Tysneshuva består av to delar; det nesten runde bakstykket er flatt nedst. Det fasongskore framstykket er 11,5 cm høgt midt framme, sidekantar 15 - 18 cm breie inkl. kant. Fôra med ubleika lerret av bomull, evt. lin. Stoff og fôr er sydd saman med maskin, sårkant er kasta over. I halsopninga eit svart silkeband med mønster på 40 x 2,5 cm (0,5 cm på baksida) med eit 3 cm breitt svart ullstoff bak. Langt silkeband til å knyta bak og kvit skråklipt bomullslist som skulle titta farm under silkebandet manglar. Nedst ein smal svart 44 cm lang bomullskant med knyteband.
Fløyelshuve skal ha vore brukt til stor stas. Denne store Tysneshuve er nok frå då huvene tok til å gå ut or bruk og ofte vart veldig store, denne huva er 38 cm brei og 35 cm høg. Det er også sagt at huvene kunne bli laga etter omriss av baken! Tysneshuva kunne òg bli kalla svarthuve eller lurehuve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar