Bringekluten har eit perlebrodert hjarta på ca. 12 x 12 cm av gyldne stråperler, innramma av kvite perlelisser. Inni hjartet er det ei åttebladsrose, to greske kors, samt små korsformer. Hjartet er perla på eit raudt ullstoff ca. 16 x 16 cm. Kvarde av eit 2 cm breitt blomstrete band og 0.7 cm breitt metallband. Breidde øvst 29 cm, nedst 27 cm, høgde 23 cm. Bakstykke av ubleika lerretsvove bomull. Montert med maskin. Hjartebringeklutar vart vanleg frå midt på 1800-talet, og vart også mykje brukt til "Nasjonalen" frå kring 1900. Denne bringekluten er truleg frå langt utpå 1900-talet. Det spesielle er at også sidefelta er i ullstoff.
mandag 9. desember 2024
søndag 1. desember 2024
Burgunderraudt fløyelsoverliv
Overlivet i burgunder fløyel har brei rygg med ein liten kile midt bak. Kanta med 2 cm breitt svart fløyelsband med rosemønster og 0,7 cm breie metallband. Saumane er bretta til sides. Skuldersaumar er lagt ned for hand, sidesaumar er bretta inn og sydd med maskin. Banda er sydde på for hand. Den vesle kilen midt bak gjev overlivet ei god form. Ein ekstra detalj er at det er laga eit lite hakk i sidesaumane, på høgde med kilen bak. Mål: Rygghøgde 37 cm, skulderbreidde 10 cm, høgde i sida 20 cm, høgde midt framme 27,5 cm, vidde liv ca. 68 cm. Fôr av ubleika lerretsvove bomullsstoff. Lukka med tre par hekter og maljer i livet. Overlivet er svært fint utført.
lørdag 9. november 2024
Bringeklut med bladmønster
Perle- og ullgarnsbroderi. Brodert bord på stramei 14,5 x 5,5 cm. Grønt ullgarn med leggjesaum i botnen og bladmønster av gjennomskinlege, brune, kvite og gyldne perler. Det er sydd frå kortsida. Slike bladmønster vart vanleg på bringeklutar og belte frå slutten av 1800- talet, då den gamle draktskikken heldt på å gå ut. Rader av kvite og gyldne perler øvst og nedst på borda. Ca. 3 cm brei fløyelskvarde. Midtfet av svart fløyel ca. 14 x 17 cm. Bakstykke av rutevove bomullsstoff. Sidefelt av svart bomullsstoff med trykte raude roser. Breidde ca. 27cm, høgde ca. 32 cm. Truleg montert for hand.
lørdag 26. oktober 2024
Applikert og perla belte
fredag 11. oktober 2024
lørdag 28. september 2024
Bringeklut med stor åttebladsstjerne
Stor åttebladstjerne av perlenett av kvite, blå og gule perler. Rundt perlenettet er det sydd på små Andreaskors og eit dobbelt kors nedst. Det raude ullstoffet på 13 x 18 cm som perlenettet er festa på er sett saman av to ulike stoff. Øvst ein 2 cm brei kvarde av svart fløyelsband med rosemønster, delvis dekt av ein vifteforma sølvknipling 3 cm brei. Dei rutete sidefelta går over i ein kant på baksidestoffet av ubleika lerret. Bokstavane står for Olina Torgeirsdtr. Gjersvik (1859-1950). Bringekluten måler ca. 25 x 25 cm og er montert for hand.
Lita treblads barnehuve i tynt bomullsstoff med stripemønster i stoffet. Sidestykke på ca. 7,5 x 9 cm. Midtfeltet måler bak 2,5 cm og aukar til 5,5 cm framme. Hekla blonde i samanføyingane. Framme ein foldelagt hekla blonde ca. 25 cm lang og 1,7 cm brei. Stoffet er bretta inn 1,5 cm bak blonden, som eit belegg. Knyteband i bomull. Alt handsydd med smale saumar. Etter Indine Agathe Størksdtr. Ersvær f. 1885.
onsdag 4. september 2024
To grindvovne band
To rullar med grindvovne plukka band, det slitte/mørke med raud-brun botn og blå og gule kantar er 2,5 cm breitt. Det raude bandet med blått og gult på kantane er 2,3 cm + frynser 5 cm. Begge har same gjentakande mønster av Andreaskors og romber, tilnærma XOX eller "kross og kringle". Begge i lin og ull i renning og innslag. Det raude bandet er nokså identisk med Fatleband frå Flesland, Bergen, jfr s 76-77 i "Vestlandsbånd" (Smøyg forlag 2022). Sjå bilete av det gamle bandet nedst, fotografert på boksida. Banda er etter (Indine) Agathe Størksdtr. Ersvær (1885-1977) g. 1911 med Lars Olai Larsson Hjelland (1885-1974). Det er uvisst kva desse banda på 2-3 meter har vore brukt til, kan henda har dei vore reiveband for små born?
![]() |
Det gamle bandet til venstre. |
torsdag 22. august 2024
Bringeklut med klostersaum og silkekvarde
lørdag 27. juli 2024
Halvskjorte med kvitsaumbroderi og blonde
Halvskjorte i bomull med kvitsaumbroderi. Halvskjorta vart også kalla lygar og består av to framstykke på 33 x14,5 cm og eit langt rektanglært bakstykke på 112 x 15 cm med saum midt bak. Smale faldar, jare nedst. Striperynka i halsen med tre parallelle trådar. Krage på 33 x 5 cm, overbrodert med åttebladroser og Andreaskors. Øvst på kragen ein bølgjeforma blonde, kan vera kjøpt. Smal brodert list på 2 x 13 cm med små åttebladroser på framstykka. I halsen knapp og knapphol, samt knapp og hempe på vranga. Halvskjorter vart brukt særleg under ermetrøyer og gjerne i kombinasjon med kvite lause mansjettar.
søndag 7. juli 2024
Blomstrete bomullsforkle
Nydeleg forkle av tynt bomullsstoff: Rosemønster inndelt av striper med 12 heile og 2 halve rapportar à 5 og 4,5 cm. Heil høgd er 84 cm, breidde nedst 62 cm. Glatt parti midt framme på 14,5 cm med seks folder opptil ein cm breie på kvar side, foldene vender bort frå midten. Linning av rosamønstrete bomull, ein cm brei og 25 cm lang som går ut i ein avkutta tamp på høgre sidea på 13,5 cm. Linninga er sydd fast med attersting og så bretta over til baksida og sydd fast med små sting. Jare i kvar side. Den smale falden nedst er også sydd for hand.
søndag 23. juni 2024
Dåpshuve, truleg til gut
Tre-blads dåpshuve av raudt ullstoff kanta med svart fløyel og metallband. Framme ei åttebladrose av stråperler som strekkjer seg ut i ein Andreaskors. Åttebladroser på kvar side også. Saumane er dekka av ei remse perlenett av blå og kvite perler, ein del perler har falle av. Sidestykka måler ca. 10 x 10 cm. Framme er midstykket 9 cm breitt. Huva har fôr av gyldent stoff, truleg lin og har knyteband av silke. Dåpshuvene til gutar skal ha vore raude, medan jentehuvene var blå eller helst grøne.
søndag 9. juni 2024
Jaquardvove silkeforkle
mandag 27. mai 2024
Vove perlebelte
tirsdag 14. mai 2024
Fangband
Fangband med perlenett på raud ulldamask med gjentakande rapportar av kvitperla Ave Verum monogram som deler opp underlaget, fylt ut med oker og grøne perler som dannar små ruter og kors. Kanta med 7 mm blå silketaft, dekka av smal gull-lan på tre sider, samt kors av metallvove sølvband i den boga enden. 2,5 cm silke og sølvknipling i andre enden. Bakstykke av gult glansa bomullstoff med pappinnlegg. Fangbandet måler 7,5 x 75,5 cm. Fangbandet er gammalt og det er ikkje kjent kor mykje slike har vore brukt på Tysnes.