søndag 18. februar 2018

Reivaband



Reiving av born kunne vera vanleg fram til 1920 - åra på Vestlandet. Babyen vart surra med eit breitt band. Til høgtid vart det truleg avslutta med vevde reiveband. Dette reivebandet er  2,5 cm breitt og 237 cm langt, medrekna 4,5 cm lange frynser. Kvar rapport av rombe og Andreaskors i rustraudt ullgarn er 2,5 cm. Blågrøn og rustraud mønsterstripe på sidene, jute i botnen. Bandet  kan vera vevd på bandvev eller brikkevev. Truleg same eigar (f. 1838) som til dåpsbleia i forrige blogginnlegg  og evt vore brukt i lag med den!  

Sjå også blogg.


søndag 11. februar 2018

Kristnebleie (dåpssmekke)


Dåpssmekka eller kristnebleia var særleg utbreidd på Vestlandet, men er no lite kjend. Den smale, avstiva smekka kunne vera dekorert med forskjellige symbol, og var meint å leggja oppå barnet når ein heldt det fram til døypefonten. Denne smekka som er 45,5 cm lang og 14/21 cm brei, er kvara (kanta) med to cm blå silke og med sølvband innanfor, som også er lagt i Andreaskors nedover. Dekor av blå, gull og kvite stråperler, samt kvite og grøne perler som formar mønster med Andreaskors/8-bladsroser og doble kors. Oppe er det eit fem cm breitt sølvband. Dåpssmekka er fôra med gulaktig linstoff. Dekoren rommar mykje symbolikk, m.a. Den treeinige Gud og skulle halda vonde makter ute. Fyrste kjende eigar levde på Onarheim frå 1838 - 1922. Les meir om dette spanande plagget på
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kristnebleie_(d%C3%A5pssmekke).







søndag 28. januar 2018

Grønt overliv med valk


Overliv i grønt brokadestoff. Maskinsydd, og fôr og liv er sydd saman kvar for seg. Vidde  rundt livet er 66 cm, rygghøgde 38,5 cm. Skuldersaumar er trekt bakover og overlivet har smal rygg (12,5 cm nede). Skoning av raud - og burgundermønstra bomullsstoff rundt nakken og framme. Det er merke etter band omlag 2,5 cm breie. Lukking i livet med tre par hekter/maljer. Valk i livet (4 cm i diameter) er sydd i same ubleika stoff som fôret. - Dette er eit seint 1800-tals overliv (eller "øveliv" som det vart kalla), det ser ein på snitt, stoff og saum. Likevel har det element frå eldre overliv, som skoning og valk. Overlivet har lege i ei kiste saman med det svarte forkledet og det grøne, eldre overlivet i dei forrige blogginnlegga. Desse plagga representrer såleis ulike tidsepokar, historikk er elles ukjent. 








Svart forkle med skråbreidder


Fokledet er av silke (eller glansa bommullsstoff) og er sett saman av tre skråbreidder. Breidde  på forkledet er 29 cm oppe og 67 cm nede, høgde 70 cm. Maskinsydd. Midtfeltet har ein 6 cm brei dekor av svart ziczac-band og blomeband 24 cm frå nedre kant. Sju cm kvit blonde nede. Raud- og kvitstripa jare på vranga i sidene. Knapp i venstre side. - Fyrste kjende eigar var fødd i 1885. Dette kan stemma med at slike forklede var vanleg siste 10-åra av 1800-talet. Dei var ofte importerte - kom gjerne med sjøfolk. Forkleda fekk no skråbreidder, på same måte som kjolemoten. Tidlegare var fokleda rektangulære stykke. Dette var eit moteplagg som vart brukt i lag med siste restar av folkedrakta: Stakk og bluse, samt svarthuve og ei sølje i halsen.


søndag 21. januar 2018

Grønt liv av fløyel/plysj.


Gammalt kort overliv med breie skuldrar. Dei rette sidesaumane er trekt litt bakover. Handsydd, eldre monteringsmåte. Overlivet er kvara (kanta) med brunraude/gule band  langs armhol, hals og framme. Innanfor banda er det merke etter 2,5 cm breie band, samt slike merke på skuldrar og rygg - dette kan ha vore vevde sølvband. Det manglar 8-9 cm av "bandet" under armane, dette var typisk på dei gamle overliva. Det kan ha vore valk nede. Overlivet er 80 cm rundt livet, rygglengde er 32,5 cm. Fôr av blått/ubleika ikatfarga bomullsstoff. Seks par snøreringar. Overlivet har nok i si tid  vore brukt til stor høgtid. 


søndag 14. januar 2018

Gammal hjartebringeklut


Her er nok ein gammal hjartebringeklut. Den har eit perlebrodert midtfelt på raud fløyel 11 x 11 cm. Inni hjarta er dei ei åttebladsrose og rosettar. 2,5 cm blå silkekant øverst, med perla Andreaskors under. Alt er brodert med gylte stråperler samt kvite, grøne og gule/oker småperler. Montert på linstoff/strie, eldre monteringsmåte for hand. Bringekluten skal vera frå Mevatne. Fyrste kjende eigar var fødd kring 1850, men bringekluten har så gammalt preg at den kanskje kan ha gått i arv ein generasjon før. Truleg brukt ved forloving eller bryllaup, fordi hjartemotiv symboliserer kjærleik.


søndag 7. januar 2018

Staseleg hjartebringeklut


Denne flotte hjartebringekluten er 30 cm brei og 27 cm høg og har nok vore brukt til kort overliv i den gamle folkedraktskikken. Det perlebroderte raude midtfeltet i glansa ullstoff eller lin (16 x 14 cm) har eit hjarta av gull stråperler og kvite taggar. 8-bladsrose og dobbeltkross i midten er av gull stråperler med kvite perler i endane, samt svarte/grå og grøne perler. To store rosettar over. Kvite romber og blått perlefelt på toppen av svart fløyel over hjarta. Småmønstra skoning bak fløyelen. Fôr av bomull eller lin, kypertvevd. Sidefelta er av bomullsstoff med stort rosemønster. Bringekluten er frå Tysnesbygdo. Historikk elles er ukjent, men hjartemotiv symboliserer kjærleik, så det er nærliggjande å tenkja på truloving eller bryllaup!
Den vesle hjartebringekluten under er nysydd til ein 4-årsdag, laga etter modell og inspirasjon av fleire gamle bringeklutar med hjartemotiv.


søndag 17. desember 2017

Bringeklut med 8-bladsroser



Bringeklut av litt eldre type, montert for hand. Midtfeltet av raudt ullstoff har perlebroderte åttebladsroser og kors som dannar mønster som går ned i ein spiss. Det er brukt blå, grøne, gull og kvite stråperler, samt store gullperler. Øverst er det eit blomstrete band med ein sølvlknipling nedanfor. Bringekluten er 27 cm brei og 26 cm høg og har eit innlegg av stivt stoff i midten. Det lysblå-mønstrete bomullsstoffet i sidefelta er det same som bakstykket på bringekluten.

Bringeklut med blomemotiv


Denne bringekluten har eit midtfelt på 11,5 x 13,5 cm av svart ullstoff. Den 4-blada blomen med åttebladsrose i midten er brodert med kvite stråperler, samt blå og gule perler. Øvst er det ein brei raud kvaring med gullknipling på. Sidefelt i rosa, glansa bomullstoff. Bringekluten har innlegg av stivt stoff. Bakstykke av brunt stoff, lin eller bomull. Bringekluten er montert for hand og den korte og breie fasongen fortel oss at bringekluten har vore brukt til eldre draktskikk med korte overliv, truleg kring 1850. Perlene på nederste del av motivet er fjerna, truleg brukt sekundært på eit anna plagg.




torsdag 7. desember 2017

Klutatrøye



Fin klutatrøya av kypervevd bomullsstoff med små svarte blomar. Trøya har smal rygg og er maskinsydd, fôra med ubleika lerret. Fôret er sydd seperat i bolen, men i ermane ligg saumen open, fint kasta over. Kanta i halsen av same stoff. Trøya har ei bryst/livvidde på 88 cm og ei rygglengde på 35 cm. Lukka med 4 hekter/maljer. Ermet er rynka til mansjett 17 x 2 cm. Det seiest at trøya i si tid vart gitt som betaling for noko heimefarga garn. Klutatrøyer vart brukt under overliv (som tidlegare ermetrøyer), evt seinare meir som blusar.





Stakkalinning eller belte brodert med korssting



Belte brodert med korssting. Motiv er gjentakande heile og halve romber i blått, lilla, svart og gult ullgarn. Botnen er fylt ut med raudt ullgarn - alt i korssting. Beltet måler 76 x 3,4 cm og er fôra med ubleika bomull, kypertvove. Lukka med 2 hekter/maljer.

mandag 20. november 2017

Silkeforkle med trykk


Nydeleg svart og blått silkeforkle, 80,5 cm langt og 74 cm breitt. Nede er det ein smal fald sydd med små faldestyng. Jare i kvar side av forkledet. På den horisontale blå stripa nede på forkledet er det seks rapportar med mønstertrykk. Glatt parti på 4,5 cm midt framme, med 7 folder på kvar side. 18 cm brei linning av klassisk svart/rosete silkeband. 

søndag 19. november 2017

Brodert belte med geometriske motiv




Belte til stasbruk. Det er brodert med perler og ullgarn på stramei. Motiv er 12 rapportar med åttebladsroser i raudt garn, og romber som er sydd med blanke/kvite, gull, raude og svarte perler. Botnen er fylt ut med grønt ullgarn i korsstyng. Langs ytterkantane er det ei raud bord. Beltet måler 81 x 3,5 cm og er fôra med ubleika bomullsstoff. Det har vore lukka med to hekter/maljer. At beltet er sydd på stramei tyder på at det er frå etter 1870. Men dei geometriske motiva seier oss at beltet heller ikkje er frå slutten av 1800-talet, då det vart meir vanleg med "sofaputeroser" som motiv på broderte belte og selar. Som mange belte kan dette vera gjenbruk av ein herresele.



lørdag 11. november 2017

Overliv med vevde band


Overliv av 2-skaft ullstoff, sydd med maskin. I kvar side er det sett inn eit 6,5 cm breitt ullstoff. Fôr av lysegrønt (farga av?) linstoff. Fôr og overliv er sydd saman kvar for seg og fôret er bretta 0,5 cm over på retta nede. Vidde rundt livet  er 71 cm, rygghøgde 37,5 cm. Skuldersaumar er trekt bakover og overlivet har smal rygg (13 cm nede). Dei ca tre cm breie ullbanda i raudt med lilla, blått og svart mønster kan vera vovne på flatvev. Innanfor ei kvit perlerad med taggar. Lukking i livet med tre par hekter/maljer. 
Seint 1800-tals overliv (eller "øveliv" som det vart kalla), dette ser ein på snitt, stoff og saum. Utviding av overlivet i kvar side med stoff i annan grønfarge tyder på bruk over lengre tid eller sekundært bruk. Dette overlivet kunne gjerne ha vore brukt i lag med den klassiske bringekluten i forrige innlegg!


Klassisk bringeklut


Klassisk bringeklut med bord oppe, frå slutten av 1800-talet. Dekor er perlebroderi på raudt ullstoff 15,5 x 6,5 cm med små romber som er gruppert til tre større romber. Det er brukt blå og kvite perler, gyldne stråperler og enkelte store perler. Rad av kvite perletaggar over og under rombene. Svart silkeband med roser, samt kvit liten taggekant øverst. Grønt felt i brokadestoff, omkransa av lyst bomullsstoff. Bringekluten, som delvis er montert med maskin er 30/26 cm brei og 26,5 cm høg. Bakstykke av svart/lilla rutete ullflanell.