lørdag 6. juni 2026

Stormønstra overliv i ulldamask



Dette handsydde overlivet har eit eldre snitt med brei rygg, der sidesaumane er dregne 3–4 cm bakover. Det lakseraude stoffet – truleg ein ulldamask – har eit vakkert mønster av store, lyse blad og blomar. Overlivet er kanta med eit 2 cm breitt fløyelsband med rosemønster, i tillegg til ein 1 cm brei gullknipling langs armhola (unnateke 6-8 cm nedst), halsen, framsida og over skuldrene. Framme finn ein merke etter 6 eller 8 hekter eller ringar.

Plagget ber preg av å ha vore tilpassa over tid: Det er skøytt på 6 cm nedst av det same stoffet, i tillegg til to felt med raudt ullstoff midt framme, kanta med blått stoff. Overlivet er fôra med linlerret, men heilt nedst er det brukt ei remse med kypertvove bomullsstoff. Det er svært truleg at plagget har vorte skøytt på i ettertid, etter kvart som det vart motesak med lengre overliv. Det er verdt å merka seg at stoffet i dette overlivet kan minna mykje om stoffet i ein rekonstruert kvinnebunad frå Nord-Trøndelag.

Mål:

Høgde midt bak: 35 cm

Ryggbreidde: 26/34 cm

Skulderbreidde: 13 cm

Høgde i sida: 16 cm

Høgde langs kanten framme: 26 cm



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar