søndag 24. mai 2020

Velbrukt gammal bringeklut!


Dette har nok vore ein staseleg bringeklut til den gamle draktskikken med korte overliv, rundt 1850 eller før. Dessverre er den blitt mykje øydelagt, truleg av små gnagarar. Bringekluten har perlenett i kvitt, svart, grønt og oker og er montert på eit raudt plysjliknande stoff. Motiv er ei stor åttebladsrose inni ein rombe av kvite perler, svarte ytterst. Restar etter ein to cm brei blomstrete kvaring. Mellom kvaring og perlenett er det ein gull- eller sølvknipling. Bringekluten måler ca 27,5 x 22 cm og er montert for hand på ullstoff med mørkeblå striper. Det stripete ullstoffet kan vera same type stoff som tidlegare vart brukt i arbeidsklede i Holland, det kan tyda på import av stoffet.  Uansett må denne bringeklutan vera svært gammal.











fredag 15. mai 2020

Langt overliv med ringar til snøring



Typisk langt koneoverliv frå slutten av 1800-talet, men med tre par ringar til snøring. Slike ringar var mest brukt på tidlegare korte overliv. Stoff er tynt ullstoff/klede. Fôr (av ubleika lerret) og liv er sydd saman i lag med maskin på skuldrar og i ryggen. Fôret er bretta over på retta nede. Vidde rundt livet er 65 cm, rygghøgde er 39 cm. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggbreidda nede berre er 9 cm. Lukka med hekte/malje i livet. Overlivet er kanta med svarte band med rosemønster og smale metallband. Smale band under ermane og nede framme. Dette var ikkje berre for å spara på dei breie banda, men også mote.





søndag 10. mai 2020

Grønt overliv med perlerad



Dette grøne konelivet er typisk frå siste del av folkedraktperioden på slutten av 1800-talet, før kjolemote og "nasjonalen" tok over. Overlivet har ein liten valk av brunruta bomullsstoff, dette er ein rest etter store valkar som vart brukt på korte overliv til omlag midt på 1800-talet. Fôr av lysbrunt, glansa bomullsstoff. Fôr og liv sydd er saman kvar for seg, truleg med maskin. Raudruta skoning langs delar av hals/framme. Vidde rundt livet er 69 cm, rygghøgde er 37 cm. hø rygg 37 cm. Lukka med tre par hekter/maljer i livet. Sidesaumane er trekt bakover slik at ryggbreidda i livet berre er 10 cm. Overlivet er kanta med svarte silkeband med rosemønster og taggerad av kvite perler innanfor. Forseggjort overliv med fin handsaum av band og perlerad.




fredag 1. mai 2020

Bringeklut brodert på lin



Denne klassiske bringekluten måler 26 cm x  27 cm. Dekor av ullbroderi: Smøyg på lin i fargane raudt, grønt, blått og lilla. Geometriske former. Kvite korssting som dannar mange små krossar. Også kvite korssting rundt dei tre rombene med blå Andreaskors av korssting og gyldne perler inni. Kvit perlerad mot det svarte midtfeltet. Raudrosa mønstrete sidefelt som går litt over på baksida. Øverst er det eit svart fløyelsband med rosemønster. Ein fin detalj er ein liten småblomstra kvaring øvst bak på bringekluten. Bakstykke av brunt bomullsstoff i fiskebeinsmønster med striper. Bringekluten kan vera montert for hand. At det også er brodert på lin og ikkje stramei (som kom rundt 1870) kan tyda på at dette er ein tidleg bringeklut med bord oppe.

Detalj av bord oppe

Det er ein saum eller reparasjon midt på det stripete bakstykket 

søndag 26. april 2020

Brudgomssokkar frå 1860


Desse flotte herresokkkane er strikka i tynt ullgarn. Øverst har sokkane eit glattstrikka felt i lysgrått, deretter striper i blått og brunt. Hæl og tå er igjen einsfarga grå. Dette skal vera brudgomssokkar frå 1860, truleg frå Onarheim. At dei er lite brukt og tekne godt vare på kan også tyda på høgtidsbruk.


mandag 20. april 2020

Tysneshuve for ugift kvinne


Huva er av svart ullstoff. Eit lilla silkeband langs andletopninga markerer at dette er ei huve for ugift kvinne. Truleg har det også høyrt eit langt lilla silkeband til huva, dette vart lagt over framkanten og knytt i nakken. Også små knyteband bak for å regulera vidda. Den kvite kanten langs framkanten (som kunne takast av og vaskast) skal ikkje ha vore brukt til kvardags, berre til best. Fôr av naturfarga lin eller bomull. Tysneshuva vart også kalla lurahuve.



onsdag 15. april 2020

Bringeklut med stråperlebord


Nydeleg bringeklut med perlebroderi på raudt ullstoff: Kvite og blå stråperler, store gullperler og kvite, blå og oker perler. Motiv er åttebladsroser og greske kors. Øverst har bringekluten eit svart fløyelsband med rosemotiv (som ein finn att på mange bringeklutar) med ein gullknipling over. Sjeldant midtfelt av svartbrun fløyel med diagonale ruter. Bringekluten måler 24,5 x 24,5 cm, det raude feltet er sju cm høgt. Lilla stripete og blårutete sidekantar, det blårutete held fram på halve bakstykket. Resten av bakstykket er eit mørkt stoff med mønster i. Bringekluten har innlegg av papp under perlebroderiet og er montert for hand.


Detalj av perlebrodert bord

Det er brukt to ulike stoff til baksidestoff

søndag 12. april 2020

Vove band


Fint vove band som kan ha vore del av ei stakkalinning. Mål: 32 x 3,6 cm. Det er vevd med rustraudt, blågrønt, svart og okergult tynt ullgarn, samt ubleika bomullsgarn eller hamp langs kanten. Motiv er Andreaskors og romber - det ein også kallar "kross og kringle". Bandet eller linninga ser brukt ut, det kan tyda på at det er spretta av eit plagg som kan ha blitt brukt til andre formål. 



søndag 5. april 2020

Stakkalinning


Linninga er 3,7 cm brei og 67 cm lang og har eit endestykke på 5 cm, dette kan vera sett på seinare.  Det er vove med svart, blått og raudt tynt ullgarn, samt ein kant av brunt (truleg) bommullsgarn og ei gul rand. Motiv er Andreaskors og romber. Linninga ser brukt ut (men ikkje slitt) og  kan vera spretta av ein stakk som kan ha blitt brukt til andre formål eller omsaum. Vevd linning var, i tillegg til å ha den funksjonen å halda stakken saman, også eit dekorativt element på drakta. Truleg vart det ikkje brukt forkle kombinert med slik stakkalinning.



søndag 29. mars 2020

Særprega gammal bringeklut


Denne bringekluten er truleg svært gammal, kan ha vore brukt til korte overliv rundt 1850 - eller kan henda før? Perlebroderi  med svarte, grøn/brune og lyse perler på raudt tosklaft ullstoff. Hovudmotiv er åttebladsroser og romber. Bringekluten er montert for hand på eit lyst grovvevd linstoff som er falda langs kanten, dette stoffet dannar dermed også fôret. Øverst har bringekluten ein gul silkekant, dette peiker også bakover i tid. Til bringekluten er det festa ein gammal lapp med skrift som er vanskeleg å lesa. Eigar: Bergen Museum. Foto: Britt K Rage.



søndag 22. mars 2020

Bringeklut med stråperler



Denne typen bringeklut, som det er registrert fleire av, kan ha kome frå Ølve eller Jondal og såleis ha vore brukt til Hardangerbunad. Bringekluten måler ca 27 x 25 cm og er montert for hand og det verkar som den er stiva opp med papir. Midtfeltet av raudt ullstoff på 15 x 16,5 cm har ei stor åttebladrose av blå og kvite stråperler. Mindre åttebladsroser av gyldne og mjølkekvite stråperler, supplert med større blanke perler og mindre kvite, bondeblå og okergule perler. Øverst ein 3,5 cm høg svart fløyelskant, samt eit sølvband på det raude feltet. Beige sidefelt av bommullsstoff med mønster av små raude firkantar. Bakstykket av brunt bommullsstoff viser framme, falden er fint sydd til for hand.



tirsdag 17. mars 2020

Påkosta og arbeidskrevande bringeklut.



Stor, påkosta og arbeidskrevande bringeklut som truleg har vore brukt til Hardangerbunad eller "nasjonalen". Den er montert delvis med maskin og er truleg frå tiåra rundt 1900. Bringekluten måler ca 27 x  33,5/32 cm og har blårutete bommullsstoff som sidefelt og bakstykke. Feltet av raudt ullstoff på 16 x 19,5/17 cm har perlebroderi av gyldne stråperler og veldig mange småperler i kvitt, grønt, oker og svart, tredd inn på tråder. Mønster er ei heil og to halve åttebladsroser, romber og kors. Øverst svart fløyelskvaring 6 cm høg, dessutan  kvite perletaggar og kors, samt stråperler.



søndag 15. mars 2020

Klassisk "nasjonalliv"



Overlivet er sydd for maskin og hand i tynt ullstoff. Skulder - og sidesaumar er trekt bakover. Kanta med to cm breitt rosemønstra silkeband langs armhol, hals og framme. Ein cm breie metallband innanfor, desse går ikkje heilt saman under ermane, slik ein også ser på dei eldre, korte overliva. Høgde midt bak er 41 cm. Ryggen smalnar inn nede til 16 cm. Eit firkanta ullstoff  på 2,5 x 2,5 cm på ryggsaum inni livet,kan ha vore ei forsterking. Ubleika lerret til fôr. To par hekter/maljer i livet og to på ryggen, til å hekta stakken på. Typisk overliv som har vore brukt til "Nasjonalen", men likevel med sitt særpreg!


søndag 8. mars 2020

Flott bringeklut med perlenett



Hovuddekor er eit 11 x 11 cm perlenett med stor åttebladsrose av kvite, gull og grøne perler montert på raudt ullstoff. Eit svart bomullsband med rosemønster øverst. Raudmønstra sidefelt og rosa bomullsstoff med små blomar nedanfor perlenettet. Bringekluten har fôr av lysebrunt bomullsstoff og er montert for hand. Montering av fôret verkar sekundært, det same gjeld bandet øverst. Denne bringekluten kan eventuelt ha kome til Tysnes frå Osterøy, slike lange broderte bringeklutar skal vera typisk for Nordhordland.



søndag 1. mars 2020

Belte eller sele?



Umontert sele (evt. belte men noko kort til det) i toskaft raudt ullstoff. Stoffet måler 63 x 7 cm og det er kasta over med kvitt garn. Broderiet måler 53 x 5 cm. Det er brodert med tynt garn (truleg ullgarn) i fargane kvitt, lilla, grønt og gult. Teknikk er korsstyng og holbeinstyng, samt stilkestyng langs kanten Rapportar med fem åtte-bladsstjerner og fire romber med små åttebladsstjerner inni. Ein flott plaggdel som aldri kom i bruk!