Denne godt bevarte, handsydde huva skil seg ut frå "normalen" ved at det er svart band på blå huve - på jentehuver (for ugifte kvinner) brukte det vera blå/lilla band. Framstykket er heller ikkje fôra, huva blir såleis meir lapsete. Bakstykket er nesten rundt (31 x 30 cm), framstykket er fasongskore. Fløyel og det gule bomullsfôret er sydd saman med atterstyng, sårkanten er ikkje kasta over. Framme er huva kanta på vranga med skråklyppt brunt dobbelt ullstoff. Svart silkeband på retta. Nede er huva kanta med eit smalt roseband. Løpegang med tynn snor til å knyta i nakken. Fløyelshuver var til stor stas, dette var nok inga kvardagshuve!😊
fredag 2. august 2019
fredag 26. juli 2019
Raudt overliv med kjøpeband
søndag 7. juli 2019
Skjortebryst
Skjortebrystet har dekor av plattsaumbroderi og biser. Det måler 41 x 35 cm. Bakstykket, som skrår mot skulder er 7 cm høgt. Enkel ståande halslinning. To knappar og knyteband nede. Skjortebrystet er maskinsydd og kan vera skreddarsydd eller eit kjøpeplagg. Mennene tok tidlegare etter bymoten enn kvinnene og dette er nok eit slikt moteplagg. 😊
Ermelaus laskatrøye
Svært fint handsauma laskatrøye av svart ullstoff og fôra med lysgult og ubleika lin/lerret. Trøya har to laskar (kilar) på kvar side av ryggstykket, desse er fint boga nede. Sårkantar på stoff og fôr er kasta saman og fôret er staffert til nede. Trøya er 51 cm lang midt bak, laskane er 20-22 cm lange. Det er merke langs framkantar og hals av blå tråd etter band som truleg er spretta av. Det er ikkje merke etter band rundt armhola, dette bekreftar at trøya truleg har hatt armar. Stoff, og ikkje minst fôrstoffet er godt utnytta, med mange skøyter, særleg på laskane.😊
tirsdag 2. juli 2019
Overliv med vevde band
Flott handsydd overliv av raudt ullstoff. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggen blir berre 10 cm brei nede, dette er typisk snitt for overliv mot slutten av 1800-talet. Tre cm breie grindvevde band i blått, raudt og blågrønt på svart botn. Under armane manglar nokre cm med band, dette var vanleg på gamle overliv. Overlivet er utan fôr, men har raudruta bomullskvaring på vranga. Saumane er fint bretta til begge sider og kasta ned. I livet er det merke etter tre par hekter/maljer. Det er uvisst om det har vore valk eller fald nede. Alt i alt; eit typisk overliv før "nasjonalen" tok over som vanleg bunad.😊
tirsdag 25. juni 2019
Bringeklut med stråperler og rutete sidefelt
Denne flotte bringekluten har silkeband øverst med ein sølvblonde utanpå. Midtfeltet i raudt ullstoff på ca 15 x 15 cm har dekor av perler som dannar eit Andreaskors og gresk kors av fem åttebladsroser. Det er nytta kvite, blå og gull stråperler, samt perler i kvitt, blått, gult og store perler i "sølv". Rutete sidefelt - og kan det vera ein rest av gyldenlær som er brukt under det raude feltet? Bakstykke av stripete bomullsstoff med blomar. Bringekluten måler ca 26,5 x 23 cm. Den fine monteringa er truleg gjort for hand. Fyrste kjende eigar var fødd i 1873, men bringekluten kan vera eldre.😊
tirsdag 8. januar 2019
Interessant bringeklut
Bringekluten som måler om lag 28 x 28 cm har dekor av broderi med perler og ullgarn på stramei 13,5 x 13,5 cm. Motiv er m.a. eit stort Andeaskors i midten og fire små kors rundt, samt fire kruner brodert med svart, lilla og gammalrosa garn. Sidefelt av raudrosa bomullsstoff med motiv av blomar og tre, samt eit småmønstra stoff nedanfor broderiet. Kvite perletaggar og mønstra silkeband øverst. Sidefelta kan evt vera sydd på med maskin, elles ingen synlege maskinsaumar. Eg vil tidfesta bringekluten til siste del av 1800-talet, i alle fall til etter 1870 sidan det er brodert på stramei. Kan krunene ha noko med norskdomsrørsla å gjera? Den interessante bringekluten vart funnen i 1987 i huset vårt på Breidablikk, som var bygd i 1907. Eg har ikkje sett liknande bringeklut frå Tysnes, kan den ha kome frå Sogn med fyrste eigar av huset, Anna Gjerstad?
Fôret er brunt m/lilla mønster
fredag 2. november 2018
Raud og grøn trøye
Eldre handsydd trøye, bolen er i grønt brokadestoff. Det kan verka som ermane (av grovvevd ullstoff i lerretsbinding) kan vera sydde på seinare, men truleg har trøya alltid vore slik. Trøya har valk (som stakken skulle henga på). Linfôr i livet, ermane er utan fôr. Både trøye og fôr er sett saman av fleire mindre stykke. Ermesplitt er fôra med stripete bomullsstoff, kvaringar (kantar) av blå silke. Elles er trøya kanta med kjøpeband. Høgde midt bak er 32 cm og armlengde 60 cm. Eit spesielt plagg som truleg er frå før 1850. Funne under renovering av eit gammalt hus.
Stripete understakk
Denne stripete understakken i kraftig bomullstoff vart også funnen i ein vegg på løa som vart flytta til Grimsland om lag 1895 og har såleis vore nytta som isolasjonsmateriale. Ein del av stoffet er smuldra vekk, men det er nok att til å sjå at dette i si tid har vore eit flott plagg! Stakken er maskinsydd av to stoffbreidder og er 87 cm høg og 246 cm vid og med ein 20 cm lang splitt i eine saumen. Vidda til livet er teke inn med 11 djupe legg, til 68 cm. Linning av gråmønstra stoff. Nederst 3,5 cm skoning av stakkastoffet, samt band av ei stripe av stoffet 8,5 cm frå nedre kant.
Raud understakk med trykt mønster
Nydeleg understakk i raud flanell med trykt mønster som peiker bakover mot tidleg på 1800-talet, men skjørtet er maskinsydd og må difor vera frå etter 1860-70 åra. Det var nok ikkje uvanleg at ein hadde stoff liggjande lenge. Stakken er sydd av eit stoffstykke, 80 cm høgt og 180 cm langt, med ein 21 cm lang splitt/opning i saumen. Vidda til livet er teke inn med ca 4 cm djupe legg. Linning av blått tynt stoff. Nederst ein skoning av kypertvevt bomullsstoff.
Understakken vart funnen i ein gammal vegg på ei løe som vart flytta til Grimsland i Lunde om lag 1895 og har såleis vore nytta som isolasjonsmateriale. Kan det ha vore ei krevande svigermor sin stakk sidan eit så flott plagg har hamna i løeveggen?
lørdag 20. oktober 2018
Gull frå gamle vegger!
Delar av ei gammal laskatrøye som vart funnen i ein husvegg under restaurering av eit gammalt tun i Lunde. Trøya har såleis vore nytta som isolasjonsmateriale. Sjølv om laskane (kilane) nede og mykje av trøya er smuldra vekk, er det nok att til å sjå at dette har vore ei staseleg laskatrøye! Slike trøyer vart gjerne brukt med halvskjorter eller såkalla lygar inni. Eine ermet er delvis bevart og her kan ein sjå ein fint innsett kile og den fine monteringa av bandet ved handlinninga. Trøya er handsydd med mørk lintråd med atterstyng, saumane er lagt ned og kasta over. Trøya er utan fôr, men med klassiske belegg av småmønstrete bomullsstoff langs framkanten og framme på armane. Det er same type fløyelsband med rosemønster både langs hals og framkantar som på armane, på mange trøyer er det forskjellige band her. Men kan henda har handelsmannen hatt ein stor rull med slike band på lager! Desse banda fortel at trøya er frå tidlegast 1850-åra. Det ville vore kjekt om det dukkar opp fleire slike skattar i gamle husvegger, dette er tekstilar som kan gje oss viktig informasjon om klede langt tilbake!!
Tysneskoner i laskatrøye og svarthuve
tirsdag 16. oktober 2018
Krage for barn
Slike kragar vart gjerne brukt over kjole som vart nytta av både gutar og jenter opp til eittårsalder, dette kan ein sjå på foto frå kring 1900. Denne maskinsydde kragen i engelsk blonde er 19 cm brei og 23 cm høg. Kragen er sett saman av ein hovuddel med blondekappe rundt, som er sydd glatt til hovudstykket, med fine legg rundt dei avrunda hjørna. Alt er sydd av engelsk blonde. Seperat bakstykke i dobbelt vrengsydd flanell. Lukka i nakken med hempe og knapp.
fredag 12. oktober 2018
Raud dåpshuve
Nydeleg raud barnehuve med dekor av perlebrodert 8-bladsrose på toppen, omkransa av små perla rosettar. På kvar side av huva er det perla Andreaskors og midt bak Andreaskors i ein firkant. Saumane er dekka av metallband samt ein metallknipling framme. Huva er kanta med 1,5 cm breie grøne zic zac silkeband og er fint sauma for hand med lintråd. Dette er ei svært gammal huve. Både dekor og montering er nøyaktig utført. Delane er fôra kvar for seg og saumane er bretta til kvar side og sydd ned med kastestyng. Perlebroderia er sydd gjennom fôret av tynt linstoff.
torsdag 6. september 2018
Klassisk bringeklut med bord oppe
Denne bringekluten er truleg frå siste 10 år av 1800-talet. Dette ser ein fordi bringekluten er lang (vart brukt til overliv som var lengre enn tidlegare), har broderi med perler og garn på stramei (strameien kom hit kring 1870) og har asymmetrisk bladmønster, som kom med tyske mønsterbøker på denne tida. Det er brodert med halve korsstyng i flaskegrønt som dannar bakgrunn for blad med kvite, raude, svarte og gul(l)perler. Perleborder oppe og nede med kvite taggar. Øvst er bringekluten kvara med raud silke. Svart ullfelt i midten. Bomullsstoff med trykt bladmotiv på sidestykka. Fôr av kraftig grårutete stoff som også dannar ein kant på framsida. - Klassisk bringeklut frå slutten av folkedraktperioden på Tysnes. Men ingen slike bringeklutar er likevel heilt like!
tirsdag 14. august 2018
Bringeklut type Hardanger
Tek med denne flotte bringekluten, som kan vera frå Hardanger eller ha sitt opphav på Tysnes, der Hardangerbunaden - eller "Nasjonalen" er blitt mykje brukt. Dekor er stråperler og perler sydd på raudt ullstoff. Fire 8-bladsroser omkransar eit stort Andreaskors. Svart fløyel i overkant med ei rad typiske perlemotiv. Fôr og sidefelt av kvitt bomullsstoff, sydd på med maskin. Dette er ein nyare monteringsmåte som ikkje vart brukt i folkedraktene.
Abonner på:
Innlegg (Atom)