søndag 30. august 2020

Bringeklut med stråperler


Sjølv om denne bringekluten har flott dekor av stråperler (kvite, blå, gull og sølv) montert på raudt ullstoff, er dette ein mindre arbeidskrevande perleteknikk. Motiv er åttebladsstjerner omkransa av kors/stjerner. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Mellom det raude og mørkgrøne ullstoffet er det eit smalt metall "gullband". Perlebroderiet er ganske slitt, det kan kanskje ha vore brukt på ein kortare, eldre bringeklut. Montering av  sidefelta av orange bomullsstoff med svarte prikkar er utført med litt røff maskinsaum. At alle sidefelta er av same stoff kan også tyda på remontering. Den smale typen metallband er heller ikkje vanleg på dei eldste bringeklutane. Baksidestoff av ubleika bomullslerret. Uansett ein flott bringeklut som kan ha hatt ein mangslungen historie!






torsdag 27. august 2020

Vakker og velbrukt bringeklut




Denne fargeglade bringekluten har perler montert på raudt, kypertvove ullstoff, som er smuldra mykje opp. Eit papir-innlegg viser bak det raude stoffet. Kvite, blå og gyldne stråperler, samt blå, kvite og store gyldne perler dannar eit gresk kors over eit Andreaskors. Kvite stråperler øvst dannar ein sikksakk, med små blå perler imellom. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster og ein gullknipling over. Kan henda er bringekluten montert på nytt. At det er brukt det same blå bomullsstoffet med kvite prikkar både på sidekantar og bakstykke kan gjerne tyda på det, dessutan var det vanleg at sidefeltet nede var av eit anna stoff.  


søndag 16. august 2020

Påkosta langt overliv med smal rygg


Påkosta langt overliv med smal rygg. Dette er eit "nasjonalliv", men også prega av eldre symåte med eit belegg (blått med kvite prikkar) under snippen. Heile overlivet verkar handsydd. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster og smale metallband innanfor. Banda går heilt saman under ermane, i motsetnad til det som var vanleg på tidlegare overliv. Framme er det skøytt på med svarte smale band. I livet er stoff og fôr sydd saman med kastestyng. To par hekter/maljer i livet. Fôr av lyst, stripete bomullsstoff, ubleika stoff i ryggen. Under snippen er det trykknappar til feste for bringeklut, desse kan evt vera sydd på seinare.




søndag 9. august 2020

Bringeklut med perlenett


Bringekluten har perlenett av kvite, bondeblå, oker og grøne perler, montert på raudt ullstoff. Motiv er fire heile og fire halve romber, med Andreaskors som deler opp rombene. Bringekluten er kanta med eit blått, skinande stoff, dette er truleg sekundært, også fordi den typiske borda øverst manglar. Det mønstra bomullsstoffet nederst verkar derimot originalt, og det er sydd på for hand. Fôret er av kypertvevd ubleika lerret. Kan evt vera sydd om til barnebringeklut, med trykknappar til å festa bringekluten inni overlivet. Uansett eit flott lite plagg som kan ha vore i bruk lenge.




mandag 3. august 2020

Flott bringeklut med stråperler


Denne flotte bringekluten har dekor av kvite, blå og gull stråperler, samt småperler, montert på raudt ullstoff. Motiv er ein stor Andreaskors omkransa av mindre åttebladsstjerner og små kors og rosettar. Øverst ein gullknipling med viftemønster, montert over eit svart fløyelsband med rosemønster. Sidefelt av rosamønstra bomullsstoff, det same stoffet finn ein også i ei klutatrøye frå Tysnes. Bakstykke av kypertvevd ubleika lerret. Montering er delvis gjort med maskin. Evt kan bringekluten vera remontert, men det er vanskeleg å sjå. Bringekluten er i god stand, men enkelte perler har løsna.