torsdag 17. august 2023

Hekla pung

 


Hekla pung i fastmasker og staver med mønster. 20 x 6,5 cm. Små metallperler er sydd på eller hekla inn. 1,5 cm metall roser og kuler i kvar ende. Opning 6 cm midt på. Lukka med to metallringar. Fargen er falma, har vore klar grøn (det viser inni pungen). Kan ha kome frå Fusa i siste halvdel av 1800-talet. Nydeleg utført handarbeid!

Bringeklut med brosjert silkestoff

 


Bringekluten har eit raudt brodert felt på stramei og eit anna stoff, kan henda lin eller kanvas, med innslag av lilla, blått og svart. Motiv er Andreaskors og ruter på kant. Kvite små felt er ikje brodert og dannar små kors. Teknikk er leggjesaum og korssting samt mønsterborder i klostersaum og truleg attersting. Kvarde av svart fløyelsband med blomemønster. Midtfelt av blått silkestoff med brosjerte blomar/blad, dette stoffet går att i fleire bringeklutar frå Tysnes. Rutete sidefelt, lagt fint mot bakstykket av kypertvove ubleika bomull. Mål: Breidde 28 cm, høgde 24,5 cm.