledet er det seks rapportar med mønstertrykk. Glatt parti på 4,5 cm midt framme, med 7 folder på kvar side. 18 cm brei linning av klassisk svart/rosete silkeband. 

søndag 19. november 2017

Brodert belte med geometriske motiv




Belte til stasbruk, frå Onarheim. Det er brodert med perler og ullgarn på stramei. Motiv er 12 rapportar med åttebladsroser i raudt garn, og romber som er sydd med blanke/kvite, gull, raude og svarte perler. Botnen er fylt ut med grønt ullgarn i korsstyng. Langs ytterkantane er det ei raud bord. Beltet måler 81 x 3,5 cm og er fôra med ubleika bomullsstoff. Det har vore lukka med to hekter/maljer. At beltet er sydd på stramei tyder på at det er frå etter 1870. Men dei geometriske motiva seier oss at beltet heller ikkje er frå slutten av 1800-talet, då det vart meir vanleg med "sofaputeroser" som motiv på broderte belte og selar. Som mange belte kan dette vera gjenbruk av ein herresele.



lørdag 11. november 2017

Overliv med vevde band


Overliv av 2-skaft ullstoff, sydd med maskin. I kvar side er det sett inn eit 6,5 cm breitt ullstoff. Fôr av lysegrønt (farga av?) linstoff. Fôr og overliv er sydd saman kvar for seg og fôret er bretta 0,5 cm over på retta nede. Vidde rundt livet  er 71 cm, rygghøgde 37,5 cm. Skuldersaumar er trekt bakover og overlivet har smal rygg (13 cm nede). Dei ca tre cm breie ullbanda i raudt med lilla, blått og svart mønster kan vera vovne på flatvev. Innanfor ei kvit perlerad med taggar. Lukking i livet med tre par hekter/maljer. 
Seint 1800-tals overliv (eller "øveliv" som det vart kalla), dette ser ein på snitt, stoff og saum. Utviding av overlivet i kvar side med stoff i annan grønfarge tyder på bruk over lengre tid eller sekundært bruk. Dette overlivet kunne gjerne ha vore brukt i lag med den klassiske bringekluten i forrige innlegg!


Klassisk bringeklut


Klassisk bringeklut med bord oppe, frå slutten av 1800-talet. Dekor er perlebroderi på raudt ullstoff 15,5 x 6,5 cm med små romber som er gruppert til tre større romber. Det er brukt blå og kvite perler, gyldne stråperler og enkelte store perler. Rad av kvite perletaggar over og under rombene. Svart silkeband med roser, samt kvit liten taggekant øverst. Grønt felt i brokadestoff, omkransa av lyst bomullsstoff. Bringekluten, som delvis er montert med maskin er 30/26 cm brei og 26,5 cm høg. Fôr av svart/lilla rutete ullflanell.


lørdag 28. oktober 2017

Bringeklut med blått perlebroderi

Denne bringekluten er ein del yngre enn den forrige bringekluten med raud bord. Perlebroderi på 14 x 6,5 cm på stramei, motiv er romber, Andreaskors og 8-bladsstjerner. Det er brodert med blå, kvite, gull, raude og svarte perler. Eit "gullband" er montert på det svarte feltet av fløyel. Kvaring oppe manglar, kan ha vore teke av til gjenbruk. Bringekluten er 26 cm brei og 24 cm høg. Blåstripete og brun-rosa sidefelt og fôr av brunt glansa bomullsstoff. Montert med maskin, det er sydd med doble stikningar rundt.

Bringeklut med gyldenlær


Denne velbrukte og truleg svært gamle bringekluten har korstyngsbroderi på raudt linstoff 18 x 6,5 cm med tre store Andreaskors som hovudmotiv, innramma av to border. Det er brodert med bondeblått, lilla, gult og grønt garn, samt kvite perler. Eit "gullband" nedanfor broderiet. Øverst har det vore eit dekorband. I midten eit felt av gyldenlær, dette vart stundom brukt på gamle bringeklutar. Klassisk mønstra sidefelt av bomullsstoff. Bringekluten er 28 cm brei og 24 cm høg og er fôra med mørkblått linstoff. Handsydd.

søndag 22. oktober 2017

Belte med perlenett og blå silke




Dette flotte gamle beltet har perlenett montert på raudt ullstoff. Perlenettet består av gjentakande rapportar av kvite, gule og grøne romber med små Andreaskors inni, totalt 22 rapportar og to halve i endane. Smal gullknipling rundt heile perlenettet. Beltet er kanta med 1,5 cm brei lyseblå silke, med fine skråhjørner. Det er merke etter tre hekter/maljer i endane. Beltet er montert for hand og har fôr av ubleka lin. Det er 7 cm høgt og 84 cm langt. Det finst fleire belte med perlenett i desse fargane, men den blå silkekanten er heller sjeldan å sjå.


Bringeklut med bord av perlevev


Denne forseggjorte bringekluten har ei bord av perlevev på 13 x 6,5 cm montert på grøn ulldamask. Perleveven er laga med blå, kvite, gule og grøne perler og motiv er romber og Andreaskors. Bokstavane PODØ er vevd inn. D står dotter og det er nærliggjande å tenkja at Ø kan stå for Økland. Eit fire cm breitt blomstrete band øverst og 2,5 cm gullknipling over og under perleveven. Bringekluten har raud/kvit-rutete og rosa sidefelt og er 24,5/23 cm brei og 22 cm høg. Fôr av ubleika bomull - eller linstoff. Det finst eigne små vevar til å veva med perler. Men det er hellar sjeldan å sjå perlevev brukt på bringeklutar.



lørdag 14. oktober 2017

Silkeforkle


Nydeleg handsydd svart silkeforkle med lilla og grøne striper. Jare på begge sider. Forkledet er 76 cm høgt og 68 cm breitt. I livet er det lagt tre djupe legg på kvar side og sydd på ei 23 cm lang linning av to cm breitt svart silkeband med raudrosa blomar. I kvar ende av linninga er det sett på ei hekte, slik at forkledet kunne hektast rett på stakken. Tenkjer at dette godt bevarte forkledet helst har vore brukt til kyrkje - og stasbruk!

Kvinne i folkedrakt


Dette gamle fotografiet er ein god dokumentasjon på draktskikken i 1870 - 80 åra. Kvinna har overliv i fløyel eller brokade med roseband og gullband (- eller sølvband?) innanfor. Under overlivet har ho såkalla klutatrøye (truleg av trykt bommullstoff) med diagonale ruter. Bringeklut med heildekkande mønster (broderi eller perler) og silkesjal i halsen. Svarthuve som det kan vera ein liten valk inni. Mørk foldelagt stakk med eit smalt glatt felt framme. Truleg har ho ikkje forkle. 
Kvinna på biletet er Kari Sveinsdtr. Grimsland (1845 - 82) gift i 1878 med Henrik Henrison Vattedal (Drange 1989:588). Biletet er nok fargelagt seinare, så fargane er usikre: Overlivet kan ha vore grønt, og raudt hueband er ikkje registrert før! Hadde ein hatt sikre fargar på biletet kunne ein tidfesta det meir nøyaktig fordi gifte kinner hadde svart huveband, ugifte blålilla. Fargen på overlivet kunne også sagt noko om sivil status.



fredag 6. oktober 2017

Raud ermetrøye


Ermetrøye i raudt ullstoff/klede, saumane er handsydde med atterstyng. Venstre framstykke er sett saman av fire delar. Dekor på armane er svart silkeband med rosemønster, eit smalt  blått band og blonde som kan vera hekla. Armen har ein fem cm lang splitt og er skona med tre cm rutete flanell. Trøya er kanta med svart band langs framkantar og hals.  Ryggen er 42 cm lang og 12/33 cm brei. Armlengde er 58 cm. Trøya er kanta nede med tre cm breitt bomullsstoff. Fôr av ubleika linstoff i to kvalitetar. Trøya er lukka med tre hekter. Ettersom ermetrøya har ryggsaumar som er trekt langt bakover, kan ein rekna med at trøya er frå godt etter 1870. Dette ber også snittet preg av. Utanpå ermetrøya vart det brukt overliv i ein kontrastfarge, i dette høvet truleg eit grønt overliv.

Bringeklut med perlenett



Denne klassiske bringekluten med perlenett av romber i kvitt, grønt og okergult er montert på raudt linstoff som måler 17,5 x 14 cm. Svart silkeband med rosemønster øverst. Sidefelta er bretta over fôret av grovt stoff (strie?). Blått silkeband i overkant. Bringekluten er 21 cm høg og 23/20 cm brei og er avstiva under det raude feltet. To ulike rosamønstra sidefelt. 
Sjølv om det finst mange bringeklutar med denne type perlenett, har alle sitt særpreg. Perlenettet er laga seperat og kan ha vore perla med ei eller fleire nåler. 


lørdag 30. september 2017

Bringeklut med glansa stoff




Denne gamle bringekluten er avstiva med papir. Dekor er perlebroderi med blå, kvite og gull stråperler, samt kvite, grøne og blå perler på raudt ullstoff som måler 14 x 6,5 cm. Hovudmotiv er Andreaskors, greske kors og hjul. Under er det eit gullband og svart, blankt stoff. Øverst er det to svarte silkeband med grøne og purpur roser, desse banda er truleg sekundære, då det også er rester av eit anna band. Dei rosa sidefelta av glansa bomullsstoff er bretta over mot fôret av brunstripa bomullsstoff. Bringekluten måler 23,5 x 27/25 cm og er montert for hand. Denne nesten firkanta bringekluten må ha tilhøyrd den gamle folkedraktskikken med korte overliv.


Klassisk bringeklut



Klassisk bringeklut, men likevel spesiell med brei bord oppe med perlebroderi av blå, kvite og gull stråperler, samt små kvite perler på raudt ullstoff som måler 9,5 x 6 cm. Motiv er 8-bladsrose og greske kors. Fløyel i overkant og svart stoff med striper under det raude feltet. Dei rombemønstra sidefelta er bretta over mot fôret av blå/kvitruta bomullsstoff. Bringekluten er montert for hand og måler 19,5 x 18,5 cm. Den 33 cm lange, moderne strikken tyder på bruk til barn i nyare tid. 


lørdag 23. september 2017

Overliv med silke og gulknipling


Nydeleg, godt bevart overliv i silke med brosjerte roser i grønt, lilla, gult og raudrosa. Kanta med raud silke 3,2 cm brei og breie gullkniplingar langs ermhol, hals- og framkantar, samt gullkniplingar over skuldrene. Det er typisk at kniplingane ikkje går saman under ermane. Silkekantane er klypt trådbeint og sydd fint til livet med små legg. Nede er det ein 3,5 cm kant av ulike blåmønstra bomullsstoff. Overlivet har tilnærma primærsnitt og måler berre 34,5 cm over ryggen, høgde bak er 37 cm og framme 29,5 cm. Sidesaumer måler 16 cm og skulderbreidde er 15 cm. Fôr av ubleika lin. Tre par ringar til snøring. Dette handsydde overlivet høyrer til den eldre drakttradisjonen og er truleg brukt med breitt belte og stakk som går høgt opp i livet. Ein kan rekna med at overlivet er frå fyrste halvdel av 1800-talet.


Broderte selar




Spesielle broderte selar. Korstyngbroderi med roser og Andreaskors i fargane raudt, purpur svart, gult, blått og beige.  At det er broderte roser tyder på seint 1800-tal. At roser er blanda med "knekte" Andreaskors er interessant - og kunstnerisk! Selane måler 68 x 6 cm + endestykke på 21 x 6,5 cm og er fôra med ubleika lin. Den eine selen har avspretta endestykke, truleg fordi den har blitt brukt som kvinnebelte. Selane er kanta med svarte silkeband med roser. Det er sydd med ullgarn på stramei. Fyrste eigar var fødd kring 1868. Det kan stemma med alder at selane er frå godt etter 1870, då strameien tok til å bli vanleg.

onsdag 6. september 2017

Herresokkar av fleirfarga garn


Øverst har sokkane eit 11 cm ubleika felt, av dette er 6 cm vrangbord (2 rette og 1 vrang) deretter er det strikka med "flammegarn" i raudt og svart. Hæl og tå er av einsfarga ubleika garn. All auking og felling er gjort bak på leggen. Lengde frå kne til hæl er 45 cm, og foten er 25 cm lang. Vidde øverst er 13,5 cm, ankelvidde 11 cm. Den eine sokken er reparert og har hol i vrangborda, hælen er i anna garn og ein del av det raude er erstatta med ubleika garn under foten. Siste eigar var fødd i 1905 og døydde på 1990-talet, ho har teke vare på sokkane i lag med andre gamle klede. Historikk elles er ukjent.


Svarte kvinnesokkar


Heile sokken er strikka i  glattstrikk, med auking og felling bak på leggen. To cm øverst er bretta over på vranga, med ein taggekant i bretten. Lengde frå kne til hæl er 62 cm, og foten er 22,5 cm lang. Vidde øverst er 17 cm, ved ankel 10 cm. Hælfelling som på herresokkar av flammegarn. Siste eigar var fødd i 1905 og døydde på 1990-talet, ho har teke vare på sokkane i lag med andre gamle klede. Historikk elles er ukjent.

søndag 27. august 2017

Raudt overliv i nyare tradisjon



Dette overlivet av raudt ullstoff (kypertvevd) har saum i sida samt smal rygg (13 cm nede). Livvidde er berre 60 cm, samt 5,5 cm som er teke inn i kvar side, sydd for hand. Rygghøgde er 34 cm. Livet er maskinsydd, men saumane er lagt fint til for hand. Overlivet er kanta med svart silkeband med orange, grønt og blått mønster. Smale metallband innanfor, men ikkje under armane og framme. Vanleg fôr når det gjeld denne type overliv er ubleika lerret, men her er det i tillegg ein grå kvaring framme. Lukka med tre hekter/maljer. Dette er eit typisk overliv til "Nasjonalen" og det ber meir preg av skreddarsaum enn eldre overliv. Det verkar som halsutskjeringa kan vera gjort etter Kingos salmebok. Overlivet er frå Årbakka, men kan stamma frå Lunde eller Heie i Uggdal. 


Lite raudt overliv


Dette er eit klassisk overliv til "Nasjonalen", sydd av raudt ullstoff (kypertvevd) og lukka med 3 hekter/maljer. Truleg halsutskjering etter Kingos salmebok. Overlivet har tilbaketrekte sidesaumar. Livvidde er berre 62 cm og rygghøgde 33,5 cm, likevel er dette eit vakse plagg! Overlivet er maskinsydd, men saumar er fint lagt til for hand. Framme i livet er det skøytt på to kiler, dette er truleg gjort i ettertid fordi det manglar fôr her. Overlivet er kanta med smale svarte silkeband med lilla og grønt mønster. Smale metallband innanfor, men under armane og framme nede er det brukt svart fløyel. Sjølv om dette overlivet ikkje høyrer til den gamle folkedrakta, er det del av ein nyare tradisjon på Tysnes, som festdrakt. 


søndag 20. august 2017

Bringeklut med perlenett




Denne bringekluten har perlenett som er festa på eit raudt ullstoff (19 x 19 cm). Ullstoffet er deretter montert på eit stripete bomullsstoff med symaskin. Perlenettet går ned i ein spiss og består av kvite, blå, svarte og gyldne perler tredd med mørk tråd. Perlenettet er sydd horisontalt med ein eller fleire nåler. Motiv er greske kors og romber i rutemønster, med stor 8-bladsrose midt på. Mellom sølvband og perlenett er det ein taggekant av kvite perler. Øverst klassisk svart silkeband med lilla og grøne roser.



lørdag 12. august 2017

Belte


Broderi på stramei (eller liknande stoff) i korsstyng med fargane raudt, blått, gult og grønt. Kvite felt av stoffet dannar også ein del av mønsteret. Motiv er heile og halve romber og 8-bladsroser. Kanta med svart fløyel. Lengde ca 68 cm og breidde 4-5 cm. Fôra med ubleika lerret (kypert). Lukka med to par hekter og maljer. Dette beltet kan evt ha vore ein mannssele, det var vanleg å ta slike i bruk til belte.


Raud bringeklut med korsstyng



Brodert på stramei med korsstyng i forskjellige fargenyansar. Korsstynga er sydde i "seriar", dvs at halve stynga er sydde fyrst og så blir resten sydde på returen. Hjørna nede er ikkje brodert (ikkje nødvendig?). Motiv er "sofaputemønster". Slike mønster kunne koma med tyske handarbeidsblad frå slutten av 1800-talet. Men denne bringekluten er truleg noko yngre, dette ser ein på symåte og det meir moderne bandet oppe. Einsfarga raude sidefelt er sjeldant. Bringekluten er ca 24 cm brei og er montert med symaskin. 

mandag 31. juli 2017

Bringeklut med holbeinstyng

Denne bringekluten er brodert med korsstyng (i grønt, oker og svart) og kvite holbeinstyng på raudt linstoff som er 14,5 cm breitt og 13,5 cm høgt. Motiv er romber og 8-bladstjerner. Rad med små 8-bladsstjerner øverst. Truleg brodert med lingarn. Det raude stoffet er sydd fast til eit kraftig ubleika linstoff på 16 x 19 cm med ubleika tråd og kastestyng. Grøn fløyel øverst, det kan evt også ha vore ein dekor mellom fløyel og broderi.  
Nok ein fin bringeklut frå Årbakka, som også kan stamma frå Lunde eller Heie i Uggdal. Svært gammal bringeklut, dette ser ein på form (firkanta), symåte og materialval (lin).