Halsplagg av silke. Raud botn med blomemønster og ei ti cm brei bord i kvar ende med brosjert blomemønster i rosa, grønt, brunt m.m. Jare på begge langsider. Halsplagget måler ca. 90 x 9 cm og har omlag 5 cm lange frynser/duskar i kvar ende. Slike avlange halsplagg skal vera eldre enn dei firkanta silkesjala. Kanskje kan ein sei at dei var eit moteplagg til folkedrakta?