Denne bringekluten er truleg frå siste 10 år av 1800-talet. Dette ser ein fordi bringekluten er lang (vart brukt til overliv som var lengre enn tidlegare), har broderi med perler og garn på stramei (strameien kom hit kring 1870) og har asymmetrisk bladmønster, som kom med tyske mønsterbøker på denne tida. Det er brodert med halve korsstyng i flaskegrønt som dannar bakgrunn for blad med kvite, raude, svarte og gul(l)perler. Perleborder oppe og nede med kvite taggar. Øvst er bringekluten kvara med raud silke. Svart ullfelt i midten. Bomullsstoff med trykt bladmotiv på sidestykka. Fôr av kraftig grårutete stoff som også dannar ein kant på framsida. - Klassisk bringeklut frå slutten av folkedraktperioden på Tysnes. Men ingen slike bringeklutar er likevel heilt like!
torsdag 6. september 2018
tirsdag 14. august 2018
Bringeklut type Hardanger
Tek med denne flotte bringekluten, som kan vera frå Hardanger eller ha sitt opphav på Tysnes, der Hardangerbunaden - eller "Nasjonalen" er blitt mykje brukt. Dekor er stråperler og perler sydd på raudt ullstoff. Fire 8-bladsroser omkransar eit stort Andreaskors. Svart fløyel i overkant med ei rad typiske perlemotiv. Fôr og sidefelt av kvitt bomullsstoff, sydd på med maskin. Dette er ein nyare monteringsmåte som ikkje vart brukt i folkedraktene.
søndag 24. juni 2018
Bord til bringeklut.
Broderiet ser ut til å vera spretta av ein bringeklut. Det er brodert i tynt ullgarn med korssting på stramei med raudt som hovudfarge, elles i blått, gult, grønt, rosa, svart og lilla. Motiv er Andreaskors omkransa av to romber med doble kors inni. Typiske border med sikk-sakk over og under broderiet. Broderiet måler 8 x 16,5 cm. Ettersom det er sydd på stramei kan ein rekna med at broderiet er frå etter 1870. Det er kjekt at slikt er teke vare på!
søndag 17. juni 2018
Gammalt perlenett
Denne bringekluten har dekor av perlenett i kvitt, grønt og gult som er montert på raud ullbrokade. Dette er igjen montert på det grå baksidestoffett med kvite og blå rundingar. Eit kvitt og rosa band eller stoff med skråhjørne, sydd på med maskin omkransar den raude ullbrokaden, dette kan vera gjort i ettertid. Svart fløyelsstoff i overkant.
fredag 18. mai 2018
Klassisk lang bringeklut
Her er me igjen tilbake til den klassiske bringekluten, som det finst mange av i ulike variantar. Men ingen er heilt like! Denne har eit midtfelt av grønt ullstoff og eit raudt ullfelt på 8 x 12,5 cm som er dekka med blå, kvite og gull stråperler, samt perler i kvitt, grønt, blått og store sølvfarga perler. Mønster er Adreaskors- og greske krossar. Kvit perlerad nede og oppe og svart silkeband med roser øverst. Bringekluten er montert for hand og måler 29,5 x 27 cm. Raudmønstra sidefelt. Det lilla fôret med grøne og gule striper viser også på framsida. Bringekluten har tilhøyrd same eigar som klutatrøya i forrige innlegg.
torsdag 10. mai 2018
Tysneshuve
Det nærmar seg 17. mai og eg vil gjerne slå eit slag for Tysneshuva, som var ein viktig del av den gamle folkedrakta. Tysneshuva var i bruk fleire tiår inn på 1800-talet, men i seinare tid helst til kjolemote. Denne gamle huva av eit fløyelsliknande stoff (eller poudepêce? - stavemåte uviss) består av eit rundt bakstykke om lag 31 x 32 cm. Framstykket er fasongskore. Stoff og fôr er sydd saman for hand med atterstyng og kastestyng over sårkant. Huva er skøytt på framme med atterstyng rette mot rette. Svart silkestoff 2 x 40,5 cm og ditto skråklyppt kvit bomullslist som viser som ein smal tittekant på retta. Den kvite lista kunne takast av og vaskast. Smalt svart silkeband med roser nede på huva, rynka saman bak. Dette kan evt vera ei jentehuve som er gjort om til konehuve ved hjelp av det svarte bandet.
søndag 6. mai 2018
Klutatrøye
Klutatrøyer vart brukt dei siste tiåra av 1800-talet og inn på 1900-talet. Eigar av denne trøya frå Uggdal levde frå 1858 - 1945. Klutatrøya er eit seint folkedraktplagg som vart brukt under overlivet, til både kvardag og helg. Den bluseliknande trøya går til livet, har skrå rygg og vide armar som er rynka til armhol og lagt i legg/rynka til handlinning. Klutatrøyer var sydd av bomullstøy (eller "klutatøy") og var ofte raude med mønster i stoffet. Denne nydelege rosaraude trøya har små spetter i kvitt og mørk raudt. I halsen er det tråkla på ein kvit blonde. Trøya blir lukka med åtte knappar/knapphol, samt knappar på handlinninga. Den er maskinsydd med svart tråd, har to innsnitt på framstykka og er heilfôra med ubleika lerret. Etter dagens mål er klutatrøya i liten storleik: Brystvidde 82 cm, livvidde 72 cm, rygghøgde 40,5 cm, medan armane er heile 55 cm lange!
søndag 29. april 2018
Ein typisk bringeklut
Nok ein typisk bringeklut frå siste tiåra av 1800-talet. Dekor er eit raudt brodert felt, korssting på stramei 16 x 5,5 cm. Åttebladroser og Adreaskors/romber i blått og rosa ullgarn, samt mjølkekvite, raude, svarte og blå perler. Border oppe og nede. Svart silkeband med brosjerte roser øverst. Bringekluten måler 29,5 x 28 cm og er montert med maskin. Midtfeltet av svart ullstoff måler 16 x 14,5. Det er ramma inn av to ulike raudmønstra sidefelt av bomullsstoff. Fôr av kypertvevd ubleika bomullsstoff som også viser framme. Same fyrste kjende eigar (f. 1858) og same montering som bringekluten i forrige innlegg.
søndag 22. april 2018
Bringeklut med bord oppe
Dette er ein klassisk bringeklut frå siste tiåra av 1800-talet. Dekor er eit raudt brodert felt på stramei 15 x 6 cm, med Adreaskors og romber i grønt, blått, svart og rosa. Teknikk er smøyg med forskjellig stinglengde. Strameien viser på sidene, dette var ikkje uvanleg. Tre cm breitt svart silkeband med brosjerte roser øverst. Bringekluten måler om lag 29 x 29 cm og er montert med maskin. Bakstykke av kypertvevd ubleika bomullsstoff som også viser framme. Midtfeltet av svart fløyel måler 17 x 15, det er ramma inn av to ulike raudmønstra bomullsstoff. Bringekluten kjem frå Uggdal. Fyrste kjende eigar var fødd i 1858, dette kan også stemma med mi datering av bringekluten.
søndag 15. april 2018
Hjartebringeklut på burgunderraud fløyel
Hjartebringeklut perla på burgunderraud fløyel. Det perlebroderte midtfeltet med Andreaskors og greske kors er 19 cm høgt og 17 cm breitt. Hjarta er av gylte stråperler med kvite perler i endane, korsa av blå, mjølkekvite og gylte stråperler, samt små og store perler. Øverst eit svart silkeband med brosjerte roser og eit sølvband nedanfor. Monteringa med maskin verkar sekundær. Det beige/rosa fôret er bretta over på framsida og dannar sidefelta, dette er ein nyare metode. Sølvbandet er montert utanpå sidefelta, det er sekundært. Fyrste kjende eigar var fødd i 1858 og døydde i 1945, men bringekluten kan evt. ha gått i arv ein generasjon før. Det er nærliggjande å tru at bringekluten har vore brukt ved forloving eller bryllaup, fordi hjartemotiv symboliserer kjærleik. Remonteringa tyder at den flotte bringekluten også har vore brukt til bunad etter at folkedraktperioden var over.
søndag 8. april 2018
Staseleg svart forkle
Staseleg forkle frå Uggdal (Reiso) i silke eller bomullsateng. Lilla og grøne striper som gjev fin ruteeffekt nederst. Forkledet er 73 cm høgt og 67 cm breitt nede. Frå livet og ned går det tre 50 cm lange innsnitt, i midten og på kvar side. Ein tre cm brei blonde er sydd på med maskin ved enden av innsnitta. Same type blonde er brukt nede. Jaren viser i begge sider. Oppe er forkledet 49 cm breitt. Ein cm av stoffet er bretta inn til linning, sydd med to maskinsaumar. Rutete skoning på vranga nede av liknande men rimelegare stoff.
søndag 4. mars 2018
Svarthuve - Tysneshuve
Svart konehuve i fløyel, 43 cm brei og 36 cm høg. Huva består av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Svart silkekant/band framme. Bak ei 6,5 cm brei list av mørkt ullstoff. Skråklyppt 5 cm brei dobbel kvit bomullslist som dannar ein tittekant framme på huva. Den kvite lista kunne skiftast etter behov. Eit svart silkeband vart lagt utanpå den svarte kanten og knytt bak. Nede ein smal løpegang slik at huva vart rynka saman. Huva er fôra med govt lerret. Dette er ei klassisk svarthuve frå slutten av 1800-talet, relativt stor og sydd saman med maskin. Fløyelshuve vart rekna som stor stas. Tysneshuva vart også brukt til kjolemote, etter at den gamle folkedrakta var gått ut or bruk.
søndag 25. februar 2018
Bringeklut med perlevev
Særeigen bringeklut frå Onarheim av perlevev med mønster av rader med åttebladroser, smal bord med romber øverst. Bringekluten er 22 cm høg og 29 cm brei og montert for hand. Perlevev er 10,5 cm høg og 14,5 cm brei. Det er vevd med kvite, grøne, svarte og okergule perler. Øverst på bringekluten ei bord av 4,5 cm raudmønstra brokadestoff. Nedanfor perleveven eit gult band med gull-zic-Zac. Fôr av ikatfarga beige og blått bomullsstoff, same type fôrstoff kan ein finna att i overliv. Fyrste kjende eigar var fødd i 1838, uansett høyrer denne bringekluten til den gamle draktskikken med korte overliv.
søndag 18. februar 2018
Reivaband
Reiving av born kunne vera vanleg fram til 1920 - åra på Vestlandet. Babyen vart surra med eit breitt band. Til høgtid vart det truleg avslutta med vevde reiveband. Dette reivebandet er 2,5 cm breitt og 237 cm langt, medrekna 4,5 cm lange frynser. Kvar rapport av rombe og Andreaskors i rustraudt ullgarn er 2,5 cm. Blågrøn og rustraud mønsterstripe på sidene, jute i botnen. Bandet kan vera vevd på bandvev eller brikkevev. Truleg same eigar (f. 1838) som til dåpsbleia i forrige blogginnlegg og evt vore brukt i lag med den!
Sjå også blogg.
søndag 11. februar 2018
Kristnebleie (dåpssmekke)
Dåpssmekka eller kristnebleia var særleg utbreidd på Vestlandet, men er no lite kjend. Den smale, avstiva smekka kunne vera dekorert med forskjellige symbol, og var meint å leggja oppå barnet når ein heldt det fram til døypefonten. Denne smekka som er 45,5 cm lang og 14/21 cm brei, er kvara (kanta) med to cm blå silke og med sølvband innanfor, som også er lagt i Andreaskors nedover. Dekor av blå, gull og kvite stråperler, samt kvite og grøne perler som formar mønster med Andreaskors/8-bladsroser og doble kors. Oppe er det eit fem cm breitt sølvband. Dåpssmekka er fôra med gulaktig linstoff. Dekoren rommar mykje symbolikk, m.a. Den treeinige Gud og skulle halda vonde makter ute. Fyrste kjende eigar levde på Onarheim frå 1838 - 1922. Les meir om dette spanande plagget på
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kristnebleie_(d%C3%A5pssmekke).
https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Kristnebleie_(d%C3%A5pssmekke).
Abonner på:
Innlegg (Atom)