lørdag 29. november 2025

Mansjettar med kvitsaumbroderi

 

Mansjettane har kvitsaumbroderi med tynn lintråd på tett linstoff, opptil 40trådar pr cm. Eit Ave verum monogram sydd med vestmanna-renning deler opp underlaget, åttebladroser inni dei skråstilte rutene. Rader av attersting omkransar broderiet, samt to rader med primhol (eller prenhol), taggar øvst. Evt. rader med klostersaum, dette er vanskeleg å sjå. Mansjettane måler 16,5 x 3,8 cm, ermedelen 40,5 x 9 cm, denne er striperynka til mansjetten og har ein smal handsydd fald. Mansjettane har to knapphol på 1,6 cm. Slike mansjettar vart brukt i lag med halvskjorte (lygar) til ermetrøye eller laskatrøye.









mandag 24. november 2025

Nyare liv med småmønstrete fôr

Raudt overliv i damask med brei rygg. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster langs hals/framkantar/ermehol og på skuldrene. 7 mm blåstripete bomullsband inni armholet. Fôra med småmønstrete bomullsstoff. Lukka med 2 par hekter/maljer. Mål: Lengde rygg 34 cm, breidde rygg 28 cm, høgde framkant 24,5 cm, høgde under arm 17 cm, lengde skulder 10 cm, vidde i livet ca. 61 cm. Overlivet er sydd inn med ein 1,2 cm brei saum i begge sider, samt innsnitt framme på 14 x 2 cm, desse er truleg komne til i seinare tid. Alt er maskinsydd, også saumen i livet. Kan i si tid ha vore bringa med frå Jondal som forrige overliv her på bloggen, men dette livet er mindre påkosta og noko yngre. 



søndag 16. november 2025

Påkosta overliv i ulldamask

 


Påkosta overliv i ulldamask med brei rygg. Kanta med svarte fløyelsband med rosemønster langs hals, framkantar og ermehol. Gullkniplingar på skuldrene og innanfor fløyelsbandet, unnateke 10-12 cm under armane og ca. 5 cm midt framme. Fôr av ubleika lerret. Valk i livet av lerret med ein omkrins på 6 cm. Overlivet har fire par snøreringar, hekte/malje i livet. Alt er sydd for hand. Mål: Lengde rygg ca. 33 cm, breidde rygg 33 cm, høgde framkant 23 cm, høgde under arm 14 cm, lengde skulder 12 cm, vidde i livet ca. 75 cm. Overlivet kan i si tid ha vore bringa med frå Jondal.


søndag 9. november 2025

Påkosta dåpshuve

 

Rikt dekorert og påkosta treblads dåpshuve av tynt raudt lerretsvove ullstoff. Huva er kanta med svart fløyelsband med rosemønster, 1 cm breitt i nedre kant og 2 cm langs framkanten. Metallband (galoner) 1,8 cm breie, dekker over saumane. Eit 3 cm breitt sølvband parallellt med ein 2,8 cm brei gullknipling med 6,5 vifter langs framkanten. På toppen og på sidene doble kors av kvite og grøne stråperler med småperler i endane. Fôr av ubleika linlerret. Mål: Sidefelt ca. 10 x 10 cm, midtfelt ca. 19 cm langt, 9 cm breitt framme og 6 cm breitt bak. Det eine knytebandet (16 - 20 cm) er erstatta med eit bomullsband, opprinneleg kan begge banda ha vore av silke (breidde 1,5 cm). Huva er fint handsydd. Truleg gutehuve, jenter skal ha hatt grøne eller blå huver. 




søndag 2. november 2025

Silkeforkle

 

Silkeforkle med innvovne lilla striper både horisontalt og vertikalt. Denne type forkle vart brukt i fleire kommunar i Sunnhordland, truleg mest på slutten av 1800-talet. 

Dette forkledet har ikkje linning, men vidda er teken inn med rynker/legg i livet til 36 cm. 1,5  cm av stoffet er bretta inn og sydd ned med tråklesting over. Mål: Heil lengde 74 cm, vidde nede 68 cm. Lukka med knapp i venstre side.